Viser innlegg med etiketten svarthalespove. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten svarthalespove. Vis alle innlegg

lørdag 23. mai 2015

Svartstruper og grashoppesongarar m.m. 10.04-22.05.15

I løpet av dei siste seks vekene så har det blitt brukt svært mykje tid utandørs. På Sandsøya og Voksa har det gått i måsar og svartstruper, og no dei siste 3-4 vekene så har det blitt mykje tid på å kartlegge grashoppesongarar. I tillegg til dette så har det også blitt ein del feltarbeid på sjøfuglovervåkinga på Runde, og det som er knytt til det prosjektet.

Rekordtidlig svartstrupekull og ei hoe nummer to...
Etter å ha følgt eit svartstrupepar i Sandsvågen (Sandsøya) gjennom heile 2014, så har eg på nytt i år hatt anledning til å følge det samme paret på den samme lokaliteten. I fjor la dei det første egget ca. 1. april. I år derimot, så var dei enda tidligare ute. Det første egget i 2015 vart lagt ca. den 24. mars, ganske nøyaktig ei veke tidligare enn i fjor. Det vart lagt fire egg, av desse var det to som klekte. Den 18. april då ungane var ca. 7 dagar gamle blei dei ringmerkte.

Svartstrupe pullus, Sandsvågen, Sandsøya 18. april 2015
Her er ungen ca. 7 dagar gammal.

Den 28. april då ungane var ca. 16 dagar gamle, forlot dei reiret. Etter det blei dei mata av begge foreldra i eit par dagar, før hannen tok over så og seie all matinga. Hoa var nemlig allereie klar for kull nummer to. Den 2. mai, fire dagar etter at ungane hadde forlatt det forrige reiret, vart ho nemlig på nytt sett byggande reir.

Svartstrupe 1K M (SAE), Sandsvågen, Sandsøya 3. mai 2015
Her er ungen tre veker gammal. Den kan kjønnsbestemmast til ein hann
på blant anna dei kvite indre store handdekkarane. Begge dei to ungane i
dette kullet var hannar.

Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 3. mai 2015
Denne hannen er ppl. i Sandsvågen for minst det andre året på rad.

Hannen følgte ungane og mata desse aktivt t.om. den 6.mai. Men den 8. mai var hannen plutselig nesten ikkje å sjå. Eg såg hoa og begge ungane, men i løpet av den timen eg stod og følgde med, så såg eg berre hannne i nokre få sekund, før han på nytt fordufta. Dagen etter den 9 .mai var ungane fullt og heilt sjølvstendige. Men kva var det hannen holdt på med? Normalt så følger hannen ungane til det neste kullet har klekt og skal matast. Denne gongen derimot, så måtte ungane greie seg på eigenhand mykje tidligare enn det. Så kva var årsaka til dennne forandringa i oppførsel? Eg bestemte meg for å sjekke området lenger aust i Sandsvågen. Nokre hundre meter unna såg eg hannen... Plutselig var der ein fugl til! Var det ei hoe nummer to?! Etter å ha komt meg i posisjon så fikk eg sett den andre fuglen godt. Og jada, det var snakk om nok ei hoe. Ikkje nok med at dei var i lag, den nye hoa var også i full gong med å bygge reir.

Her er eit bilde av den nye svartstrupehoa i Sandsvågen. Denne fuglen er ein fjorårsunge, altså ein 2K-fugl. Den generelt svært slitte fjørdrakta, dei spisse og slitte stjertfjørene, mytegrense i store armdekkarar m.m. er karakterar som viser at dette er ein 2K.
Svartstrupe 2K F, Sandsvågen 15. mai 2015

Etter at den nye hoa kom til, så har hannen no to hoer å passe på. Per dags dato så ligg begge hoene og rugar. "Gamlehoa" klekker nok i løpet av dei par nærmaste dagane, medan den andre må ruge nokre dagar til. Dei to reira ligg ca. 430 meter i frå kvarandre i luftlinje.

I tillegg til svartstrupene i Sandsvågen, så er der også eit svartstrupepar i Hellandsvågane lenger vest på øya. Dette paret var også meget tidlig ute med hekkinga i år. Det første egget vart lagt ca. 1. april. Då ungane var 8-9 dagar gamle den 27. april vart dei ringmerkte. Den 4. mai når ungane var 14-15 dagar gamle forlot dei reiret. Etter dette så har dei holdt seg i lag med foreldra i det samme området. Nokre dagar etter at dei hadde forlatt reiret lukkast det å få sett og avbilde alle dei fire ungane. Av dei fire var der to hoer og to hannar. 


Kartlegging av grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa
Etter at årets første grashoppesongar vart observert i Norge den 28. april, har det gått mange, mange timar og kilometer med på leiting etter dei her på øyane. Den 4. mai lukkast det endelig å finne årets første. Fuglen vart lokalisert på Evja på Sandsøya. Etter å ha fått sett fuglen såg eg med ein gong at den hadde metallring på venstre bein. Då var det store spørsmålet, kvar kom den i frå?! Eg set på ein fargering i tillegg til metallringen, så det var nok ikkje ein av mine...

Grashoppesongar 3K+ M, Evja, Sandsøya 4. mai 2015
Etter dette bildet blei tatt så fikk den også påsatt ein fargering i tillegg
til metallringen.

Etter å ha fanga inn songaren og fått lest av ringnummeret, så kontakta eg Kjell Mork Soot, leiaren i Sunnmøre ringmerkingsgruppe. Han kunne den samme kvelden meddele at songaren hadde blitt ringmerkt på Hovden på Hareid den 1. juli 2014. Frå ringmerkingsstaden til funnstaden så er det ganske nøyaktig 27,5 km i luftlinje. (sjå kart under)



Den første tida, altså frå slutten av april og ut første halvdel av mai, blir dei feste songarane lokalisert ved at eg går rundt og spelar lyd på potensielle lokalitetar. Mange av songarane syng lite eller ingenting rett etter ankomst, så for å få ein nokolunde nøyaktig ankomstdato på fuglane og også kor mange som befinn seg på øyane, så må ein gjere det på denne måten. Berre å lytte etter syngande individ er ikkje nok.

Her spelar eg lyd på ein potensiell grashoppesongarlokalitet på Voksa.

Så langt i år er antallet på grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa oppe i sju. Den første ankom natt til 4.mai, medan den siste ankom natt til 21.mai. Ved å bruke metoden som eg nemnte over, altså spele av lyd på potensielle lokalitetar, så har eg også fått ein meget nøyaktig ankomstdato på fleire av songarane.

Grashoppesongar 2K+ M, Våge, Sandsøya 16. mai 2015

Her ser du delar av området der grashoppesongar "31" vart innfanga og
ringmerkt.

Her er to oversiktskart som viser fordelinga på grashoppesongarar på Sandsøya og Voksa så langt i 2015.
Sandsøya

Voksa



Lokale raritetar...
I tillegg til svartstrupene og grashoppesongarane, så har eg i løpet av perioda 10. april t.o.m. 22. mai også komt over nokre lokale raritetar. Under er desse oppsummert.

Ein varslar vart observert kort på Støyle på sørsida av Sandsøya den 10. april. Det vart også sett ein varslar næringssøkande i Våge, det også på Sandsøya, den 3. mai. Det er ikkje heilt utenkelig at det her er snakk om den samme fuglen. Dette vart då det fjerde, og også kanskje femte funnet av arten på Sandsøya og Voksa.
Varslar 2K+, Støyle, Sandsøya 10. april 2015

Vidare så har det blitt observert 7-8 kvitmåsar i den samme perioda. 6-7 2K grønlandsmåsar og 1 2K polarmåse. Den siste kvitmåsen vart observert så seint som den 19. mai. Det var då i form av ein 2K grønlandsmåse på Sandshamna på Sandsøya. Under finn du eit bilde av tre grønlandsmåsar. Dei tre grønlandsmåsane vart observert sittande på den samme berget i Goksøyra på Runde kvelden den 30. april. Dette er første gong det er observert så mange grønlandsmåsar samtidig på Runde, i alle fall sidan toppen på sildefisket på 1950 og 1960-talet.
 
Grønlandsmåsar 2K, Goksøyr, Runde 30. april 2015

Den 24. april kom eg over eit meget spesielt andepar i Sandsvågen på Sandsøya. Først fikk eg auge på ein nydelig stjertandhann. I lag med denne hannen såg eig ein hofarga fugl. Var det ei stjerthoe den var i lag med? Neida, den var faktisk i lag med ei snadderandhoe(!). Dette var henholdsvis det fjerde til femte funnet av stjertand og det andre funnet av snadderand på øyane. Tre dagar etter vart det også sett ein stjertandhann i vågen. Dette var muligens det samme ind. som vart sett i lag med snadderanda den 24. april, men akkurat det er noko usikkert. Den samme dagen, det også i Sandsvågen, vart det sett ei ringgås av den austlige underarten bernicla.
Stjertand M (t.v.) og snadderand F (t.h.), Sandsvågen, Sandsøya 24. april 2015

Den 7. mai på ei av mine mange runder på leiting etter grashoppesongarar kom eg over ein nydelig 2K raudstjerthann på Leina på Sandsøya. Dette er faktisk berre den tredje observasjonen av raudstjert på Sandsøya og Voksa.
Raudstjert 2K M, Leina, Sandsøya 7. mai 2015

Og til slutt, det siste som er verdt å nemne av lokale sjeldenheiter er svarthalespove. Det vart observert ei svarthalespove på Voksa den 16. mai, vidare så vart det sett tre ind. på samme plass den 20. mai. Før desse to observasjonane så var det faktisk eit par år sidan siste gong arten vart sett her på øyane.
Svarthalespover 2K+, Voksa 20. mai 2015


Eg legg også inn eit par bilder av ein møllarhann som eg kom over syngande på ein potensiell hekkeplass i Voren på Sandsøya den 18. mai. Etter at desse bilda blei tatt blei den innfanga og ringmerkt. Stjertteikningar med heilt kvite ytre stjertfjører, samt kvit tupp på nest ytterste stjertfjør viste at dette var ein minst to år gamma fugl, altså ein 3K+.
Møllar 3K+ M, Voren, Sandsøya 18. mai 2015

Møllar 3K+ M, Voren, Sandsøya 18. mai 2015

fredag 28. september 2012

Ona 24-28.09.12

Forrige søndag kveld reiste eg til Ona på Romsdalskysten med store forhåpningar om å finne sjeldenheiter. I løpet av dei neste fem dagane så blei det desverre ikkje funnet det heilt store. Når sjølv ikkje forskjellige veirforhold utgjorde nokon forskjell på rastande eller trekkande fuglar blir det svært så vanskeleg. Det er litt merkeleg for det er funne gobitar fleire stadar i Norge, då først og fremst lenger nord i landet, men også lenger sør.

Bomba glapp...
I løpet av oppholdet på Ona så vart det sett litt av kvart, men som nemnt over ikkje noko utanom det ordinære... Eller rettare sagt så fikk vi ikkje dokumentert den virkelige bomba. For på tirsdagen den 25.september så vart mest truleg norges første KRATTSPURV sett og høyrt kort på øya. Fuglen blei sett av tre persongar inkl. meg. Eg fikk først og fremst høyrd fuglen godt. Men ein av kompisane mine Jørn R. Gustad fikk sett fuglen, ein liten Emberiza-spurv som villig gav frå seg lyd. Lyden blei høyrd av tre personar (Jørn R. Gustad, Thomas Høyer Hansen, Ingar Støyle Bringsvor) uavhengig av kvarandre, og beskrivelsen av lyden var den samme. Når eg såg fuglen virka det som den trekte av øya. Etter endt feltdag blei lyd studert, og lydopptak av krattspurv stemte 100% med lyden som blei høyrd av "krattspurven" på Ona. Men i og med at fuglen ikkje blei sett skikkeleg, eller dokumentert så går det ikkje ann å claime den, desverre! Krattspurven er som nemnt over aldri påvist i Norge, den er ein austleg art som ein finn i hovudsak i Asia, men der er ein Europeisk hekkebestand vest for Uralfjella. 

Subraritetar 
Ellers så vart det sett nokre subraritetar desse dagane. Eg fikk sett ein gulbrynsongar på mandag den 24.september, vidare så vart ei svarthalespove ua. islandica, samt ei jordugle sett den 25. og 26.september. I dag (28.september) rett før eg reiste heim igjen så kom eg over ei tartarpiplerke som rasta på øya. 

Under kan du sjå nokre bilder som blei tatt denne veka på Ona.
Gulbrynsongar, Ona 24.september

Gulbrynsongar, Ona 24.september

Svarthalespove ua. islandica 1K, Ona 25.septeber

Svarthalespove ua. islandica 1K, Ona 25.septeber

Lappspove 1K, Ona 25.september

Jordugle 1K, Ona 26.september.
Denne kom trekkande rett inn frå havet.

Kvitkinngås, Ona 26.september
Ei av dei mange kvitkinngjessflokkane på trekk forbi Ona. Det vart også
sett ei heilt kvit kvitkinngås i blant alle dei normalt farga individa.

lørdag 4. september 2010

Sandsøya/Voksa 04.09.10

I dag sjekka eg vadarane på Sandsøya, i tillegg til å sjå nøye etter songarar og rikser på Voksa. På vadarfronten var det ikkje så aller verst. Mange lappspover, nokre få dvergsniper og ikkje minst høstens 2. svarthalespove! På Voksa såg eg minst 2 grashoppesongarar. Ein av desse er ny. Dermed minimum 25 forskjellige ind. på øyane i år! Fikk desverre ikkje fotos av denne........

Dagens obsar:

Sandsøya:
lappspove 10+ 1K (Ei av desse vart tatt av Vandrefalk)
svarthalespove 1 1K
gluttsnipe 1-2
skogsnipe 1
dvergsnipe 2-3
myrsnipe 15-20
sandlo 30+

Voksa:
brusfugl 7
grashoppesongar 2 (begge fuglane truleg 1K)
sivsongar 10+ (fleste 1K-fuglar)

Her er nokre bilder av spovene frå i dag!
Lappspove 1K

Lappsover 1K

Svarthalespove 1K

Svarthalespove 1K


 



 

 


 

torsdag 12. august 2010

Svarthalespove og temmincksnipe m.m. 12.08.10

Etter ett par late dagar var det på tide og kome seg ut å sjå om der kanskje kunne vere nokre spennande vadarar på trekk. Det mest spennand på vadarfronten var ei svarthalespove av underarten islandica som rasta på Sandsøya! Det er faktisk ikkje meir enn den 3. svarthalespova eg har sett her på øyane i år. Dette var då om morgonen. I kveld vart ei temmincksnipe sett på Sandsøya. Dette er faktisk berre 2. gong eg har sett arten her ute!(sjå bilde lenger ned i innlegget)  Av andre artar kan eg no nemne at årets 24. grashoppesongar satt og sang sporadisk i dag tidleg. Dette er truleg den same som eg høyrde syngande den 8.august, men no hadde han flytta seg nokre hundre meter. Når eg høyrde den syngande 8. august greidde eg ikkje og få fotodokumentert den, men i dag etter litt venting fikk eg endeleg dokumentert denne også!:)

Her er grashoppesongaren!








Nattsongar obsar:
åkerrikse 1 M sy. (Sandsøya)
grashoppesongar 1 M sy. (Voksa)

Det regna ganske så mykje når eg var ute og lytta, så muligens var det derfor den andre åkerriksa ikkje song!

Andre obsar:

Sandsøya:
gluttsnipe 10+(morgonen) + 10+(ettermiddag/kveld)
sotsnipe 3+
sandlo 10-15(morgon) + ukjetn antall(ettermiddag/kveld)
mysrsnipe 2-3+(morgon) + 1+(ettermiddag/kveld)
svarthalespove 1 ua. islandica (ad.)
lappspove 1 ad.
temmincksnipe 1 1k (min 2. obs. på øyane)

Voksa:
brusfugl 4
gluttsnipe 2
heilo 10-20
sandlo 10-20
sotnsipe 2
vipe 2
myrsnipe 2
polarsnipe 1 ad.


Bilder frå i dag!
Svarthalespove ua. islandica

Svarthalespove ua. islandica

Temmicksnipe 1K

Lappspove

Sandlo 1K









 

mandag 24. mai 2010

Sandsøya/Voksa 23.05.10

I dag vart mi første svarthalespove av underarten limosa (hekkar sørover i europa og sør-norge) sett på øyane. Den eg såg 13.mai var av underarten islandica. Denne hekkar i N-norge og på island. Spova i dag vart føtst oppdaga i storevika. Etter dette flaug den over på Voksa der den vart gjenfunnen og skikkeleg dokumentert. Ellers så var det feil det eg skreiv på bloggen 21.mai. Det var ikkje berre en grashoppesongarar sett på Voksa då, men to! Og då vert totalen på øyane i år på 6 ind. Så var også ein av dei 3 svartkvite flugesnapparane som vart høyrd på Sandsøya 21.mai fortsatt på plass i dag. (sjå bilde av denn under)

Andre obsar:
måltrost 1 M sy.
gjøk 3 (ein av desse på Åram. Høyrd frå Voksa.)
tyvjo 3
møllar 1
taksvale ca. 10
sandsvale 2
sivsongarar 2 MM sy.
heilo + ind.
sandlo 2
småspove 3-5
makrellterne 2

Her er nokre bilder frå i dag! (Ovanfrå: grashoppesongar, svarthalespove ua. limosa, Sandlo og tornirisk)



torsdag 13. mai 2010

Sandsøya/Voksa 13.05.10

I dag vart øyane sin aller første sivhauk sett på Sandsøya. Sivhauken vart sett kort kl.11.05. Når den "skrudde" seg opp og trakk mot nord. Denne nydelige rovfuglen er ein svært uvanleg fugl i MR. Bilder kan du sjå heilt nederst!

Andre obsar:
buskskvett 2 (årets 2. første)
svartstrupe 2  (hann og hoe, ikkje i par)
møller 2
heilo 17+
grashoppesongar 1 M (forts.)
svarthalespove 1 (årets første)

Her er nokre bilder av sivhauk(hauken t.v. havørn t.h.) og svarthalespove.