Viser innlegg med etiketten dvergspurv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dvergspurv. Vis alle innlegg

onsdag 21. oktober 2015

Ona 21.-24. september 2015

Sidan min første tur til Ona på Romsdalskysten i 2009, så har det blitt minst ein tur årlig. Kvar haust så reiser ein gjeng til øya for å "jakte" på sjeldne fuglar. Denne satsinga har resultert i artar som præriesnipe, fjellkalanderlerke, kvitkronespurv og gråkinnskogtrost, for å nemne nokre av dei utallige godbitane som har vore innom denne vesle øya ute i havet. Det er ikkje rart at ein reiser til Ona med ei viss forhåpning om å få sjå noko virkelig sjeldent...

I år blei turen min til Ona lagt til veke 39. Nærmare bestemt frå og med den 21. til og med den 24. september. I løpet av desse nærmare fire dagane, så blei det sett litt av kvart. Eg fikk med meg artar som GULNEBBLIRE og ROSENSTÆR, begge svært sjeldne fuglar i Norge. Ellers så vart det også sett lokale sjeldenheiter som blåstrupe (svært sjelden Ona-art), gulbrynsongar og dvergspurv.

Her er nokre bilder av eit sjeldent syn på Ona. Ein ung blåstrupehann.
Blåstrupe 1K M, Ona 22. september 2015

Blåstrupe 1K M, Ona 22. september 2015

Blåstrupe 1K M, Ona 22. september 2015
 
Og så eit par bilder av dvergspurven...
Dvergspurv 1K+, Ona 22. september 2015
 
Dvergspurv 1K+, Ona 22. september 2015
 
 
Så nærme...
Den første dagen eg var på øya var det ikkje alt for mykje spennande å sjå, så eg tok meg ein tur på hamna på Ona der det var ein del måsar, for å sjå om det var mulig å ringmerke seg eit par. Eg kasta ut litt brød får å sjå om det var nokon som var svoltne på noko slikt. Og det var det. Eg la så ut fotsnara som eg brukar for å fange måsane. Etter ei stund så kom det flygande ein polarmåse. Den åt brødet som låg ved snara, men dessverre så fikk eg den aldri til å stige i lykka slik at eg kunne snare den. Hadde den tatt eit steg 3 cm fram frå der den stod på det nærmaste, så hadde eg hatt den... Nærmare enn det kjem ein ikkje.
 
Måsen såg ved første augekast ut som ein klassisk polarmåse. Men då den satt seg ned, så kunne ein tydelig sjå at det var ein del mørkt innover i nebbet. Den hadde også litt vel kraftige teikningar på skulderdekkfjørene. Det mørke i nebbet og dei kraftige teikningane på skulderdekkfjørene, kan kanskje tyde på at her er det gråmåsegener inne i bildet. Men samtidig så kan nok også ein rein polarmåse sjå slik ut(?). Ser ein på både stjert og vingeteikningar, så er det ingenting der som tyder på at det skal vere ein hybrid. Eg kallar den i alle fall for ein polarmåse her. Skullle andre meine noko anna så er det sjølvsagt lov.
Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015

Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015
Her i lag med 1K gråmåsar.

Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015
 
Polarmåse 1K/juvenil, Ona 21. september 2015


Eg tok også med meg drona mi til Ona. Dette gav meg muligheit til å ta nokre bilder av øya frå lufta. Tre av bilda eg tok kan du sjå under.


søndag 21. september 2014

Sandsøya/Voksa 29.08-19.09.14

Den siste tida har det blitt satsa mykje i felten på Sandsøya og Voksa. Der har eg blant anna gått over jorder, samt sett gjennom hagar på leiting etter godbitar. Dette har også gitt eit brukbart resultat. Eg har nemleg komt over fleire artar som eg tidligare aldri hadde sett her på øyane...

Ei vitamininnsprøyting...
Funnet av rosenvarslaren på Voksa den 28.august gav meg ei stor vitamininnsprøyting. Ja, det var akkurat det eg trengte for å få haustsatsing opp å gå. Under kan du lese, samt sjå bilder av det som har vorte sett på øyane f.o.m. den 29.august t.o.m. den 19.september.

Samme fugl, eller nytt ind?
Dagen etter at rosenvarslaren vart sett (29.august) kom eg over ein dobbeltbekkasin på Voksa. Dette vart då høgst truleg fugl nr. to denne seinsommaren/hausten. Etter dette var det litt stille nokre dagar. Men den 5.september viste Voksa igjen litt av potensialet sitt. På sørvestsida av øya vart det sett ein ROSENVARSLAR. Dette var mest truleg den samme fuglen som blei sett 8 dagar i forvegen. Men eg hadde ikkje sett den i mellomtida, og dagen etter var den igjen borte. Dermed kan ein fort leike litt med tanken om at dette var ein fugl nr. to. Men i og med at eg ikkje fikk gode bilder av varslaren frå den 28.august, så kan eg ikkje samanlikne karakterar på dei to fuglane. Og uten bevis for at det var to fuglar, så må ein berre gå ut i frå at det mest sansynelig var den samme varslaren som blei sett både den 28.august og den 5.september.

Då eg gjenfann rosenvarslaren så var det aktivt næringssøkande, og den gav meg ei fin anledning til å få studert den. Riktig nok i gjennom teleskopet på litt hold. Men ein får ta til takke med det ein får...
Rosenvarslar 2K+ M, Voksa 5.september 2014

Rosenvarslar 2K+ M, Voksa 5.september 2014

Etter at varslaren var i boks, så gikk turen vidare lenger nordaust på øya. Der var eg blant anna innom eit fuktig og frodig brakkmarksområde. Dette området er ein viktig hekkelokalitet for blant anna grashoppesongar. Det meste tyder også på at der tidligare har hekka åkerrikse. Lokalieten er også ein viktig område for fuglar på trekk...

Grei uttelling...
I det eg kryssa det nemnte brakkmarksområdet for å kome meg ut til jorda lenger vest på øya skremte eg opp ei åkerrikse som rasta der. Og etter å ha gått og vasa på jorda lenger vest på øya utan å sjå noko spennande i det heile tatt, gikk eg igjen tilbake gjennom det samme området. Denne gongen skremte eg opp ein dobbeltbekkasin. (seinsommarens/hausten 2-3 dobbeltbekkasin) Etter at eg skremte opp bekkasinen vart eg virkelig gira. Og etter å ha trakka i området på kryss og tvers i nye 20 min. hadde eg skremt opp ei vannrikse, og ei åkerrikse. Den siste åkerriksa var muligens den andre for dagen. Sånn sett i ettertid med fleire rikser og nok ein dobbeltbekkasin, så må eg innrømme at eg fikk ei grei uttelling for strevet...

Det kan også nemnast at det vart sett 2-3 1K grashoppesongarar i vika på sørsida av Voksa denne dagen.
Her ser du brakkmarksomådet på Voksa. (nesten midt i bildet)
Voksa, september 2014

Hauksongarar i fleng...
Dagen etter, altså den 6.september vart årets store hauksongardag. I løpet av dagen vart det sett ikkje mindre enn tre hauksongarar. Fordelt på ein i Våge på Sandøya og to på Voksa. Dette vart då funn nr. tre, fire og fem av arten på øyane. Ellers så vart det også sett ein svartkvit flugesnappar på Sandsøya.

Så vart det igjen stille nokre dagar... Ein 1K grashoppesongar den 8.september, samt ein hauksongar den 10. og 12.september, alle på Voksa, var egentleg det som var verdt å nemne. (Hauksongaren som vart sett den 10. og 12.september var muligens den samme som vart sett der første gong den 6.september)

Den neste observasjonen som stakk seg ut var fylkets første gulbrynsongar for sesongen. Den vart sett på Voksa den 15.september. Det var faktisk berre den 6-7 gulbrynsongaren som hadde blitt sett i Norge denne hausten. No er det selvølgelig mange, mange fleire. Etter gulbrynsongaren så var det den 16.september igjen klart for nok ein ny hauksongar på Voksa. Dette vart då minimum det fjerde funnet av arten så langt i haust.

Hauksongar 1K, Voksa 16.september 2014
Hauksongaren er ein årlig trekkgjest. Det er også muligens ein liten
hekkebestand heilt søraust i landet. For å finne arten ellers så må ein
lenger aust i Europa. 

Ny art for øyane...
Etter ein del dagar med hauksongarar så var eg gira på å finne noko anna spennande. Den 18.september starta eg dagen med å ringmerke granmeis ved huset der eg bur på Støyle på Sandsøya. Det er nemleg invasjon av granmeis i år. Ja, det er granmeis over alt.

Granmeis 1K, Støyle, Sandsøya 18.september 2014

I det eg holdt på med granmeisene så kom det flygande over ein langstrakt fugl, med lag stjert. Eg tenkte umiddelbart på ein sylvia-songar, meir spesifikt ein hauksongar. Så eg gikk i retninga dit fuglen flaug, nemleg til naboens hage. Der såg eg ved første augekast berre meiser og ein gransongar. Etter å ha stått der ei stund og sett på det som bevega seg, såg eg plutselig ein liten fugl som for og spratt rundt i ein ripsbærbusk. Det tok ikkje mange tusendelane før eg såg kva slags art det var snakk om. Den vesle fuglen var nemleg øyane sin første dvergspurv! Dvergspurven er her til lands berre påvist hekkande i Aust-Finnmark, men den er årlig ein trekkgjest lenger sør i landet. Den overvintrar i Søraust-Asia.

På kvelden vart øyane si andre vannrikse denne hausten skremt opp på sørsida av Voksa.

Dvergspurv 1K+, Støyle, Sandsøya 18.september 2014


Trekkgjest frå Sibir...
I forgårsgår den 19.september starta dagen med at det blei sett og høyrd 2-3 gulbrynsongarar på Støyle på Sandsøya. Dermed er totalen så langt i haust på 3-4 ind. Gulbrynsongaren er ein sibirsk trekkgjest som opptrer i relativt bra antall langs norskekysten på hausttrekket. Den overvintrar normalt i Søraust-Asia.

Gulbrynsongar 1K+, Støyle, Sandsøya 19.september 2014

Seinare på dagen så blei utallige hagar sjekka både på Sandsøya og Voksa, dessverre utan at det gav noko særlig resultat. Det beste utanom gulbrynsongarane vart faktisk øyane sin første pilfink. Den vart sett overflygane med lyd på Voksa.

Medrekna pilfinken frå i forgårs, så har eg då fått tre nye artar for Sandsøya og Voksa denne seinsommaren/husten. Med Rosenvarslar, dvergspurv og pilfink så har eg no endelig bikka 220 artar observert på øyane. Og fleire skal det bli!

tirsdag 21. september 2010

Ona 20-21.09.10

Søndag bestemte eg meg for at no var det på tide og ta seg ein tur på Ona. Det var nemleg sett dvergspurv der. Dvergspurven er ikkje ein vanleg fugl på desse kantar. I Norge er den berre påvist hekkande i Finnmark. Fuglane som blir sett på sør-trekken langs kysten om hausten er då fuglar frå Sibir. Det er ikkje kvart år fuglen blir sett i fylket. Det er minst to år sidan det sist vart sett dvergspurv i MR, og då som no på Ona. Ellers vart det sett fleire polarsisikar av underarten hornemanni. Denne kjem då heilt frå grønland, og er dermed svært sjelden i Norge.

Ellers så vart det gjort ei gedigen tabbe!:( Nemlig å ta vierspurv for dvergspurv. Det var nemleg ikkje berre dvergspurv som for rundt på Ona desse to dagane! Det var i hvertfall minst 2 vierspurvar. Den eine holdt til i lag med ein dvergspurv, medan den andre holdt seg mest for seg sjølv. Men dette var som sagt ei tabbe som umogleg kan overgåast...

Her nokre av observasjonane frå Ona: (20-21 september)
dvergspurv 1-2+
vierspurv 2
polarsisik ua. hornemanni 4-5
gulbrynsongar 1
trepiplerke 2
gråflugesnappar 2-3
lappspurv ca.10
snøspurv 3

Bilder frå Ona!

dvergspurv
vierspurv 1K (ind.1)

vierspurv 1K ( ind.2)

polarsisik ua. hornemanni (dokumentasjonsbilde)
 
Solnedgang sett frå Ona-fyr
 
Etter at eg kom heim igjen i 17.00 tida vart det tid til litt skåding på Voksa. Dette resulterte då i ein ekstremt tidleg polarmåse. Måsen er ein årsunge(1K).

Polarmåse 1K