mandag 21. april 2014

Sandsøya og Voksa 19.03.-21.04.14


Den siste tida, altså dei litt over fire vekene det har gått sidan det siste blogginnlegget med fuglenytt frå Sandsøya og Voksa, har det blitt brukt mykje tid i felt. Dette har også gitt eit brukbart resultat...

Måsenytt...
I løpet av denne perioda (19.mars-21.april) har det blitt observert litt av kvart på måsefronten. GULBEINMÅSEN som først vart oppdaga den 12.februar på Sandshamna, Sandsøya var på plass fram t.o.m. den 24.mars. Etter dette vart det ei periode med mykje fint ver, noko som resulterte i at dei fleste måsane trekte til havs. Sjølv om vi i ettertid (før påske) hadde eit større antall med måsar på hamna, så har gulbeinmåsen dessverre ikkje dukka opp igjen. Dermed så må ein nok berre innsjå at gulbeinmåsen har forflytta seg vidare. Ein ting er i hvertfall sikkert, det har vore svært så lærerikt å kunne har ein gulbeinmåse i området, for så å kunne observere den på forskjellige hold og under forskjellige lysforhold. Ja, ein kan ikkje be om meir!

Her er nokre bilder av gulbeinmåsen.
Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 19.mars 2014

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 19.mars 2014

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 23.mars 2014

Gulbeinmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 24.mars 2014
Gulbeinmåsen t.v. og 2K gråmåse t.h.


Nye kvitmåsar...
Ellers så blei årets årets niande 2K grønlandsmåse observert på hamna den 29.mars. Dermed enda nok totalen denne vinterne på rundt 15 forskjellige grønlandsmåsar. I tillegg til grønlandsmåsane så vart det observert ein ny 2K polarmåse på hamna, det også då den 29.mars. Med denne måsen er då totalen på polarmåsar etter nyttår på fire forskjellige fuglar. Mange av kvitmåsane denne vinteren har vore svært så stasjonære. Den fuglen som har vore stasjonær lengst er grønlandsmåsen som først blei oppdaga den 3.januar. Sist den vart sett var den 14.april. Dermed har den no vore i området i godt over 3 månadar! Bilder av den stasjonære grønlandsmåsen kan du sjå under.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 14.april 2014.
Denne fuglen vart første gong sett den 3.janaur.

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna/Sandsøya 10.april 2014.


Ei lita solskinnshistorie...
Ser ein så vekk i frå både gulbeinmåsen og kvitmåsane, så har det dei siste vekene vore ein spesiell måse som eg har sett ekstra godt etter. Den 18.mars kom eg nemleg over ein 2K gråmåse som hadde falt ned i eit kar ved fiskemottaket på hamna. I karet var der ein del vatn. Vatnet var svært fettholdig, med ein del fiskelever flytande. Så snart måsen hadde komt i kontakt med det fettholdige vatnet, så hadde det gjort slik at fjørdrakta tok inn vatn. Dermed var fuglen søkk gjennomvåt, utan sjans til å flyge, og med ein svært låg nattetemperatur, så hadde det nok ikkje tatt lenge før den enten hadde fryst i hel, eller hadde blitt tatt av ein predator. Dermed var det egentleg berre ein ting å gjere, nemleg å ta med fuglen heim for så å skylle den i dusjen. Som sagt så gjort. Etter to gjennomskyllingar i løpet av 20 timar, fikk den tørka seg og samtidig pussa fjørdrakta, slik at den forhåpentlegvis var klar for å bli slept fri. Etter å ha sett på vermeldinga, så var det eit par dagar fram i tid meld både sterk vind og store nedbørsmengder. Dermed var det berre å få satt fri måsen så fort som mulig, slik at den fikk vaska og pussa fjørdrakta si skikkeleg før uveret slo til. Så tidleg på ettermiddagen dagen etter blei måsen slept fri. Etter at den fikk friheita tilbake vart måsen først sett dagen derpå, altså dagen før drittveret skulle komme inn. Den virka då å ha fått bra ordern på fjørdrakta, men den store testen venta dagen etter... Og akkurat den testen besto den med glans! For i ettertid har måsen blitt observert fleire gongar på hamna. Den siste observasjonen vart gjort i dag den 21.april. Hadde det ikkje vore for at måsen har fått påsett både metall- og fargering, så hadde det ikkje vore mulig å seie at denne fuglen vart funnen forkomen for ca. ein månad sidan, fjørdrakta ser nemleg heilt strøken ut.

Her er eit bilde av den vesle gråmåsehoa som tok seg eit ufrivillig bad.
Gråmåse 2K (1.vinter) F, Sandshamna/Sandsøya 2.april 2014


Fargemerkte måsar
Det har heile denne vinteren vore svært mange fargemerkte måsar å sjå. Slik har det også vore i det siste. Flesteparten av fuglane som har blitt avlest er merkte i Hordaland, men det er også snakk om fuglar frå Troms, Rogaland og Østfold. Vidare så har det også blitt sett fuglar som er merkt utanfor landets grenser. Det vil seie 2 (gråmåse) frå finland, 1 (svartbak) frå Danmark, og sist men ikkje minst 1 (svartbak) frå England.
Den kanskje mest interessante fuglen er ein gråmåse som blei merkt som ein reirunge i Ørdalen i Troms i slutten av juni i fjor. Etter dette så blei den sett tre gongar i nord-Frankrike i februar/mars. Den dukka så opp på Sandshamna på Sandsøya no den 8.april.
Her er ein link til eit bilde av fuglen, samt til eit kart der forflytningane til måsen er plotta inn. 


Klippedue?
Men så over til noko heilt anna enn måsar. Den 2.april kom eg nemleg over ei knøttlita due på Voksa. I det den flaug opp la eg spesielt merke til den lyse nedre ryggen/overgumpen. Heldigvis så gikk den ned eit kort stykke unna, og dermed fikk eg også fotodokumentert fuglen. Med sitt nette hovud og nebb, samt perfekte fjørteikningar, ser denne dua meget lovande ut med tanke på ei rein KLIPPEDUE. Klippedua er rekna som utdøydd i Norge, og vi må over til Færøyane, samt dei Britiske øyane for å finne duer som det ikkje er innblanda tamduegener i. I Norge reknar vi med at forvilla tamduer (bydue) har para seg med dei klippeduene som vi opprineleg hadde fleire stadar langs kysen. Dermed blir desse ikkje lenger sett på som "reine" klippeduer, namnet på desse fuglane som vi no hos oss hovudsasklig finn i tettbygde strøk og i byar, er bydue. Riktig nok så stammar tamdua frå klippedue, men etter lang, lang tid med oppdrett, så har det blitt avla fram mange fargevariantar. Det er også litt forskjell i hovud- og nebbform, samt kroppsform, men dette varier, og ei bydue (tamduevarianten) kan også sjå akkurat ut som ei rein klippedue, både når det gjeld fjørteikningar, men også hovud-, nebb og kroppsform. Uansett, så skal ein nok leite lenge etter for å finne ein like god klippedue-kandidat. Den ser rett og slett heilt perfekt ut! Ser ein også på innsiget av fuglar frå dei Britiske øyane denne våren, med eit stort antall svartryggerler og svartstruper, så er det kanskje ikkje heilt usansynleg at denne dua kan ha kom samme vegen?

Her er nokre bilder av fuglen.
Klippedue/bydue 2K, Voksa 2.april 2014

Klippedue/bydue 2K, Voksa 2.april 2014


Andre observasjonar...
Andre observasjonar det har vore verdt å merke seg dei fire siste vekene er: 
2 tundragjess ua. albifrons  (Voksa 19-27.mars) 
2 tundragjess ua. flavirostris (Voksa 11.april)
2 kortnebbgjess (Voksa 11.april)
1 kvitkinngås (Voksa 11.april)
1 kortnebbgjess (Voksa 20.april)
Ser vi så på svartstrupene, så held her fortsatt til to par på Sandsøya. Paret i Sandsvågen har no fått fram små ungar. Korleis det går der vil eg kome tilbake med i eit seinare blogginnlegg.
Det har også i løpet av dei sise vekene komt tilbake ein del trekkfuglar. Mange kom tidlig, men då ikkje i alt for store antall. Men med eit slik ver som vi har no, og som det også er meldt framover, så dukkar det nok opp litt av kvart den nærmaste tida... Under kan du sjå eit bilde av ein av mine første steinskvettar for året.

Steinskvett 2K M, Kyrkjesanden, Sandsøya 4.april 2014

fredag 11. april 2014

Runde 09.04.14

Den første feltdagen for sesongen på Runde er alltid eit av høgdepunkta i løpet av året. Slik blir det også i år! For eit par dagar sidan vart nemleg årets første tur lagt til Runde. Der skulle det fotograferast og lesast av fargeringar på lundefuglar som vi har merkt i løpet av dei siste 7 åra. Totalt er det no merkt rundt 200 ind. Desse prøvar vi å lese av kvart år, for å då få eit innblikk i overlevelsen til hekkefuglane. Aktiviteten på lundane i forgårs var meget bra, med mange fuglar som satt seg opp i fjellsida, i tillegg til at det låg eit stort antall med fugl på sjøen. Og med eit nydelig ver i tillegg, kan ein ikkje be om meir!

Det er mykje som skal klaffe...
Dette blir min sjette sesong med feltarbeid på Runde. For lundane har det i løpet av desse åra vore heller så som så. Med nullår i 2010 og 2011, og tilnærma nullår i 2013, vil det då seie at det berre er i 2009 og i 2012 det har komt fram ein god del med ungar. Vi får berre håpe at det blir eit bra år for arten i år. Men det er mykje som skal klaffe, maten må nemleg vere på rett stad til rett tid. Det vil seie at når egga klekker i starten av juni og vidare ut ungeperioda, så må småfisken vere innan for rekkevidde. Lundane har ein rekkevidde på 70-80 km når det gjeld næringssøk, blir det over dette tek det ikkje lang tid før dei gir opp og heller let ungane ligge å svelte i hjel, dette i staden for å sette sitt eige liv på spel for å få ungen på vingene. Lundane blir så gamle at dei kan heller ta det igjen neste år. Heldigvis så er dødligheita hos dei voksne fuglane veldig lav, dermed tåler dei fleire år med dårleg eller ingen ungeprodukson utan at antallet på hekkefuglar går betraktelig ned. Men blir det år etter år med dårleg hekkeresultat, er det sjølvsagt langt i frå heldig.

Enn så lenge så virkar fuglane å vere der dei skal vere, nemlig klar til å ta fatt på ein ny hekkesesong!

Her er eit videoklipp av ein lunde som tek "kveldspussen".



Heilt til slutt så er her nokre bilder av både fugl og miljø...
Lunde 4K+ (adult), Runde 9.april 2014
  
Lunde 4K+ (adult), Runde 9.april 2014

Ser ein godt etter på bildet så sit der mange lundar i fjellsida

Solnedgong i vest, med Rundebranden t.h. Kva kan vel bli betre enn dette?