Tornskate M, Voren, Sandsøya 1.juni 2014 |
Vaktel i nettet....
Ellers så har det som vanleg blitt satsa ein god del på nattsongarar. Dette har også gitt ei visst resultat. Natt til den 3.juni satt mi første åkerrikse for året og song på Voksa. Fuglen var sett i det den kom trekkande inn frå sør/søraust, og ikkje lenge etter vart den høyrd "crexande". I ettertid har ikke riksa blitt høyrd, så det er nok meget sannsynlig at fuglen var ein gjennomtrekkar. Ellers så vart det natt til den 5.juni høyrd to sporadisk syngande grashoppesongarar, ein på Voksa og ein på sørsida av Sandsøya. Begge desse songarane er då snakk om stasjonære fuglar. Songaren på Voksa vart merkt natt til den 23.mai, medan songaren på Sandsøya blei merkt natt til den 15.mai. Ser ein på songaktiviteten til fuglane så tyder alt på at dei har funne kvar si hoe og danna par. I tillegg til både åkerrikse og grashoppesongarar så har det blitt høyrd 2-3 syngande vaktelar på Sandsøya. Ein av desse lukkast det også å fange inn og dermed få ringmerkt. Det skjedde tidleg om morgonen den 5.juni. Dette blei då den andre vaktelen som er ringmerkt av Sunnmøre ringmerkingsgruppe gjennom tidene. Og med eit slikt varmt ver som vi har no kan det nok dukke opp endå fleire av denne varmekjære sørlige arten i den nærmaste framtid.
Vaktel 2K+ M, Skare, Sandsøya 5.juni 2014 |
Vaktel 2K+ M, Skare, Sandsøya 5.juni 2014 |
Vaktel 2K+ M, Skare, Sandsøya 5.juni 2014 |
For dei som lurer på korleis ein syngande vaktel høyrest ut, så legg eg inn eit lydopptak som eg gjorde av ein vaktel i starten på juni i 2011.
Nok eit kull på gong...
Sidan svartstrupene i Sandsvågen på Sandsøya dukka opp i månadsskiftet februar/mars så har dei blitt nøye følgt med. Dei fikk årets første ungekull på vingene i løpet av dei første dagane av mai, og no berre 28 dagar etter at dei første ungane hoppa ut av reiret, så har dei på nytt eit kull med små ungar. Ja, ein kan trygt seie at dei er svært flittige!
Her er eit bilde frå i går den 5.juni. På bildet ser du svartstrupehannen som er på veg inn med mat til dei no 3-4 dagar gamle ungane. Om nokre få dagar er ungane store nok til å bli ringmerkt. Då vil dei akkurat slik som det første kullet få påsett metall og fargering, slik at det går ann å følge fuglane vidare.
Svartstrupe M, Sandsvågen, Sandøya 5.juni 2014 |
Meir om korleis det gikk med det første ungekullet, samt oppstarten på fargemerkingsprosjektet på svartstrupe, kan du lese om i det neste blogginnlegget som forhåpentlegvis kjem om ikkje alt for lenge.