søndag 14. april 2019

Første funn utanfor Skandinavia

I 2014 starta eg opp svartstrupeprosjektet mitt på Sandsøya. Dette er først og fremst eit ringmerkingsprosjekt, der eit av måla har vore, og er, å lære meir om vandringane til fuglane, både lokalt, men også å finne ut kor dei fuglane som tilsynelatande forlet øyane blir av. For kor blir svartstruper som er klekt i Norge av? Vi veit jo at ein del overvintrar regionalt, men langt frå alle gjer det. Frå tidlegare har det kun vore eit gjenfunn av svartstrupe ringmerkt i Norge utanfor landets grenser. Ein juvenil hann som blei ringmerkt på Lista i august 2000, vart observert ei periode ved Halmstad på den svenske vestkysten i februar 2002. Seinare same vår var han tilbake som hekkefugl på Lista.

Totalt har eg ringmerkt 53 svartstrupeungar fordelt på 16 kull på Sandsøya sidan oppstarten av prosjektet. Dette i løpet av sesongane 2014 (10), 2015 (32) og 2018 (11). Av desse så veit eg at 3 reir med totalt 10 ungar blei predatert i 2015, og at 1 av 2 ungar i det siste kullet i 2018 gikk i veg i reirperioden. Totalt kan ein difor rekne med at 42 ungar flaug ut i løpet av desse åra. Av desse har det vore veldig få gjenfunn utanfor Sandsøya. Faktisk så hadde eg ikkje fått eit einaste gjenfunn fram til 2018-generasjonen begynte å vise vei i vellinga i fjor haust.

På ein liten Trøndelagsturnè...
I september i fjor dukka nemleg ei av svartstrupene, som eg ringmerkte som reirunge i Sandsvågen på Sandsøya, opp på Hitra sør i Trøndelag. «SNX», ei hoe i ungekull nr. to, blei klekt 18. juni. Då dei 5 ungane i kullet var 8-9 dagar gamle blei dei ringmerkte. Etter at ho flaug ut då ho var 16-17 dagar gammal, holdt ho seg i territoriet til foreldra, der hannen stod for matinga og ungepasset, medan hofuglen allereie forbreidde seg til neste kull. Siste gong ho med sikkerheit blei sett på fødeplassen i Sandsvågen var 24 juli.

Den 15. september vart ho så sett på Strand, Hitra, heilt sør i Trøndelag. Der haldt ho seg i tre dagar, fram t.o.m. den 17. september. Etter dette vart ho igjen sett, då på Storfosna den 14. og 15. oktober. Dette var rett over fjorden ca. 18 km lenger nordvest (sjå kart under).

Her er eit kart som viser forflytningane «SNX» gjorde. Avstanden frå fødeplassen i Sandsvågen til Strand, Hitra er på ca. 236km, og til Godset, Storfosna ca. 254 km. 


Som dykk kan sjå på bilda frå Hitra frå den 15. og 16. september, så har ikkje «SNX» fullført den postjuvenile mytinga enda. Hovudet og øvre rygg består fortsatt meir eller mindre av juvenilfjører. Ho var då desse bilda blei tatt ca. 90 dagar gammal.
Svartstrupe 1K (juvenil/1. vinter), Strand, Hitra, Trøndelag 15. september 2018
Foto: Arvid Bredesen

Svartstrupe 1K (juvenil/1. vinter), Strand, Hitra, Trøndelag 15. september 2018

Svartstrupe 1K F (juvenil/1. vinter), Strand, Hitra, Trøndelag 15. september 2018

Då ho blei sett på Storfosna ca. ein månad etter (bildet under), var alt av juvenile kroppsfjører borte, og ho såg no ut som ein ferdig utfarga hofugl. Det kan sjå ut som ho har inkludert alle dei tre tertiærane i den postjuvenile mytinga. Desse står i kontrast mot meir bleikte og slitte arm- og handsvingfjører. Slike fuglar er veldig greie å aldersbestemme, sjølv på avstand i felt.
Svartstrupe 1K F (1.vinter), Godset, Storfosna 15. oktober 2018


Første funn utanfor Skandinavia! 
Med det beste gjenfunnet var fortsatt i vente. Den 11. november fikk eg ein telefon frå Kjell Mork Soot, leiaren i Summøre Ringmerkingsgruppe. Han kunne meddele at ei av mine svartstruper hadde blitt observert og avlest i Tyskland. Hannfuglen «SNU» hadde nemlig blitt sett og avfotografert ved utløpet av elva Elben i Nord-Tyskland. Dette utgjorde det første funnet av ei norskmerkt svartstrupe utanfor Skandinavia!

Her er eit oversiktskart der både funn- og ringmerkingsstad er plotta på kartet. Avstanden mellom fødeplass og gjenfunnsstad er på 958 km. 


«SNU» vart ringmerkt i det første av totalt 3 kull som svartstrupeparet eg følge i Sandsvågen på Sandsøya i 2018 fikk fram. Faktisk så blei han og dei tre søskna ringmerkt på sjølvaste nasjonaldagen, den 17. mai.

Her er eit bilde av foreldra til både «SNX» og «SNU». Hoa er ein ung fugl (2K) og hannen ein vaksen fugl (3K+). 
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen, Sandsøya 24. mai 2018

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 24. mai 2018


Og her er eit bilde av «SNU» tatt under ringmerking. Han var her ca. 9 dagar gammal. 
Svartstrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 17. mai 2018

Førstekullet, som «SNU» var ein del av, blei klekt 8. mai. Då dei var ca. 16 dagar gamle, den 24. mai, flaug dei ut. Etter utflyging haldt dei seg i territoreit til foreldra, der hannen stod for ungepasset og matinga. «SNU» vart avlest i felt i Sandsvågen fire gongar etter utflyging. Siste gong han med sikkerheit blei blei observert var den 16. juni.

Under kan du sjå eit bilde av «SNU» i full juvenil drakt, tatt den 12. juli. Sjølv på dette stadiet kan han veldig greit kjønnsbestemmst til ein hann. Det enklate ein kan sjå det på er dei indre store armdekkfjørene med mykje kvitt i seg. Ein kan også sjå det på det mørke ansiktet, eller "augemaska" om du vil. Ingen av desse draktkarakterane finn ein hos juvenile hofuglar.
Svartstrupe «SNU»  1K (juvenil) M, Sandsvågen, Sandsøya 12. juli 2018

Då han dukka opp i Tyskland i midten av november hadde han forlengst avslutta den postjuvenile mytinga. Med det meiner eg skiftet av fjør som gjer at dei går frå si første fjørdrakt. juvenil-drakta, til å få si første adult-type drakt. 

Her er nokre bilde av «SNU» frå 18. november. Legg spesielt merke til slitasjen på arm og handsvingfjører, samt store handdekkfjører; der er meir eller mindre alt av bremmar slitt bort. Ser ein så på dei to indre tertiærane, som her er mytt og er av ein betre kvalitet, ein annan fargetone og med komplette bremmar, så står dei i stor kontrast mot meir slitte og bleikte ytste tertiærar og svingfjører. Har fuglane inkludert tertiærar i den postjuvenile mytinga, slik som denne, så er det den enklaste karakteren å aldersbestemme dei på i felt. Denne draktkarakteren er nemlig godt synlig sjølv på ganske lang hold.  
Svartstrupe 1K (1.vinter) M , Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 11. nov. 2018

Svartstrupe 1K (1.vinter) M , Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 11. nov. 2018

«SNU» vart sett og avlest 4 gongar i Elben-området i november, fordelt i tidsrommet 11. t.o.m. den 29.. Etter dette var det stilt før han igjen blei sett på same stad den 19. februar. Det viste seg altså at han hadde tilbrakt heile vinteren i Nord-Tyskland. Under kan du sjå eitt par bilde tatt 19. februar. 

Her ser ein enda tydligare kontrasten mellom 2. generasjons tertiærar, som blei inkluderte i den postjuvenile mytinga, og slitte/bleikte juvenile arm- og handsvingfjører. 
Svartstrupe 2K (1.vinter) M, Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 19. feb. 2019
Foto: Gerd-Michael Heinze.

Svartstrupe 2K (1.vinter) M, Elbe Estuary, Landkreis Stade, Niedersachsen, Tyskland 19. feb. 2019
Foto: Gerd-Michael Heinze.


Tilbake til Norge?
Forhåpentligvis så kan «SNU» kome tilbake til Norge og slå seg ned som ein hekkefugl her. Det har blitt rapportert veldig mange svartstruper langs Norskekysten, heilt sidan midten av februar. Dessverre så har ikkje han vore ein av fuglane som har blitt sett. Eg håper likevel at han dukkar opp. Tenkt om han kunne returnere til Sandsøya og faktisk forstre opp sine eigne ungar. Det hadde vore noko...

tirsdag 2. april 2019

Norges andre eskimomåse?

På ettermiddagen den 11. februar var eg ein tur på Sandshamn, Sandsøya for å sjå gjennom måsane der. Etter å ha "skanna" gjennom måseflokkane fleire gongar, såg eg plutselig noko som fikk pulsen til å stige fleire hakk. Bak nokre gråmåsar satt det nemlig ein fugl, som både når det gjaldt fjørteikningar og fargetonar, minte om noko eg tidligare kun hadde sett på bilder på internett og i bøker. Dei mørke handsvingfjørene, det markerte mørke fyllet på rygg-, skulder- og armdekkarar, og den mørke undersida m.m. - drog tankane mot ein art som kun har blitt sett ein gong tidligare i Norge. Var det snakk om ein eskimomåse? Førsteinntrykket sa vel egentlig at det var snakk om ein ekstremt mørk grønlandsmåse av underarten kumlieni. Men med ei slik fjørdrakt som det denne fuglen oppviste, så var den i mitt hovud heilt i grenseland til å kunne oppvise karakterar som ville falle inn under arten eskimomåse. Då var det berre om å gjere å få dokumentert den tilstrekkelig, slik at ein kanskje kunne kome nærmare eit fasitsvar. Sjølvsagt så ville ikkje fuglen ta til vingene. Det gjorde det heller ikkje betre at det kom inn ei kraftig snøbyge, slik at både lys og sikt forsvann...

Her er eit bilde som eg fikk tatt før snøbyga kom inn. På bildet sit fuglen i lag med ein normalfarga grønlandsmåse av underarten glaucoides. Underarten glaucoides hekkar på Grønland, og slike lyse fuglar overvintrar heilt regelmessig langs kysten vår.
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019
Med ein grønlandsmåse ua. glaucoides t.v. 

Etter å ha venta ei god stund på at måsen skulle flytte på seg, utan hell, så bestemte eg meg for å køyre rundt til sørsida av øya for så å ta båten rundt. Kanskje kunne det la seg gjere å få den på betre holdt då, og ikkje minst få dei viktige bilda av måsen i flukt. Etter ei 20-25 minutt var eg på plass. Dessverre var dette så seint på dagen at det no hadde blitt meir eller mindre mørkt. Likevel, alle bilder ville vere betre enn ingen. Då eg kom nord sat heldigvis måsen fortsatt på same plass som då eg forlot den. Og med båten kunne eg kome på kloss hold. For ein nydelig fugl!

Då eg endelig kom til Sandshamn viste måsen seg godt. Den tok etter kvart også til vingene, slik at eg fikk dei bilda eg var ute etter. Sjølv om bilda blei ein smule mørke, var det jo absolutt mykje betre enn ingenting. Bilda som blei tatt ser du under.
ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019
Her med ein 2K gråmåse t.h.

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019 

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 11. februar 2019


Ein Nord-Amerikansk (under)art
Fuglen på Sandshamn viste draktkarakterar som tilsa at det enten måtte vere snakk om ein grønlandsmåse av underarten kumlieni, eller ein eskimomåse. Dette er begge fuglar ein finn i Nord-Amerika.

Både eskimomåsar og «kumlieni» hekker hovudsaklig i arktisk Canada. Eskimomåsar  i den vest-/nordvestlige delen (samt heilt NV på Grønland) og grønlandsmåse av underarten kumlieni i søraust. Ut i frå utsjånaden på denne måsen, så er det ingen tvil om at denne fuglen stammar frå nettopp dette området. Spørsmålet er berre om den kjem frå kumlieni- eller eskimomåse-land. I Nord-Amerika har dei nyleg slått saman eskimomåse og grønlandsmåse-underartane kumlieni og glaucoides, til ein art. Dei reknar altså eskimomåse (Larus glaucoides thayeri), grønlandsmåse ua. kumlieni (Larus glaucoides kumlieni) og nominatunderarten grønlandsmåse ua. glaucoides (Larus glaucoides glaucoides), som hekkar på Grønland, for å vere same art; altså grønlandsmåse. I Norge reknar vi enn så lenge dette for to unike artar, men i og med at NSKF følger taksonomiske anbefalingar gitt av AOU (American Ornithologists' Union) når det gjeld artar som har sin hovudutbredelse i Amerika, så må ein vel anta at eskimomåse om ikkje lenge blir å rekne som ein underart av grønlandsmåse også her i Norge. Uansett kva vi klassifiserar ein slik fugl som, art eller underart, så veit vi no kor slike fuglar med ein slik utsjånad stammar frå. I Norge er det frå før av kun eitt funn av eskimomåse. Dette funnet blei gjort i Bergen 3. januar 2000. Funn av underarten kumlieni er det betydelig fleire av, men ser ein bort frå invasjonsvinteren 2011-2012, der det blei sett ein betydelig andel av dei norske funna av denne underarten, så er også dette ei stor, stor sjeldenheit her til lands.

Her er eit bilde som viser eskimomåsen frå Bergen. Med ein slik utsjånad så er det ingen tvil om artstilhøyrigheita. Snakk om eit klassisk individ! (Foto: Alf Tore Mjøs)


Fortsatt på plass 
Eg var ikkje heilt fornøgd med bilda eg fikk av den potensielle eskimomåsen på Sandshamn kvelden den 11. februar, så eg håpte virkelig av den fortsatt ville vere på plass dagen etter. Med tanke på å prøve å få den sikkert bestemt, så kunne det jo absolutt vere greit å ha bilder av måsen også i skikkelig dagslys. Etter å ha leita ei stund etter fuglen, flaug den plutselig forbi rett framfor kaia der eg stod parkert. Normalt er det jo veldig lett å plukke ut kvitvinga måsar i flukt, men denne var så mørk at den rett og slett ikkje stakk seg ut i det heile tatt. Ein måtte meir eller mindre plukke den ut på størrelse, kroppsform og proporsjonar (jizz). Måsen flaug att og fram langs moloen og kaia, så det var ingen problem å få dokumentert den godt.

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019 

ub. eskimomåse / grønlandsmåse ua. kumlieni 2K (juvenil/1.vinter), Sandshamn, Sandsøya 12. februar 2019


Nesten, men ikkje heilt god nok... 
Etter å ha leita gjennom det eg kunne finne av bilder på internett og i bøker, var min konklusjon at om dette var ein grønlandsmåse av underarten kumlieni, så måtte det i så fall vere ein ekstrem fugl. Eg kunne ikkje finne eit einaste bilde av ein kumlieni som var så mørk. Tilbakemeldingar eg fikk på fuglen, frå både personar frå USA og her i Europa, var litt splitta. Det virka som om visst denne fuglen hadde blitt sett innanfor hovudutbredelsesområdet sitt, så hadde den nok blitt artsbestemt til eskimomåse; men at jizzet på fuglen og også mørkheit, eller mangel på mørkheit, på særleg handsvingfjører, ville gjere det svært vanskelig, om ikkje umulig, å skille den frå ein kumlieni så langt utanfor ubredelsesområdet sitt. Det viste seg også at ein liknande fugl med nesten identiske fjørteikningar, hadde blitt sett ved Aberdeen på austkysten av Skottland i januar 2016. Den vart først artsbestemt til eskimomåse, men blei i etterkant ombestemt til kumlieni. Saken er vel at ingen veit kor slike individ stammar frå, og at ein slik fugl med ein slik utsjånad nok burde stå ubestemt. Det kan vere snakk ein lys eskimomåse, som enkelte personar også meinte det var, men det kan også vere ein mørk kumlieni. Eit anna alternativ, som også strengt tatt kan vere mulig, er jo at det kan dreie seg om ei mellomform av desse to (under)artane, der dei to populasjonane møtest oppe i arktisk Canada. Vi veit jo uansett at det er derifrå dei kjem, så at det er ein Nord-Amerikansk fugl får vere godt nok i denne omgong. Kanskje kan ein ta opp igjen denne fuglen ein gong i framtida når ein har lært dette grønlandsmåse-komplekset betre å kjenne. Ein ting er i alle fall sikkert. Dette er den soleklart beste kandidaten til eskimomåse som er sett i Norge, sett vekk frå den godkjente fuglen i Bergen frå 2000.

Vi kan avslutte her med eit bilde av måsen sitjande, samt ei montasje der eg har samanlikna måsen med ein grønlandsmåse av den grønlandske underarten glaucoides.

Her ser ein tydelig teikningar og fargetonar på både rygg-, skulder- og armdekkarar, samt tertiærar og armsvingfjører. Desse teikningane og fargetonane er meir eller mindre "spot on" for eskimomåse. Når i tillegg kroppsfjørene og fjørene i hovud og hals er så mørke som dei er, er det ikkje rart at tankane raskt blir dratt mot eskimomåse. Dessverre så er det ingen kontrast mellom handsvingfjørene og resten av fuglen. På ein klassisk fugl burde handsvingfjørene vere mørkare, og då stå i kontrast mot resten av fuglen. Slik som dei gjorde på fuglen frå Bergen. 

Her ser ein tydelig dei mørkare ytre handsvingfjørene som står i kontrast mot lysare indre, samt det mørke stjertbandet. Samanlikna med ein grønlandsk grønlandsmåse t.h., så er det stor forskjell. Både når det gjeld vinge og stjertteikningar, men også teikningar og fargetongar på det meste av dekkfjører. Som utfarga vil den ubestemte måsen frå Sandshamn ha mørke teikningar i dei ytre handsvingfjørene, mendan den lysare grønlandske fuglen vil mangle slike teikningar.