torsdag 15. september 2016

TRIEL m.m. på Sandsøya og Voksa - januar t.o.m. mai 2016

I dei første tre til fire månadane av 2016 vart det ingen hardsatsing i felt, i alle fall ikkje visst ein samanliknar med tidligare år. Men det vil ikkje seie at eg ikkje følgde med på kva som bevega seg her på Sandsøya og Voksa. I januar, februar, mars og store delar av april, gikk det for det meste i måsar, då eg var ute og skoda. Det vart då ein del grønlandsmåsar, kanskje ein plass rundt 10-15 forskjellige individ. Når det gjalt polarmåsar, så var det her heller dårlig. Etter nyttår såg eg faktisk berre ein polarmåse. Dette var ein 2K fugl som vart sett på Sandshamn den 26. mars. Så få polarmåsar har eg ikkje sett sidan eg starta å følge med på måsane i 2007. Det var heller ingen godbitar i form av kaspi- eller gulbeinmåsar å sjå denne vinteren. Av andre observasjonar som det er verdt og nemne frå desse månadane, er ein varslar som holdt seg på Voksa i siste halvdel av januar, ein eller fleire hofarga myrhaukar som vart sett både på Sandsøya og Voksa gjennom alle desse månadane, og ei svartkråke på Sandsøya i slutten av april og starten på mai. I tillegg til dette vart det også sett ein kjerrhauk som høgst trulig var ein 2K steppehauk. Denne fuglen flaug rett forbi huset heime den 27. april. Fuglen hadde ei varmt ustreka oransje underside, og ein tydelig halsboa. Kjerrhauken virka også liten og lett. Alle desse karakterane peikar mot steppehauk. Dessverre så flaug fuglen så fort forbi at eg ikkje fikk sett den tilstrekkelig til at eg kunne claime den. Dette ville vore ein ny art for øyane...

Svartkråke 2K+, Bringsvor, Sandsøya 24. april 2016
Denne fuglen utgjorde det 2. funnet av arten på Sandsøya/Voksa.

Myrhauk, Støyle, Sandsøya 27. april 2016
Med ei kråke til venstre...


Kartlegging av grashoppesongarar
I slutten av april kom skylappane på, og alt av feltaktivitet gikk målretta mot kartlegging av grashoppesongarar. Denne kartlegginga er noko eg har gjort heilhjarta sidan 2011, og då med samme metodikk. Eg går rundt og spelar grashoppesongarlyd på potensielle grashoppesongarlokalitetar frå dei siste dagane av april, til rundet den 20. mai. Dette gjer eg for å sjå kor mange songarar som lusker rundt omkring, samt for å finne ut når dei ankjem territoria sine. I år lukkast det å lokalisere årets første grashoppesongar den 30. april i Våge på Sandsøya, som Norges første i 2016. Akkurat korleis det gikk med grashoppesongarsesongen 2016, vil eg oppsummere i eit seinare blogginnlegg...

Triel(!) på plenen heime!
Og det var nettopp etter ei av desse øktene med kartlegging av grashoppesongarar at årets så langt største godbit dukka opp. Eg hadde akkurat kom heim igjen, og satt på kjøkkenet i huset heime på Støyle på Sandsøya. Då spurte plutselig onkelen min, som også satt på kjøkkenet, om kva det var som sprang på grasplenen berre eit par timeter frå huset. Eg reiste meg opp, ganske overbevist om at det ikkje var noko spennande. Der tok eg derimot fryktelig feil. For utrulig nok var det faktisk ein TRIEL(!) som sprang rett over plenen. Eg hadde ikkje kikkerten på meg, men den trengte eg heller ikkje. Den brunspraglete, langbeinte skapningen med gul iris og gul nebbasis kunne ikkje vere noko anna, sjølv kor usansynelig dette no enn var.

Triel er ein vadarart. Den tilhøyrer trielfamileien, og er den einaste arten frå denne familien i Europa. Dette er ein fugl som har sitt utbreielsesområde eit stykke lenger sør enn Norge, nærmare bestemt i sør- og mellom-Europa. Dei hekkar nærmast oss i sør-Storbritannia og Frankrike, og overvintrar i sørvest-Europa og Afrika. Dei held til på tørre og karrige områder, på alt i frå heimark til halvørken. I Norge er det med denne i underkant av 30 funn totalt. Her i fylket vart dette det 2. funnet av arten. Den første trielen for Møre og Romsdal vart sett på Frei i starten på mai i 2008.

Triel 2K+, Støyle, Sandsøya 7. mai 2016
Triel 2K+, Støyle, Sandsøya 7. mai 2016
Triel 2K+, Støyle, Sandsøya 7. mai 2016

Etter at trielen vart oppdaga der den sprang over plenen ved huset heime, flaug den vidare austover på øya. Eg satte meg i bilen og køyrde fortvilt rundt omkring for å prøve å finne igjen fuglen. Dette lukkast eg dessverre ikkje med, så eg køyrde heim igjen. Men trur du ikkje at akkurat i det eg kom heim igjen og steig ut av bilen, så kom trielen flygande og landa på marka vår ca. 200 meter frå huset heime! Der slo den seg ned. For det meste satt den heilt i ro, berre avbrutt av nokre korte runder med næringssøk. Trielen holdt seg på den samme plassen heilt til det blei mørkt. Denne vadararten er nemlig for det meste nattaktiv. Dette er då muligens ei tilpasning til dei tørre og karrige forholda mange av dei lever under, samt at ein del av byttedyra deira også er nattaktive.


Eg hadde allereie, før og oppdaga trielen, bestemt meg for å ta ei lytterunde etter grashoppesongarar i indre Sande og ytre Herøy kommune den påfølgande natta. Dermed reiste eg på ferga som gikk frå Voksa kl. 22.15.

Heime på Sandsøya følgde onkelen min nøye med. Han kunne meddele at trielen vart meget vokal så snart det blei mørkt. Han var litt usikker på om det faktisk var trielen han hadde høyrd, med det var det nok liten tvil om at det faktisk var. Ein høg storspoveliknande lyd som først blei gitt etter at det blei mørkt, er jo "spot on" for triel. Dagen etter då eg kom heim igjen var ikkje fuglen å sjå, og eg trudde at den no hadde trekt vidare, då trekkforholda no var heilt opptimale. Ca. kl. 23.30 den kvelden fikk eg derimot fasiten. Plutselig starta den nemlig å synge. Alt den gav frå seg var ei kort strofe. Men den høge storspoveliknande lyden rett etter at det blei mørkt, feide all tvil til side, trielen var fortsatt på plass! Dette var det siste eg høyrde eller såg av denne eksklusive fuglen. Den utnytta nok det gunstige trekkvëret og reiste vidare...