onsdag 30. september 2015

Juli og august 2015

Juli og august blei prega av mykje feltarbeid på Runde. Frå den 16. juli fram t.o.m. den 31. august hadde eg også krykkjeungar i pleie. Dette tok også si tid, for å seie det slik. I tillegg til dette så blei også svartstrupeprosjektet mitt følgt opp. Årets siste svartstrupeungar vart ringmerkte i reiret i Hellandsvågane vest på Sandsøya den 21. august. Dette nesten 5 månadar etter at dei hadde sitt første ungekull.

I første halvdel av juli vart det også i år satsa ein god del på å ringmerke måseungar. Totalt fikk eg ringmerkt i overkant av 160 gråmåsar, rett i underkant av 40 svartbakar og 17 sildemåsar, alle på Søre- Sunnmøre.


Her er litt meir om det som er verdt å nemne  frå juli og august...

Juli:
SUMPSONGAREN som blei oppdaga på Voksa den 13. juni holdt stand også inn i juli. Den satt og song på den samme plassen til og med den 13. juli, nøyaktig ein månad etter at den først vart høyrd. Ellers så vart åkerriksa som vart høyrd syngande på Voksa den 29. juni, høyrd også den 1. og 2. juli på samme plass. Etter dette vart det stilt. Av andre nattsongarar så kom eg over ein dagsyngande grashoppesongar på Stokkset i Gjerdsvika den 8. juli. Den 11. juli var eg tilbake for å få den ringmerkt. Dette vart då den 14. grashoppesongarhannen på Søre-Sunnmøre i 2015. Den 10. juli var eg på Storholmen heilt sør i M&R og merkte måseungar. Padlande kajakk på veg heim, litt etter midnatt, kunne eg høyre ein grashoppesongarhann synge på sørtuppen av Kvamsøya. Dette vart den siste nye grashoppesongaren denne sesongen. Dermed blei totalen 15 grashoppesongarhannar på Søre- Sunnmøre i år.

Grashoppesongar 2K+ M, Stokkset, Gjerdsvika 11. juli 2015

Den 9. juli vart den sjeldnaste fuglen i juli og august observert (då sett bort i frå sumpsongaren). For på Runde vart det nemlig sett ein voksen ROSENSTÆR. Den haldt i lag med ei flokk stær. Fuglen blei oppdaga av ein lokal mann dagen i forvegen. Sidan eg skulle på feltarbeid på Runde dagen etter så nytta eg anledninga til å få med meg denne lekkerbiskenen av ein fugl.

Rosenstær 2K+, Runde, Runde 9. juli 2015


August:
Noko som høyrer seinsommarnatt til er fangst og ringmerking av havsvaler. Natt til den 11., 12., 13., 14. og 16. august vart det ringmerking av havsvaler i Hellandsvågane på Sandsøya. Totalt fikk eg ringmerkt 74 havsvaler i løpet av desse nettene. I tillegg til dei vart det også 6 kontrollar. Dette var tre av mine eigne fuglar frå tidligare år. I tillegg så var det to ukjente norske fuglar, og sist men ikkje minst ein britisk fugl. Den britiske fuglen blei ringmerkt på Fair Isle på Shetland den 2. september i fjor. Under kan du sjå eit bilde av den aktuelle havsvala.

Havsvale 2K+ Hellandsvågane 13. august 2015
Dette er fuglen som blei ringmerkt på Fair Isle på Shetland i september
i fjor. Avstanden frå ringmerkingsstad til funnstad er på 485 km.

Ellers så blei det også brukt ein god del tid på å følge med på svartstrupene "mine". Den 28. og 29. august forlot dei to siste ungekulla reira sine. Dette henholdsvis i Hellandsvågane og i Sandsvågen på Sandsøya. Dermed blei det ein god sesong. Totalt fikk eg ringmerkt 22 ungar som blei flygedyktige i 2015.

Svartstrupe 1K F (SEJ), Sandsvågen, Sandsøya 13. august 2015

Det vart også satsa ein god del på måsar i august. Dette var litt tidlig får å finne dei største godbitane, men eg fikk jo lest av mange av mine ringmerkte årsungar, i tillegg til nokre måsar frå andre stadar, då både frå inn og utland. Ein voksen sildemåse ringmerkt på Guernsey i den Engelske kanalen kan du sjå bilde av under.

Sildemåse 4K+ (6AW4), Sandshamn, Sandsøya 4. august 2015
Denne sildemåsen blei ringmerkt på Guernsey rett utanfor kysten av Frankrike
i den Engelske kanal. Der blei den ringmerkt den 24. mai 2013. Den vart så sett
på Sandshamna på Sandsøya den 13. og 14. april i år, før den no igjen vart
sett på Sandshamna den 4. august.