torsdag 17. mars 2016

Polarmåse og svartbak i pleie

For ein og ein halv månad sidan hadde eg eit par måsar i pleie. Historia bak, samt korleis det gikk med fuglane, kan du lese under. 

Vêrpiska polarmåse... 
Som mange kanskje fikk med seg så hadde vi den 29. januar besøk av orkanen "Tor", med svært sterke vindar og ein god del nedbør. Dagen etter då dette uvêret hadde lagt seg køyrde eg meg ei runde rundt på Sandsøya for å sjå etter stormskader. På denne runda kom eg over ein polarmåse som satt midt på vegen der eg skulle køyre. Eg stoppa bilen og fikk måsen ut i veggrøfta, slik at eg fikk tak i den. Det virka ikkje å vere noko drastisk gale med fuglen. Den einaste synlige skada den hadde var ein hevelse ved nebbrota på undersida av nebbet. Trulig hadde polarmåsen vore ute i havet då uvêret stod på som verst. Til dømes så vart det på Kråkenes fyr, nord i Sogn og Fjordane, målt ein middelvind på heile 48,9 m/s. Det vil seie at gjennomsnittsvinden på 10 minutt då vinden stod på som verst, var på heile 48,9 m/s. Dette er ganske ekstremt. Alt frå 32,6 m/s og oppover blir karakterisert som orkan. Og middelvinden som blei målt på Kåkenes fyr var ein smule høgre enn det, for å seie det mildt! I tillegg til denne vinden vart det også registrert bølger på 9-12 meter ute i havet, så at ein fugl skulle bli vêrpiska og utmatta av noko slikt, er jo heilt forståelig.

Polarmåsen er ein høg-arktisk art som ikkje hekkar på det norske fastlandet. Vinterstid overvintrar den derimot i moderate antall langs Norskekysten. Dess lenger nord ein kjem, dess vanligare blir den. For å finne dei nærmaste hekkeplassane så må vi Island, Bjørnøya, Svalbard og Grønland. 

Polarmåse 2K (1. vinter) 
Polarmåse 2K (1. vinter)

Etter at eg fikk tak i måsen tok eg den med meg heim, der fikk den kvile og godt med mat.
Maten eg hadde for hende var kattemat, noko som absolutt fall i smak. Denne kattematen åt den derimot opp på ein, to, tre. Dermed måtte eg ut og fiske. Det var helg og få andre muligheiter til å få tak i mat til måsen. Fisken eg fikk, ein ca. 1,5 kg stor sei, gikk ned på høgkant. Gjennom heile den perioden eg hadde fuglen, altså frå den 30. januar t.o.m. den 4. februar åt den veldig bra, og hevelsen ved nebbrota den hadde den dagen eg tok fuglen i pleie, forsvann etter berre eit par dagar.




Den 4. februar, etter å ha hatt polarmåsen i pleie i 5-6 dagar, slapp eg den fri på Sandshamn på Sandsøya, der det var rikelig med andre måsar. Før måsen blei slept fri blei den ring- og fargemerkt, slik at det skulle vere mulig å følge fuglen. Dette vart faktisk den første fargemerkte polarmåsen i Møre og Romsdal noko gong. Skulle denne måsen dukke opp andre stadar, skal det vere rimelig enkelt å identifisere den, i og med at ein slik fargering som fuglen fikk påsatt kan lesast på 3-400 meters hold ved hjelp av eit teleskop. 

Etter at måsen blei slept fri holdt den seg på hamna. Den første natta overnatta den på ei flytebrygge på hamna i lag med mange andre måsar. Dagen etter var den fortsatt på plass, men etter det drog den vidare. Forhåpentlegvis så gikk det bra... Eg gav den i alle fall alle muligheiter. 

Polarmåse 2K (1. vinter)
Rett etter at eg slepte måsen fri så la den seg på sjøen for å vaske seg.
Det å ha ei fjørdrakt som er rein og vannavstøtane er forskjellen på liv og død. 

Polarmåse 2K (1. vinter)


Søkkvåt svartbak... 
Men det var ikkje berre ein polarmåse eg hadde i pleie i starten på februar...

Som eg nemnte tidligare i dette blogginnlegget, så måtte eg til å fiske til polarmåsen for at den skulle ha noko å ete. Etter at fisken eg fikk var spist opp, måtte eg på nytt til å fiske... Eg køyrde difor til fiskemottaket der eg hadde fått den første. Dessverre var det denne gongen ingen napp å få. Det eg derimot kom over var ein ny måse som var ille ute. På kaikanten ved mottaket stod det nemlig ein søkkvåt 2K svartbak. Trulig hadde den falt ned i ei fiskekar med fettholdig vatn. Og med noko slikt i fjøra blir fjørdrakta som ein svamp. Vatnet trekker inn i fjøra heilt inn til kroppen, og fuglen blir tung som ein stein, utan muligheit til å flyge.

Då eg gikk mot måsen for å prøve å få tak i den tok den sjølvsagt og hoppa på havet. Med ingenting som holdt vatnet ute blei dette som å nakenbade. Og alle kan vel tenke seg at det å hoppe i sjøen uten ein tråd ein av dei første dagane av februar, ikkje er noko å anbefale. Etter at måsen hoppa på sjøen svømte den mot eit par flygebrygger som låg like ved. Desse hadde den sjølvsagt ingen muligheiter til å kome seg opp på, noko den også skjønte etter ei lita stund. Måsen svømte difor vidare langs bryggene for å prøve å finne seg ein plass der den kunne kome seg i land, og ut av det svært kalde vatnet. Dette såg eg, og i det måsen sømte forbi var eg klar. Akkurat i det den passerte byksa eg fram og fikk tak i den. Den var då svært nedkjølt. Eg la den difor i bagasjerommet på bilen og skunda meg heim igjen så fort som mulig. Vel heime tok eg den med meg på badet, der eg skylte den med relativt varmt vatn, slik at den fikk opp kroppstemperaturen igjen.



Etter at eg hadde skylt måsen i nesten ein halv time hadde den fått opp kroppstemperaturen ein god del. Då var det berre å få tørka den... Eg satt i nærmare to timar og føna svartbaken med ein hårfønar.



Etter denne behandlinga kvikna svartbaken rakst til. Men for å vere på den sikre sida så hadde eg den i pleie i 2-3 dagar. Dette får å sjå at den fikk orden på fjørdrakta si. Noko den gjorde med glans!

Svartbak 2K (1. vinter)

Svartbak 2K (1. vinter)

Den 4. februar, samme dag som eg slepte fri polarmåsen, fikk denne også friheita si tilbake. Før den blei slept fri blei den ring- og fargemerkt, slik at det også skulle vere mulig å følge denne fuglen etter at den blei slept, på lik linje med polarmåsen.

Svartbaken var like fin då eg slepte den fri, og dagen etter var den ikkje å sjå. Kanskje dukkar både den og polarmåsen opp ein annan plass? Berre tida vil vise...