Voksa slo til igjen...
I går så var målet for dagen å prøve å få merkt årsungar av grashoppesongar. Akkurat det blei det dårlig med... Det vart til at eg først køyrde til Sandsvågen på Sandsøya. Det er der svartstrupeparet som eg har følgt sidan starten på mars held til. Dei er no i sluttfasen av hekkesesongen. For øyeblikket driv dei og matar på dei to siste ungane for året. Etter å ha brukt eit par timar og vel så det på å få status på om begge ungane i det siste kullet fortsatt var i live, som det viste seg at dei var, gikk turen vidare til Voksa. Etter å ha komt i land på øya tok det ikkje så lang tid før eg kom over ein varslar sittande i toppen av ein rogn like ved vegen. I og med at eg satt i bilen, og då kunn fikk sett varslaren gjennom frontruta, fikk eg ikkje sett fuglen særlig bra. Men det såg ut til at den var mørk i panna. Og når eg fikk sett den i flukt fikk eg inntrykk at ein fugl med eit stort og kraftig hovud. Den virka også å ha relativt mykje kvitt i det kvite vingefeltet. Kunne det faktisk vere snakk om øyane sin første rosenvarslar? Fuglen presterte selvfølgelig å flyge forbi eit hus og bli sporlaust borte. Dermed sto eg igjen utan å ha fått sett fuglen skikkelg, og utan nokon form for dokumentasjon. Eg var 95% sikker på at det måtte vere ein rosenvarslar, men ut i frå den håplause observasjonen så kunne eg ikkje akkurat claime ein slik raritet. Dermed var det berre ein ting å gjere, nemleg å prøve å lokalisere fuglen på nytt. Det var heilt på austsida av øya eg først såg fuglen, og når det flaug forbi huset så virka det som om den bevega seg mot vest. Eller eg håpte i hvert fall at det var den retninga den flaug. Dermed køyrde eg lenger vest, slik at eg fikk oversikt over den vestlege delen av øya. Og etter ikkje lange stunda så satt den der! Den satt i ein rogn på ca. 300 meters hold. Eg sprang tilbake til bilen og fikk tak i kameraet mitt. Etter å ha "fyrt" nokre bilder så sjekka eg skjermen på speilrefleksen. Bilda var ikkje akkurat av ein særlig bra kvalitet, men eg kunne sjå den mørke ansiktsmaska strekke seg langt opp i panna. Dermed var "feelingen" eg fikk på fuglen den første gongen eg fikk sett den, heilt korrekt... Det var øyane sin første ROSENVARSLAR eg hadde sett! Rosenvarslar er ein stor raritet i Norge. Ein må til mellom- og søraust-Europa for å finne den hekkande. Totalt innan for landets grenser så var det pr. 2003 21 godkjente funn av arten. Etter dette har det selvfølgelig blitt ein del fleire, men den er fortsatt ein gedigen raritet her til lands. Dette var for eksempel det første funn av rosenvarslar i Norge i 2014. Med gårsdagens fugl har det då blitt sett fire rosenvarslarar totalt i M&R.
Forskjellane mellom ein rosenvarslar og ein varslar(som hekkar i Norge) er fleire. Rosenvarslar har eit kraftigare nebb og hovud, noko som gir eit heilt anna jizz enn hos varslar. Vidare så har vaksne fuglar i praktdrakt mykje svart i ansiktet. Det mørke strekker seg langt opp i panna, noko det aldri gjer hos ein varslar. Vidare så har den meir kvitt i vinga enn det vår underart av varslar har. Rosenvarslaren har også innslag av rosa i bryst, buk og på kroppsider. Dette gjer slik at strupa som er kvit står i kontrast mot resten av undersida. Ein varslar er her jamt lys og strupa kontrasterer ikkje. Ein varslar er også generelt større enn ein rosenvarslar, men dette er vanskelig å bruke i felt utan direkte samanlikning.
Bilda eg fikk av rosenvarslaren i går var ikkje akkurat close-up bilder, men dei held lenge som dokumentasjon.
Rosenvarslar 2K+ M(?), Voksa 28.august 2014 Det var i denne rognen eg gjenfann fuglen. Visst du ser nøye etter så sit den i toppen av treet. |
Rosenvarslar 2K+ M(?), Voksa 28.august 2014 |