Viser innlegg med etiketten duetrost. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten duetrost. Vis alle innlegg

mandag 28. mars 2011

Voksa 28.03.11

I dag var det ikkje mykje å sjå på Sandsøya, men på Voksa derimot....

Det beste frå Voksa i dag var mi første tundragås (ua. albifrons) sidan 2009, og ikkje minst våren/seinvinterens 3. duetrost på øyane.

Her er litt fyldigare oversikt over det som vart sett.
Snøspurv 3 (Voksevegen)
dvergdykkar 1-2 (Voksevegen)
grågjess 60+ rastande + 2 flokkar overflyg. på ca. 30 ind. i kvar flokk (Voksa)
kortnebbgås 2 (Voksa)
lappspurv 4-5 (Voksa)
sanglerke 11-24 (Voksa)
vipe 2 (Voksa)


Her er nokre av dagens bilder.
Snøspurv M
Snøspurv M
Tundragås ua. albifrons 2K med grågås t.h.
Duetrost i lag med gråtrostar
Gråtrost

tirsdag 22. mars 2011

Sandsøya/Voksa 17-22.03.11

Den siste veka har det vorte få timar i "felten"! Dette pga. at det er lite fugl å sjå samt det dårlege veiret som vi har hatt den siste tida. Då er det ikkje lett å motivere seg til å kome seg ut skåde....

Men nokre få turar ut har det vorte. Det beste frå den siste veka er faktisk frå i dag. Nemleg årets, og øyane sin 2. duetrost. Denne gongen ikkje på Sandsøya, men på Voksa. Ellers så vart totalen på dykkarane/lommane telt. Det reulterte i eit svært lågt antall. Nemleg berre 2 horndykkarar og 2 gråstrupedykkarar, og ikkje ein einaste islom.


Her er eit dokumentasjonsbilde av Voksa sin første sikre duetrost!
Duetrost, Voksa


Aldersbestemming av stormåsar
Sidan eg starta for 5 år sidan å sjå nøye over måsane har eg lært ufattleg mykje. Og det viktigaste er å aldersbestemme måsane. For når ein skal skille dei forskjellige artane er det forskjelliga kjenneteikn ein må sjå etter i kvar aldersklasse.

Her er nokre bilder av gråmåsar i forskjellige aldrar. Hos gråmåsane er det fire aldersklasser. Då dei ofte har fullt adult drakt etter nesten 4 år. Men her er det veldig stor variasjon.....

Gråmåse 2K (1.vinter)
Gråmåse 2K (1.vinter)
Gråmåse 3K (2.vinter)
Det som skiller denne frå 2K fuglane over er nye grå skapulærfjører
 i tillegg til at den har starta å få lys iris. Lys iris
frå dei først etter ca. 10 månadar!
Gråmåse 3K (2.vinter)
Denne har mytt til enda fleire grå fjør på mantel og skapulærar!
Gråmåse 4K (3.vinter)
Denne har i motsetning til dei to 3K-fuglane over ikkje berre mytt til
grå mantel og skapulærar, men også mytt fleire armdekkarar. Den har også
tydelige kvite tuppar på håndsvingfjørene!
Gråmåse adult (5k+/4 vinter eller eldre)

onsdag 9. mars 2011

Duetrost fortsatt, Sandsøya 09.03.11

I dag satt den plutselig der igjen! Nemleg duetrosten. Dette er heilt sikkert den same som vart sett den 28.februar, i og med at den holdt til på nesten eksakt same plassen.

Her nokre bilder av trosten.
Duetrost
Duetrost
Duetrost

Vipe og tjeld m.m
Her er nokre andre observasjonar som vart gjort i dag.
Dvergdykkar 2
Sangsvane 11 (3 2K) (Vågen, Sandsøya)
Gravand 16+ (Storeviksa, Sandsøya)
Svartand 3 F-farga (Voksevegen)
Grågås 15 (Voksa)
Tjeld 11+ (Sandsøya/Voksa)
Vipe 3 (Voksa)

mandag 28. februar 2011

Duetrost, Sandsøya 28.02.11

I dag vart det sett ein duetrost på Sandsøya. Dette var det første sikre funnet av arten på Sandsøya og Voksa, og dermed vart dette min art nr.199 på øyane! Eg hadde muligens ein duetrost på Voksa tilbake i 2004, men observasjonen var svært dårleg og dermed så trakk eg den tilbake i ettertid.

Vårteikn
Ellers så holdt fortsatt 3 gravender stand i Storevika naturreservat på Sandsøya, og ei flokk på ca. 20 viper vart sett på Voksa.

Her er eit dokumentasjonsbilde av min art nr.199 på øyane, nemleg duetrosten.
duetrost