onsdag 13. desember 2017

10-års jubileum...

I 2007 starta eg for første gong å sjå nærmare på måsane, som vi til tider har rikelig av, her eg bur på Sandsøya heilt sør i Møre og Romsdal, nokre få kilometer frå fylkesgrensa til Sogn og fjordane. På hamna på Sandshamn, aust på Sandsøya, har eg brukt utallige timar og "sett gjennom" tusenvis av måsar desse åra, på leiting etter raritetar. Då eg starta med måseskoding tilbake i 2007, var det for eksempel verken sett kaspi- eller gulbeinmåsar her i fylket. Dette var to sørlige artar som det på det tidspunktet ikkje var alt for mange titals funn av i Norge. Dette var virkelig to artar eg hadde lyst til å sjå på mi lokale hamn...

Sandshamn, Sandsøya

Måseskoding er langt frå rett fram. I 2007 hadde eg lenge vurdert å starte og sjå på måsar. Problemet var, kor skulle eg starte. Måsar, og særlig stormåsar (fellesbetegnelse på store måsar som feks. gråmåse, svartbak, sildemåse osv.) er komplekse saker. Desse artane er veldig like, og det er snakk om ørsmå fjørdetaljar og litt forskjell i proporsjonar og kroppsform, som skiller dei. Skal ein artsbestemme dei rett er det også ein fordel å kunne aldersbestemme dei nokolunde korrekt. Når det tek fleire år før dei er utfarga, og dei kan sjå veldig like ut i dei forskjellige aldersklassene, så seier det seg sjølv at det nødvendigvis ikkje er veldig enkelt. Eit døme kan vere at ein gråmåse i si andre drakt overfladisk kan sjå veldig lik ut som det ein kaspimåse vil sjå ut i si første drakt. Aldersbestemmer ein då gråmåsen feil, og antek at det er ein 1. vinter fugl, så kan ein fort gjere feil og artsbestemme den til ein kaspimåse. Dette er satt litt på spissen, men dykk forstår nok kva eg meiner. Og akkurat slike dilemma kjem ein over mang ein gong innanfor dette "gamet".

Den 3. februar i 2007 tok eg endelig mot til meg og bestemte meg for at no måtte eg berre hoppe i det. Dagen før hadde nemlig kompisen min, Ståle Sætre frå Lauvstad, vore ein tur på Sandsøya. Der hadde han observert både polar- og grønlandsmåsar. Dette er to arktiske artar som overvintrar i moderate antall langs Norskekysten. Etter at eg sykla til hamna tok det ikkje meir enn 5-10 minutt før eg såg min første kvite måse, dette i form av ein 1. vinter grønlandsmåse. I løpet av mi første økt fikk eg sett fleire grønlandsmåsar, og også minst eit par polarmåsar. Og med ein slik start måtte eg jo sjølvsagt bli hekta!

2017, den beste sesongen så langt
No i 2017, eksakt 10 år seinare, har eg vore så heldig å få sett fleire godbitar. Og det viste seg også at 2017 skulle bli det beste året for spennande måsefunn så langt. Det var bra med både polar- og grønlandsmåsar å sjå, samtidig som at det dukka fleire kaspimåsar, og også ein gulbeinmåse. Ingen av dei 10 åra i forvegen har kunne oppvise slike resultat.


Kaspimåse 5k+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 10. februar 2017:
Den første av i alt 3(!) kaspimåsar innomt på Sandshamn i 2017 dukka opp den 10. februar. Dette var ein adult fugl. Dette blei den andre utfarga fuglen eg har sett av arten her på Sandsøya. Den første vart sett tilbake i februar 2013.

Legg merke til oppreist kroppsholdning, hengebuken, ganske lange bein, lange vinger, lite hovud med eit lite mørk auge, og eit langt smalt nebb utan utprega gonysvinkel. Alle desse subtile karakterane utgjer det klassiske kaspimåse-jizzet. Legg ein då også til grunn den klassiske vingeteikninga med svart inn t.o.m. P5, altså på dei 6 ytterste handsvingfjørene, med rett mengde svart innover på kvar enkelt fjør, så er dette ein klassisk og fin kaspimåse. 

Kaspimåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 10. februar 2017

kaspimåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 10. februar 2017
Med voksen gråmåse t.h.

Kaspimåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 10. februar 2017

Kaspimåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 10. februar 2017


Kaspimåse 2K (1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2017:
Den andre kaspimåsen, ein 1. vinter fugl, vart sett berre fire dagar etter etter den adulte, den 14. februar. Dette er dei to funna med kortast intervall eg har hatt. Eg såg to kaspimåsar med 8 dagars mellomrom i januar/februar 2010, men desse to kom då dobbelt så raskt. 

Dette er også ein meget klassisk fugl. I og med at dette ikkje er ein utfarga fugl, men ein fugl i sin første vinter, så er det litt andre karakterar ein må sjå etter. Når det gjeld jizzet, altså kroppsform og proporsjonar på fuglen, så er det jo snakk om det same. Igjen har den ei oppreist kroppsholdning, hengebuk, lange vinger, eit lite rundt hovud med eit lite auge, og eit ganske langt nebb utan utprega gonysvinkel. Akkurat slik det skal vere. Det som skiller fuglen frå ein gråmåse er jo sjølvsagt dette jizzet, men ikkje minst draktdetaljane. Dette er detaljar som lyst hovud/hals og lys kroppsunderside, grålige 2. generasjons rygg og skulderdekkarar med klassiske "diamantteikningar", varmt brune armdekkarar med lysare bremteikningar, jamnt mørkt fyll på tertiærar utan teikningar innover på fjørene, ganske smalt avsatt stjertbånd med lyse stjertdekkarar, meget lyse aksillærar og undre armdekkarar, ei ganske mørk indre hand med mørke utfan på dei indre handsvingfjørene, osv. Gråmåsar kan oppvise fleire av desse enkeltkarakterane, så her blir summen av karakterar viktig. Er ein derimot så heldig at ein har alle desse draktkarakterane, samt at jizzet, som skille seg markant frå dei lokale gråmåsane, stemmer, kan ein trygt artsbestemme ein slik fugl til kaspimåse. 

Kaspimåse 2K (1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2017

Kaspimåse 2K (1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2017
Her midt i bildet.

Kaspimåse 2K (1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2017

Kaspimåse 2K (1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2017

Kaspimåse 2K (1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2017

Kaspimåse 2K (1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 14. februar 2017


Kaspimåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. mars 2017:
Den siste av dei tre kaspimåsane eg såg i 2017, vart sett litt under ein månad etter, den 9. mars. Denne fuglen var ein 2. vinter fugl, altså ein fugl som til sommaren ville bli 2 år gammel. 

Denne fuglen som er i si andre drakt, har igjen det same jizzet som dei to føregåande. Alle dei tre fuglane observert i 2017 var høgst trulig hofuglar. Både kroppsstørrelsen, og kraftigheit på hovud, nebb og bein, peikar i den retning. Dette kan komplisere sakene litt. Små og nette hoer stikk seg nemlig ikkje like mykje ut på jizzet som det ein stor hann ville gjort. I forhold til desse mindre fuglane ser ein stor og kraftig hann ofte meir ut som ein karikatur, der alt blir litt overdrive. Slike fuglar vil då vere lettare å plukke ut enn det desse er. 

Ser vi på draktdetaljane på denne måsen, så er det ein fugl som er ganske "avansert", i alle fall i forhold til dei fleste lokale gråmåsar på same alder. Den har mytt inn rikelig med grå 3. generasjons armdekkfjører, samtidig som at hovudet og undersida meir eller mindre er rein kvit. Det er også bra kontrast mellom den lyse bakgrunnsfargen og dei mørke teikningane på 2. generasjons armdekkarar og tertiærar. Vidare så har fuglen veldig lyse aksillærar og undre armdekkarar, samt øvre stjertdekkfjører. Stjertbandet er også fint og smalt. Ser ein så på teikningar på 2.generasjons handsvingfjører, så har den mørkt utfan på dei 8 ytterste fjørene, altså inn t.o.m. P3. Den har også pigmentering på dei to inste fjørene, men det er langt i frå like mykje der. Skulle denne sett 100% klassisk ut, så burde den hatt mørkt utfan også på P1 og P2, samt ha ein kvit "slant" på P10, noko denne ikkje har. Men likevel, alt i alt, er denne fuglen god. Både mangel på kvit slant på P10, samt mangel på mørke utfan på P1 og P2, er relativt vanlig hos kaspimåsar i denne aldersklassa. Og med så mange gode draktkarakterar, og ikkje minst det gode jizzet, så er denne fuglen meir enn god. 

Kaspimåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. mars 2017
Her ca. midt i bildet.

Kaspimåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. mars 2017

Kaspimåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. mars 2017
Her med ein gråmåse t.v.. Legg merke til forskjell i hovud og nebbform, 
samt det generelle jizzet. 

Kaspimåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. mars 2017

Kaspimåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. mars 2017

Kaspimåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. mars 2017
Legg merke til kor mykje meir straumlinjeforma jizzet på 
kaspimåsen er samanlikna med gråmåsane rundt.


Litt statistikk... 
Med årets tre kaspimåsar er totalen min på Sandsøya no oppe i ikkje mindre enn 11 funn. Eg hugsar fortsatt då eg såg min første. Det trur eg nok isolert sett er den største opplevelsen eg har har hatt innanfor fugleskoding. Etter å ha leita gjennom måsar i ca. tre år, var det ufattelig deilig å sjå sin første. Eg var faktisk så høgt oppe at den påfølgande natta sov eg ikkje meir enn 2-3 timar. Etter dette har eg vore så heldig at eg så og seie årlig har fått stifte bekjentskap med arten. 

Her er ei oversikt over antall kaspimåsar per år. 


Dei fleste funna av kaspimåse er gjort på etterjulsvinteren og tidlig vår. 8 av 11, altså 72,7% av funna er gjort under "vinterfisket" f.o.m. januar t.o.m. april. Ellers så er seinhaustes også ei god tid... Med fuglar som sprer seg utover i overvintringsområdet sitt, så er det alltids muligheiter for at enkelte fuglar kjem litt ut av posisjon. Frå oktober og november har eg to funn. 




Gulbeinmåse
Etter at eg såg min og fylkets første gulbeinmåse i september/oktober 2010, har det blitt sett, med årets fugl, ei handfull gulbeinmåsar. Ser ein på dei to sørlige artane, kaspi- og gulbeinmåse, så er gulbeinmåsen soleklart den sjeldnaste av dei to. Den er langt i frå ein årlig gjest. 

Her er ei oversikt over gulbeinmåsefunn fordelt på åra 2007-2017. 


Den beste tida for gulbeinmåsar er på hausten, i september/oktober. 3 av 5 funn er frå desse to månadane. Og sjølvsagt så er der alltids muligheiter når det er tusenvis på tusenvis av måsar i området pga. av vinterfisket i januar-mars (1 funn). Ei anna tid det også er muligheiter for at det dukkar opp gulbeinmåsar, er dei siste dagane av mars, samt i april (1 funn). Det er nemlig i denne perioden sildemåsane har hovudtrekket sitt, på veg til hekkeplassane sine rundt om i landet. Og blant sildemåsane kan det fort følge med ein gulbeinmåse eller to. 



Årets gulbeinmåse vart sett i siste halvdel av april, meir eksakt den 20. april. Dette er ein fugl som fort kan ha ankomt landet i lag med nordtrekkande sildemåsar. Denne gulbeinmåsen var ein adult fugl. Av dei totalt 5 gulbeinmåsane eg har sett i åra 2007-2017, så er 4 av dei adulte eller tilnærma adulte fuglar. (I tillegg til desse har det også blitt sett ein 1. vinter fugl)

Det første ein kan legge merke til ved denne sittande måsen er dei gule beina. I seg sjølv er ikkje dette ein karakter som ekskluderer ein gråmåse, då gråmåsar også kan ha gule bein. Då må ein sjå på dei andre karakterane på fuglen. Det eg snakkar om då er hovud og nebbform, generelt jizz, og sjølvsagt teikningar og fargetonar i fjørdrakta. På denne sittande fuglen kan du legge merke til den elegante kroppsholdninga, samt lange vinger med mykje svart i og med små kvite apikalflekkar (kvite tuppar). Vidare så har den eit kraftig hovud med ei konveks panne og eit kantete bakhovud, og også eit kraftig nebb utan utprega gonysvinkel, med ein butt tupp. Alt dette er "spot on" for gulbeinmåse. Legg ein då også til grunn den mørke mantelfargen, som er hakket mørkare enn gråmåsane, så har ein fått kryssa av dei fleste karakterane ein vil ha hos ein gulbeinmåse. Stemmer i tillegg då vingeteikningane (med svart på minst dei 6 ytterste handsvingfjørene (P10-P5), mykje svart innover på kvar enkelt fjør både på over og underside av fjøra, og rett fordeling av kvitt og svart på P9-P10) når ein får sett fuglen i flukt, slik som på denne, er all tvil feid til side. Du har funne deg ein gulbeinmåse!

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017
Her med ein gråmåse og svartbak t.h.. Legg merke til den mørke mantelfargen
samanlikna med gråmåsen. 

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017

Gulbeinmåse 5K+ (4. vinter eller eldre), Sandshamn, Sandsøya 20. april 2017


Nordligaste funn av kaspi- og gulbeinmåse
I 2017 vart det i tillegg til dei kaspimåsane eg såg på Sandshamn, sett ein kaspimåse på Blimsanden, Vigra, samt ein i Vegsund, dette i henholdsvis Giske og Sula kommune. Fuglen på Vigra blei også det nordligaste funnet av arten i Norge. Eg hadde opprinnelig det nordligaste funnet av arten her til lands. Dette rauk då, dessverre for min del, i februar 2014, då ein av kompisane mine, Sindre Molværsmyr, var på vinterferie her på Sunnmøre, og fann seg ein kaspimåse i Makkevika på Giske. Han fikk æra av å ha det nordligaste funnet heilt til i år, då ein annan kompis, Frank Grønningsæter, såg måsen på Blimsanden, Vigra. Den blei den nordligaste kaspimåsen i Norge med ca. 6 km. 

Her er linkar til bilder av måsane frå Vigra og Vegsund: 


Men det var ikkje over med det... På kvelden den 18. mai fikk eg ein telefon frå ein annan kompis, Christer Kamsvåg. Han hadde funne seg ein spennande måse på Aukra tidligare på dagen, som han lurte på om kunne vere ein gulbeinmåse. Han hadde ikkje all verdens erfaring med arten, og lurte på kva eg meinte. Etter at han sende over bilder kunne eg berre konstatere at han hadde rett i sin antakelse. Han hadde funn seg ein fin, fin utfarga gulbeinmåse. Dette blei då det nordligaste funnet av arten i Norge. Tidligare var det mine funn på Sandshamn som var dei nordligaste. 

Her er eit par linkar til bilder av fuglen: 

Summerer ein då opp 2017, så vart det sett ikkje mindre enn 5 kaspimåsar og 2 gulbeinmåsar. Dette er ekstreme tal, med tanke på kor langt nord Møre og Romsdal ligg. Totalt er det i fylket sett 14 kaspimåsar og 6 gulbeinmåsar.