mandag 29. januar 2018

5.-26. januar 2018

I løpet av januar så langt har det blitt ein del fugleskoding. Og som det brukar å vere på denne tida av året, så går det mest i måsar. På Sandshamn på Sandsøya har det vore lite måsar å sjå. Ikkje alt for mange fiskebåtar som har vore inne og levert fisk på fiskemottaket, i alle fall ikkje på dagtid, i kombinasjon med mykje fint vër, har resultert i at måsane nok har holdt seg for det meste til havs. Men litt måsar har det jo tross alt vore å sjå. Dei beste dagane denne månaden var den 5. og 6. januar. Desse to dagane var det mange hundre måsar å sjå på Sandshamn. Blant desse vart det sett minimum 2 2K polarmåsar, og minst 3 grønlandsmåsar, derav i alle fall 2 adulte og 1 2K. Etter dette dabba det av, og enkelte dagar har det vore så få som 60-70 måsar inne på hamna, noko som ikkje akkurat er noko å skryte av. Eg har også sett at dei fuglane som har blitt sett tidligare er dei same som går igjen, og at det dermed så langt ikkje har vore mykje utskiftning. Men dette vil nok forandre seg når vinterfisket tek til for fullt, i kombinasjon med nordtrekket av måsar som skal tilbake til hekkeplassane sine.



Etter at eg i fjor anskaffa meg båt, så har eg også hatt muligheit til å forflytte meg rundt i fjordsystema og rundt øyane her på søre Sunnmøre. Dette gir meg muligheit til å få eit meir heilheitlig bilde på korleis måsane brukar dei forskjellige områda. Og ikkje minst få lest av og avbilda ringmerkte fuglar som ellers ikkje ville blitt observerte. Det er akkurat dette med å få avbilda fuglar med kjent alder og fødeplass som er så verdifullt. Då kan ein studere fjørdraktene til måsane i dei forskjellige aldersklassene og dermed få eit betre bilde på variasjonen i fjørdrakta i dei forskjellige alderane. Dette har ikkje blitt gjort her i området tidligare. 

I løpet av perioda f.o.m. 5 januar t.o.m. 26. januar har det blitt fleire båtturar. Eg har besøkt plassar som Volda, Lauvstad, Fosnavåg, Fiskå, Åheim, Leikanger osv. På desse turane har det blitt lest av og avbilda fleire måsar. På turen min den 26. januar rundt Bergsøya og Gurskøya kom eg også over 3 grønlandsmåsar. Under finn du bilder av to av dei. 

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) Stokksund, Herøy kommune 26. januar 2018

Grønlandsmåse 5K+ (4. vinter eller eldre) Larsnes, Sande kommune 26. januar 2018


Forskjellige aldersklasser
Men det er jo sjølvsagt fuglane som er ringmerkte med kjent alder og kjent fødeplass som er mest verdifulle. Her er bilder av nokre utvalgte fuglar eg har lukkast å få lest av og avbilda i januar. Det er her snakk om representantar for alle dei seks første draktene/aldersklassene. Ein gråmåse kan vere utfarga i si 4. drakt, men som oftast heng det igjen litt pigmentering her og der, særlig i stjert og på handdekkfjører. Ein del fuglar er også så seint utfarga at dei i si 4. drakt (4. vinter) ikkje er mulig å skille frå ein fugl i si tredje drakt (3. vinter). Slike fuglar vil nok i mange tilfeller også ha restar av immaturitet i si femte drakt (5. vinter), og vil dermed overlappe med fuglar i si fjerde drakt (4. vinter).  Kort fortalt, variasjonen er stor! Er ikkje fuglane ringmerkte slik at alderen er kjent, så blir det å aldersbestemme fuglar i tredje, fjerde, og femte drakt i mange tilfeller berre "kvalifisert" gjetting. 


Gråmåse «J864K» (2K/1. vinter)
Gråmåse 2K (1.vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018

Gråmåse 2K (1.vinter), Åheim, Vanylven kommune 21. januar 2018
Gråmåsen «J864K» blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya 4. juli i fjor (2017). Etter merking blei den sett på Sandshamn på Sandsøya den 14. august. Etter dette blei den ikkje observert før den blei sett i Sandvika i Volda kommune 2. januar. Etter dette virkar det som eg har møtt på den alle plassane eg har vore. Den har blitt observert på Rovde (Vanylven kommune), Åheim (Vanylven kommune) og no sist også i Fosnavåg (Herøy kommune). Dette er altså ein fugl som fartar ein del rundt. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J798K» (3K/2. vinter)
Gråmåse 2K (2.vinter), Syvdsfjorden Vanylven kommune 12. januar 2018

Gråmåse 2K (2.vinter), Syvdsfjorden Vanylven kommune 12. januar 2018
Gråmåse «J798K» blei ringmerkt i måsekolonien i Kvalsvika på Nerlandsøya i Herøy kommune 8. juli 2016. Dette var første observasjon etter merking.

___________________________________________________________________________


Gråmåse «JAP52» 3-4K (3. vinter)
Gråmåse 4K (3. vinter) Vålnes, Herøy kommune 26. januar 2018

Gråmåse 3K (3.vinter), Vålnes, Herøy kommune 16. desember 2017
Gråmåsen «JAP52» vart ungemerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya 5. juli 2015. Den held seg no i området rundt opprettsanlegget på Vålnes på Gurskøya i Herøy kommune. Første observasjon etter merking vart gjort no i desember, og den har ikkje blitt observert andre plassar enn rundt det dette oppdrettsanlegget. Ein slik fugl vil utsjånadsmessig overlappe med ein seint utfarga fugl som er året eldre. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J7294» (5K/4. vinter)
Gråmåse 5K (4. vinter), Rovde 12. januar 2018
«J7294» vart som dei tre føregåande måsane også ringmerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya. Den blei ringmerkt der som ein ikkje flygedyktig unge 4. juli 2014. No held den seg tydeligvis for det meste i Rovdefjorden, der den har blitt observert både på Vålnes på Gurskøy-sida, men også på Rovde. Før mine tre observasjonar av den no i desember og januar hadde den ikkje blitt sett meir enn ein gong etter merking. Legg merke til pigmenteringa på dei små haddekkarane. Sett bort i frå det så er fuglen utfarga. Den har ein del mørkt i nebbet, men ei slik nebbteikning kan ein også finne på eldre fuglar. 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «J6134» (6K/5. vinter)
Gråmåse 6K (5.vinter), Mårset, Syltefjorden 21. januar 2018

Gråmåse 6K (5.vinter), Mårset, Syltefjorden 21. januar 2018
J6134 vart ungemerkt på Storholmen i Sande kommune 30. juni 2013. Før eg no såg fuglen i Syltefjorden 21. januar så hadde den ikkje blitt observert sidan eg såg den på Åheim 20. februar 2014, altså for nesten 4 år sidan. Legg merke til at fuglen fortsatt ikkje er 100% utfarga. Den har nemlig fortsatt litt pigmentering igjen på stjertfjørene. Altså, ein fugl som har pigmentering i stjert, og også på handekkarar/lisjevinge, men ellers er fullt utfarga, kan i realiteten like godt vere ein 6K (5.vinter) som ein 5K (4. vinter). 

___________________________________________________________________________


Gråmåse «FA17160» (7K/6. vinter)
Gråmåse 7K (6.vinter), Syvdsfjorden, Vanylven kommune 12. januar 2018

Gråmåse 7K (6.vinter), Syvdsfjorden, Vanylven kommune 12. januar 2018
Gråmåsen med metallring nr. FA17160 vart ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge på Hareid 9. juli 2012. Dette er altså ein fugl som til sommaren blir 6 år gammal, eller slik vi klassifiserar den, i sitt 7. kalenderår (7K). Dette var første observasjon etter merking, eller rettare sagt, første avlesing etter merking. Slike metallringar er bort i mot umulige å lese av i felt, og hadde den hatt ein fargering i tillegg skal eg love deg at den hadde blitt avlest fleire gongar allereie. Denne måsen er 100% utfarga, med ingen teikn til immaturitet. 


På plass på hekkeplass...
No i siste halvdel av januar startar dei første måsane å dukke opp på hekkeplassane sine. Medan mange gråmåsar som hekkar her i området blir værande gjennom vinteren, så trekker dei fleste svartbakane sørover, enten over til Storbritannia, eller nedover langs kystane på kontinentet sør til Frankrike, og overvintrar der. Desse fuglane dukkar opp på holmane og skjera dei hekkar på i desse dagar. I år såg eg den første lokale svartbaken som er ringmerkt sitte på skjeret der den hekkar den 16. januar. 

Lokal hekkefugl merkt i Vest-Agder
På heimvegen frå båtturen eg hadde innover i Vanylven til Fiskå og Åheim den 21. januar, kom eg over ein fargemerkt svartbak på Sandholmane rett nord for Frekøy fyr sør for Kvamøya i Sande kommune. Etter å kasta ut litt brød fikk eg den inn til båten, og eg lukkast å få lest av fargeringen den hadde på venstre bein. Det viste seg at dette var «JT334», ein hannfugl som opprinnelig er ringmerkt i Mandal i Vest-Agder. Den blei ringmerkt der 28. februar 2014 som ein 2K fugl. Eg så den ved eit par anledningar ved måsekolonien på Storholmen, nokre hundre meter lenger nord, i fjor. Den var då i sitt 5. kalenderår og kunne strengt tatt ha hekka i området. Eg lukkast dessverre ikkje med å lokalisere den då. I år derimot satt den som den einaste voksne svartbaken i området inne på eit skjer som høgst sansynlig er der den vil prøve å slå seg ned å hekke. Då eg var tilbake der tre dagar etter var det den som dominerte området, og den jaga vekk alt og alle som vart for nærgåande.

Legg merke til at sjølv om svartbaken «JT334» no er i sitt sjette kalderår, så har den fortsatt teikningar i fjørdrakta som viser at det er snakk om ein "yngre adult". Den har nemlig pigmentering på dei midtre stjertfjørene. Etter nesten myting til sommaren/hausten vil nok denne fuglen vere 100% utfarga. 
Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 21. januar 2018

Svartbak 6K (5.vinter) Sandholmane, Sande kommune 24. januar 2018


Storskarv frå Røst
Det er ikkje berre måsar eg har lukkast å få lest av på båtturane mine den siste tida. Den 21. januar var eg sta og bunkra på hamna i Haugsbygda på Gurskøya, før eg reiste innover i Vanylven. Der kom eg over ein storskarv med metallring. Normalt så vil det vere svært vanskelig, om ikkje umulig, å få lest av ein slik ring. Heldigvis var denne fuglen eksemplarisk, og satt rolig på jernstaken den satt på sjølv om eg berre var 6-7 meter unna. Folk som eventuelt såg meg lurte nok på kva i alle dagar eg holdt på med då eg dreiv og gikk rundt denne staken med båten. Til dei kan eg seie at eg berre prøvde å få tilstrekkelig med bilder slik at eg kunne lese av metallringen den hadde på venstre bein. Noko eg lukkast med. På ringen stod nummeret BA37204. Dagen derpå fikk eg vite at dette var ein fugl som hadde blitt ringmerkt på Låterskolten ved Røst som ein reirunge 5. juli 2016. Dette var nesten sjølvsagt første observasjon etter merking.

Storskarv ua. carbo, 3K (2. vinter), Haugsbygda hamn 21. januar 2018

Avstanden mellom Låterskolten og Haugsbygda er ca 659 km. 


Endelig!
Så skal vi litt ut av det maritime miljø. Eg har i januar, i tillegg til å skode måsar, brukt ein del tid på å prøve å lokalisere eventuelle svartstruper som måtte overvintre her på Sandsøya. Eg har sjekka fjøresona på heile den vestlige delen av øya, utan resultat. I haust som var, var det nemlig heile 6 årsungar av svartstrupe som ei lita periode holdt seg i Sandsvågen. Håpet har vore at nokre av desse kunne overvintre. Den 15. januar lukkast eg endelig med å lokalisere ei. På eit sauebeite i Våge holdt det seg nemlig ein hann. Og ikkje nok med det, den 18. januar, etter å ha relokalisert hannen på sauebeitet i Våge, kjøyrde eg lenger vest ut i Hellandsvågane, til eit område det brukar å overvintre svartstruper visst dei er på øya. Og der var det enda ei... Og ikkje nok med det, den hadde ringar på beina! Den 30. september i fjor fanga eg nemlig inn og ringmerkte ein av dei 6 fuglane, ein hann, som holdt seg i Sandsvågen. Var det den eg såg? For at eg skulle få lest av ringen måtte eg spele av litt song for å få den på litt nærmare hold. Normalt så ville eg ikkje forstyrra ein fugl slik unødig, men i og med at det her ville gi verifulle data om eg fikk lest av ringen, så måtte eg berre gjere eit unntak. Etter å ha satt på lyden tok det ikkje lenge før den kom flygande mot der eg satt i bilen for å sjekke ut kven det var som song. Etter å ha knipsa ein del bilder i det dårlige lyset, kunne eg endelig konstatere at det var den unge hannen som eg ringmekte i Sandsvågen i september i fjor som no holdt til i Hellandsvågane. Slike gjensyn er alltid like kjekke. No får vi berre håpe at desse hannane greier seg gjennom den siste delen av vinteren, slik at dei kan slå seg ned å få den lokale hekkebestanden på fote igjen. For etter å ha hatt så og seie årlig hekking av arten t.o.m. 2015, så har eg sidan det ikkje lukkast med å lokalisere hekkande fuglar på øya. Dette er første gong det har gått to år samanhengande utan hekking av arten her, sidan eg blei obs på at det fanst svartstruper på Sandsøya på starten av 2000-talet.

Her er eit bilde av fuglen frå den 18. januar. Fargeringen den har på høgre bein kan lesast av på mange timeters hold enten ved hjelp av foto, eller teleskop. 
Svartstrupe 2K M (SMN), Hellandsvågane, Sandsøya 18. januar 2018


Her er nokre bilder frå då den blei ringmerkt 30. september i fjor. Svartstrupa kan blant anna aldersbestemmast til 1K på slitte sving og stjertfjører. Den enklaste karakteren å sjå i felt, og som denne fuglen har, er kontrastar mellom nymytte 2. generasjons tertiærar som står i kontrast mot juvenile teriærar og/eller armsvingfjører. På venstre vinge har den kun mytt den inste teriæren, medan den på høgre vinge har mytt dei to inste. 
Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018

Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018

Svartstrupe 1K M (SMN), Sandsvågen, Sandsøya 30. september 2018


Andre observasjonar
Ellers så har det i perioda 5. januar - 26. januar blitt observert artar som: 
jordugle (3 ind. Storholmen 9. januar)
myrhauk (1 f-farga, Voksa, 13. januar)
tundragås ua. albifrons (2 3K+, Storevika, Sandsøya 15.-22. januar), 
vipe (fleire ind. på Sandsøya)
heilo (2 ind., Sandsøya 24. og 25. januar)

torsdag 18. januar 2018

Grashoppesongarar 2017

Grashoppesongarprosjektet som blei starta opp i 2010 vart vidareført også i 2017. I løpet av desse åra har eg lært veldig mykje om grashoppesongarane. Her er ein lita oppsummering av sesongen 2017, samt ein liten gjennomgong av relevante data.

Her sjekkar eg ein lokalitet på Voksa etter grashoppesongarar.

Årets første kartleggingsrunde rundt på Sandsøya og Voksa i 2017 vart unnagjort 29. april. Og metodikken var slik den har brukt å vere, nemlig å gå rundt på potensielle lokalitetar og spele lyd ei stund på kvar enkelt lokalitet. Har det ankomt ein grashoppesongarhann på lokaliteten, så vil den i dei fleste tilfeller respondere på denne provokasjonen, enten ved å svare med song/varsellydar, eller ved å kome flygande mot der eg står og spelar lyd, for å prøve å skreme vekk det den trur er ein inntrengjar. Gjer eg dette daglig i ankomstperioden så får eg då ein veldig nøyaktig ankomstdato på fuglane. Dette har eg gjort sidan 2011.

I 2017 tok det ikkje mange dagane før eg greidde å lokalisere årets første hann. Allereie den 1. mai var det ein på plass. Denne fuglen responderte på lyd på ein lokalitet der det var ein grashoppesongar også i 2016. Så då var det store spørsmålet, var det den same fuglen som var tilbake? Etter litt om og men så satte fuglen seg opp slik at eg fikk sett beina på den. Var det den same fuglen så skulle den ha ein metallring på venstre bein, og ein fargering med eit nummer på, på høgre bein. Og joda den hadde ringar, men var det den same fuglen? Då var det berre å leite fram fotokameraet for å prøve å få tatt bilder av nummeret på fargeringen. Etter nokre minutt hadde eg endelig fått bildet eg trengte, eit som viste nummeret på den gule plastringen. Dette nummeret var 34. Det ville altså seie at det var den same fuglen som var tilbake nok ein gong. I 2016 ankom den lokaliteten natt til 8. mai. I 2017 var den altså nøyaktig ei veke tidligare ute. Dette kan eg seie fordi lokalitetane, både i 2016 og i 2017, blei sjekka dagen i forvegen, utan at fuglen då hadde ankomt.

Her er eit par bilder av den tilbakevendande grashoppesongarhannen som blei tatt 1. mai, like etter at eg hadde lokalisert den ved hjelp av lyd. Legg merke til fargeringen. Denne let seg relativt enkelt lese av i felt ved hjelp av foto. Dette gjer då at eg slepp å fange inn fuglen for å identifisere den, og dermed stresse den unødig.

Grashoppesongar 3K+ M, Våge, Sandsøya 1. mai 2017

Grashoppesongar 3K+ M, Våge, Sandsøya 1. mai 2017



Statistikk over tilbakevendande fuglar
Når vi først er inne på tilbakevendande fuglar, så kan vi jo sjå litt på statistikken her. I åra f.o.m. 2010 t.o.m. 2016 har det på dette prosjektet blitt ringmerkt heile 74 grashoppesongarhannar. Av desse fuglane så har 10 hannar komt igjen frå eit år til eit anna. Dette gir då ein gjenfunnsprosent frå eit år til eit anna på 13,5% (10 av 74).

I stolpediagrammet under ser du ringmerkte fuglar per år (blått), og kor mange frå det året som blei observert året etter (oransje). Ser vi på 2010 så blei det ringmerkt 10 hannar. Av desse kom ikkje mindre enn 4 igjen året etter, altså heile 40%. Dette er den høgste gjenfunnsprosenten eg har hatt frå eit år til eit anna. Frå 2014 til 2015 kom 3 av 15 (20%) tilbake. Frå 2015 til 2016 kom 2 av 11 (18,2%) tilbake. Og frå 2016 til 2017 kom 1 av 4 (25%) tilbake. 



Men dette er jo fuglar som eg har lukkast å lokalisere. Det er jo nødvendigvis ikkje slik at dei kjem tilbake frå eit år til eit anna på den same lokaliteten. Grashoppesongar «34» er jo eit eksempel på ein fugl som kjem tilbake til den eksakt same lokaliteten også året etter, men alle er ikkje like stadbundne. Av dei 10 tilbakevendande fuglane er det 3 (30%) som har flytta seg fleire kilometer frå der dei holdt til året før. Kor mange slike fuglar det er som sit rundt omkring der ute, med "mine" ringar, skulle eg gjerne likt og visst. Eit av måla for neste år er prøve å sjekke eit enda større geografisk område for songarar, og då sjå om det finst fuglar som eg har merkt åra før som har funne seg nye hekkeplassar.

Her er eit oversiktskart som viser forflytningar frå eit år til eit anna. Ringmerkingslokaliteten er merkt med grønt, og lokaliteten den slo seg ned på året etter er merkt med raudt. Vi kan jo starte med den songaren med lengst forflytning. Dette var ein songar som blei ringmerkt på Hovden, Hareid 1. juli 2014. I 2015 var dette den første songaren eg lokaliserte. Den hadde då slått seg ned  på Sandshamn på Sandsøya. Den hadde då forflytta seg ganske nøyaktig 27,5 km frå der den holdt seg året før. Ser vi på fuglen som har forflytta seg nest lengst, så forflytta den seg frå sørtuppen av Voksa, der den hekka vellukka i 2014, til Remøya året etter, i 2015. Denne flytta seg då ca. 19 km. Og sist men ikkje minst så var det ein fugl som forflytta seg frå Voksa til Sandsøya. Denne fuglen blei ringmerkt i 2010, og var ein av fire som kom igjen året etter, i 2011. Den hadde då flytta seg 3,4 km. 



Denne fuglen vart ringmerkt på Hovden, Hareid i 2014, og i 2015 vart den funnen på Sandshamn, Sandsøya ca. 27,5 km mot vest/sørvest. 
Grashoppesongar 3K+ M, Sandshamn, Sandsøya 4. mai 2015. 

Songar «17» blei den første tilbakevendande fuglen med fargering. Den blei ringmerkt i Sivertvika på sørsida av Voksa 2. mai 2014. Året etter, i 2015, blei songaren funnen syngande på Remøy, Remøya natt til 26. mai, ca. 19 km mot nord/nordaust. 
Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Remøya 26. mai 2015. 

Av desse tilbakevendande fuglane så er det berre ein som har komt igjen til same, eller så og seie same lokalitet, tre år på rad. Ein av fuglane som blei ringmerkt i oppstartsåret for prosjektet i 2010, kom nemlig igjen både i 2011 og 2012. Den hadde altså ikkje minde enn tre hekkesesongar her på øyane. 
Grashoppesongar 4K+ M, Våge, Sandsøya 9. mai 2012.
Denne fuglen blei opprinnelig ringmerkt i Våge i mai 2010. Både i 2011
og 2012 kom den tilbake og oppholdt seg i det same området. 


Eit godt år
Så tilbake til fjorårets sesong. Etter at årets første hann blei lokalisert 1. mai, ankom det to nye hannar den påfølgjande natta. Etter dette ankom det enda ein ny hann natt til 5. mai. Og med ein slik start der eg allereie 5. mai hadde 4 grashoppesongarhannar, så låg alt til rette for eit kjempeår. Ikkje sidan knallsesongen 2011, der det var registret minst 32 hannar her på øyane, har eg hatt liknande tal så tidlig. I 2017 skulle dessverre ankomstmønsteret avvike ein god del frå normalen. Dei fleste åra ser det ut til av vi har ein ankomsttopp i medio mai, altså i perioden 11.-20. mai. I fjor derimot, så akom det ikkje ein einaste fugl i denne perioden. Skulle det likevel bli eit under middels år? Heldigvis så ankom det tre nye hannar i løpet av dei siste dagane av mai, noko som gjorde at totalen då kom opp i 7 hannar. Alle desse fuglane blei verande, og trulig danna fleire av dei par og fikk fram ungar. 

Her er ei oversikt over ankomstdatoar på grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa i åra f.o.m. 2011 t.o.m. 2017.


Den siste grashoppesongaren som kom til i 2017, her på øyane, var ein hann som satt og song i Sivertvika på Voksa natt til 25. juni. Denne kan nok ha vore nokre dagar på lokaliteten då eg ikkje hadde lytta der på ei lita stund. Det merkelige her var at etter at eg fanga inn og ringmerkte fuglen den påfølgjande morgonen, så såg eg ikkje snurten av den. Dette er langt frå normalt. Etter at eg fikk ringmerkingslisens i 2013 så starta eg å fange inn songarane med ein gong dei dukka opp, dei fleste rett etter ankomst. Av 31 hannar som eg har ringmerkt på Sandsøya og Voksa i åra 2013-2017 så har 29 (90,6%) av desse blitt verande i det same området også i dagane etter merking. Det er altså ikkje normalt at dei forduftar frå området etter å ha blitt innfanga. Men kanskje var denne på vandring, og når den då blei innfanga så blei det for mykje stress og den bestemte seg for å flytte seg vidare. Kven veit... 

Totalt enda det då med 8 grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa i 2017. Dette, sett vekk i frå åra 2010 og 2011, er eit godt år for arten. Her er ei oversikt over antal hannfuglar per år i åra 2010-2017. 


Og her finn du to oversiktskart som viser grashoppesongarane på Sandsøya og Voksa i 2017. 



Unormale forflytningar
Det var ikkje berre ankomsttidene på fuglane i 2017 som var unormale. Forflytningane nokre av dei gjorde etter at dei hadde ankomt var også spesielle. Normalt, etter at ein fugl har slått seg ned på ein plass og danna teritorium, så held den seg der og flyttar ikkje mykje på seg. Dei kan flytte på seg visst dei ikkje får "napp" der dei sit og syng, men dei prøver seg i alle fall normalt minst to veker på ein lokalitet før dei flyttar seg vidare. I fjor var det derimot nokre av fuglane som flytta seg ekstremt mykje rundt. Hadde dei ikkje vore ringmerkte så hadde eg nok fort anslått totalen på grashoppesongarhannar til å vere ein plass mellom 15 og 20. Dette er noko ein må ta i betraktning når ein skal anslå antal ind. utan at fuglane er ringmerkte. I ein slik situasjon der det kanskje er mangel på hofuglar, og samtidig mange territorium står opne og det dermed er fritt for fuglane å forflytte seg rundt utan å møte på ein konkurrent, så kan ein fort anslå eit tal som er betydelig høgre enn det som er reelt.

Songar «36» (innteikna med gult på kartet under) gjorde noko som eg ikkje hadde opplevd tidligare. Den forflytta seg heile 740 meter frå der den opprinnelig sat og song, for så å ende opp tilbake på sin opprinnelige lokalitet. Eg har tidligare opplevd at dei forlyttar seg nokre hundre meter, men aldri at dei har endt opp tilbake der dei kom frå. (Songarane kan også bruke eit relativt stort område på dagtid, men dei har som regl eit ganske fast området der dei sit og syng) 


Grashoppesongar 2K+ M (36), Våge, Sandsøya 2. mai 2017

Ser du på kartet under (innteikna med grønt) så ser du at songar «40» også forflytta seg ein del. Etter at den flytta seg frå der den blei ringmerkt så enda den opp nede mot Sandsvågen der songar «36» holdt til. Der vart dei også sett i lag. To netter etter så hadde den derimot flytta seg lenger vest, og sat då på den same lokaliteten songar «36» hadde sete på berre to dagar i forvegen.

Grashoppesongar 2K+ M (40), Våge, Sandsøya 27. mai 2017

Også songar «34» (innteikna med raudt på kartet under) hadde seg eit par utflukter for så å ende opp tilbake på sin opprinnelige lokalitet, den same som han også brukte i 2016. Ein kan til tider seie at det ikkje var enkelt å holde styr på kven som var kor. Ein ting er i alle fall sikkert, utan ringar på beina hadde det blitt vill gjetting. Men med ringar på beina så får ein eit fantastisk innblikk i korleis dei forskjellie songarane brukar det tilgjengelige arealet, samt korleis dei forheld seg til kvarandre. 


Forflytningar gjort av grashoppesongarar i Våge på Sandsøya i 2017. 
Dei forskjellige punkta er plotta der fuglane satt og song.


Få songarar utanfor øyane
I tillegg til dei 8 grashoppesongarhannane som blei observert på Sandsøya og Voksa, så lokaliserte eg også eitt par utanfor øyane. Natt til 13. mai kom eg over ein syngande hann ved hamna på Koparstad på Nerlandsøya, og natt til 14. mai satt der og song ein på Hageselle i Gjerdsvika på Gurskøya. Utanom desse to var det ikkje mykje meir å oppdrive for min del i 2017. Ser vi på funn ellers i fylket, så vart det der rapportert 5-6 syngande hannar. 

Her er grashoppesongaren frå Koparstad og Gjerdsvika plotta på kartet. 

lørdag 6. januar 2018

Ein fin start på året...

I år blei første runde med skoding unnagjort 2. januar. Då hadde eg og ein kompis oss ein tur med båt inn i fjordsystema til Volda og Lauvstad, for å sjå etter måsar. Og då med tanke på å kanskje fange inn ein kvitmåse (grønlands-, polarmåse) visst alt klaffa. Og kvitmåsar kom vi over. Ved oppdrettsanlegget i Sandvika, eit stykke før ein kjem inn til Lauvstad, holdt det seg ein 2K polarmåse. Ved eit par anledningar fikk vi nesten fanga den inn med håv, men skaftet på håven var hakket for kort til at det lukkast. Vi måtte heller nøye oss med å ta bilder av denne nydelige arktiske fuglen.

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018
Her blant unge gråmåsar. 

Polarmåse 2K (juvenil/1.vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018

Denne polarmåsen viste seg faktisk å vere den same som eg såg på Rovde før jul den 16. desember. Fuglen hadde same drakteikningar, og den mangla også dei same armsvingfjørene på venstre vinge. Her er nokre fluktbilder av måsen frå 16. desember. Legg merke til kor mykje varmare fjørdrakta blir i litt varmare lys.
Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Rovde 16. desember 2017

Polarmåse 1K (juvenil/1.vinter), Rovde 16. desember 2017

Då det viste seg at vi ikkje fikk tak i polarmåsen så blei det fanga inn ein vilkårlig måse. Det enda då opp med ein gråmåse i 2. drakt, altså ein 3K/2. vinter fugl. Den fikk seg ein metall og ein fargering for så å få friheita tilbake. 

Gråmåse 3K (2. vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018
Biometriske mål viste at fuglen var ein hann. 

Gråmåse 3K (2. vinter), Sandvika, Volda kommune 2. januar 2018

Etter dette var vi over til Volda, utan at det gav noko særlig resultat. Derifrå gikk turen vidare til Sætre på Lauvstad. Der fann vi dagens andre kvite måse, denne gongen ein grønlandsmåse. Denne 2K grønlandsmåsen er nok høgst trulig den same fuglen som ved fleire anledningar har blitt observert i Volda den siste tida.

Grønlandsmåse 2K (juveil/1.vinter), Sætre, Lauvstad 2. januar 2018

Grønlandsmåse 2K (juveil/1.vinter), Sætre, Lauvstad 2. januar 2018

Grønlandsmåsen på Sætre var eit relativt mørkt og velmarkert individ. Som mange kanskje kjenner til så varierer desse store måsane mykje. Berre sjå på grønlandsmåsen eg såg på Rovde 16. desember. Den er definitivt i motsatt ende av skalaen, med nesten ingen pigmenteringar i fjørdrakta. Det er utrulig at dette er fuglar av same art og på same alder. 

Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017

Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017

Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017

Grønlandsmåse 1K (1. vinter), Rovde 16. desember 2017

På desse måseturane med båt blir det også sett ekstra godt etter ringmerkte fuglar. Å få gode bilder av måsar med kjent alder gjer at vi kan lære enda meir om draktvariasjonen til desse fuglane i dei forskjellige aldersklassene. Her har vi nemlig fortsatt mykje å lære, og nye ting dukkar stadig opp. 

Her er nokre fuglar med kjent alder som eg har lukkast å få bilder av den siste tida. 


Gråmåse «J829K» (1K/1. vinter)
Gråmåsen J829K blei ringmerkt på Storholmen sør for Kvamsøya sommaren 2017. Den blei funnen hengande fast over ei merde på oppdrettsanlegget i Bjørlykkestranda 18. desember. Heldigvis så blei den funnen raskt slik at den ikkje tok skade av "incidenten". Då eg såg den 31. desember såg den i alle fall ut til å vere i fin form.

Gråmåse 1K (1. vinter), "Kroppaskjæret" 31. desember 2017

Gråmåse 1K (1. vinter), "Kroppaskjæret" 31. desember 2017


Gråmåse «JEN50» (2K/2. vinter)
Denne 2. vinter gråmåsen blei ringmerkt som ein ikkje flygedyktig unge på Søndre Skjælholmen i Oslofjorden sommaren 2016. Dette var første observasjon av fuglen etter merking. 

Gråmåse 2K (2. vinter) Rovde 16. desember 2017


 Gråmåse «JCT01» (3K/3. vinter) 
Denne gråmåsen ringmerkte eg som ein 2K fugl i april 2015 på marka heime. Dette er ein fugl som er ganske "retarded" når det gjeld utfarginga av fjørdrakta. Den har ikkje endra seg mykje frå i fjor, utsjånadsmessig, tross ei komplett myting. 

Gråmåse 3K (3. vinter), Haugsbygda hamn 31. desember 2017

Gråmåse 3K (3. vinter), Haugsbygda hamn 31. desember 2017


Gråmåse «JCN41» (3K/3. vinter) 
Gråmåsen JCN41 blei ungemerkt i Kvalsvika på Nerlandsøya i juli 2015. Denne fuglen er ein god del meir utfarga enn JCT01 over, men er altså like gammal. 

Gråmåse 3K (3. vinter) "Kroppaskjæret" 31. desember 2017

Gråmåse 3K (3. vinter) "Kroppaskjæret" 28. desember 2017


Ny art for øyane
Den 4. januar blei fjøresona rundt den vestlige delen av Sandsøya sjekka nøye. Målet med turen var å sjå om der var overvintrande svartstruper i området. Dessverre var det lite svartstruper å sjå, men null er også eit resultat. Den første observasjonen som var verdt å notere ned på denne turen var ei småspove som holdt til å fjøra på Skare. Dette er 99,9% sikkert den same fuglen som overvintra her på øya vinteren 2016-2017. For vinterfunn av småspove i Norge er ekstremt sjeldent. Det er berre ca. 10 funn av arten her til lands i vintermånadane. Og at det dukka opp ei småspove på eksakt samme plass to år på rad, utan at det er same fugl, er høgst usannsynleg. Denne hausten/vinteren såg eg den første gong 17. november, for så å sjå den igjen 8. desember. Begge gongane holdt den seg i ei storspoveflokk i Kinna på sørsida av øya. Dette er på den eksakt same plassen som den holdt seg i fjor vinter. 

Då eg kom lenger vest i fjøra, nærmare bestemt til Breivika, kom eg over dagens "beste" fugl. Her var det snakk om, for meg, ein ny art for øyane, nemlig ein fossekall. Norges nasjonalfugl hadde berre blitt observert ein gong tidligare her ute. Onkelen min såg nemlig arten på første halvdel av 1990-talet. Det skulle altså gå over 20 år mellom først og andre observasjon av arten her ute i havgapet. Slike observasjonar er alltid kjekke! 

Fossekall, Breivika, Sandsøya 4. januar 2018
Dette blei min 229. art på Sandsøya og Voksa. I 2017 fikk eg fire nye artar på artslista for øyane. Det var då snakk om knoppsvane, fiskeørn, toppmeis og konglebit. Ingen store sjeldenheiter der, men dei må jo observerast skal dei kome på artslista.