Viser innlegg med etiketten grønlandsmåse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grønlandsmåse. Vis alle innlegg

fredag 15. mars 2024

Førstefunn av kapimåse i Sogn og Fjordane

Sidan eg kjøpte meg båt i 2017 har det blitt farta fleire titals tusen km med båt i "mitt nærområde". Og med "mitt nærområde" meiner eg då i hovudsak frå Stad i sør til Ålesund i nord, og til Volda innover i Fjordane. Dette er som oftast turar på leiting etter måsar. Her er målet å finne og avbilde ringmerkte fuglar, finne sjeldenheiter og kanskje til og med ringmerke ein og annan fugl.

Denne vinteren har det vore generelt lite måsar å sjå. Normalt sett så er jo kvitmåsane, altså grønlands- og polarmåse, høgdepunkta under måseskodinga vinterstid. Dette er arktiske artar som i moderate antal overvintarar her langs Norskekysten. Denne vintersesongen har det derimot vore langt mellom desse kvite englane frå nord. Dei få fuglane som har dukka opp har nok i all hovudsak vore returnerande fuglar. Det har i alle fall for det meste vore eldre fuglar; alt frå 2. vinter-fuglar til vaksne individ. Dei fuglane som normalt sett er talmessig dominerande, 1. vinter-fuglane, dei som vart klekt sist sommar, er ikkje å sjå. Dette gjeld ikkje berre på "mi" kyststrekning, men heile landet. Om dette skuldast ein laber ungeproduksjon hekkesesongen 2023, sjukdom, eller om gunstige næringsforhold held fuglane igjen nærmare sine hekkeområder, kan ein jo berre spekulere i. Det kan nok fort vere ein kombinasjon. Vi får derimot håpe på det siste senarioet. Ein ting er sikkert, så langt denne vinteren så har eg ikkje sett ein einaste fjorårsunge av grønlandsmåse. Sidan eg starta å kike på denne utfordrande artsgruppa i 2007, har ikkje dette skjedd før. Og av polarmåse, som er den sjeldnaste av desse to kvitmåse-artane her på nordvestlandet, har eg kun sett 2 individ. Og den eine av desse er ein vaksen fugl som har returnert her til kysten fleire vintrar på rad... 

Denne vaksne grønlandsmåsen (sjå bilda under), som vart sett i Syvdsfjorden i slutten av januar, er ein fugl som etter alle solemerker har overvintra her langs kysten sidan han først dukka opp som 2K/1. vinter i starten på januar 2014. Den har riktig nok ikkje ringar på beina, så heilt sikker kan ein no ikkje vere. Men jizzet, draktteikningar, og ikkje minst korleis fuglen brukar områda gjennom vinteren frå år til år talar, sterkt for at dette er den gamle kjenningen som eg først såg i januar 2014. Stemmer dette så vart denne fuglen klekt sommaren 2013, og vert no 11 år til sommaren. På fuglespråket er måsen no 12K då den no er i sitt 12 kalenderår.
Grønlandsmåse 5K+/adult Syvdsfjorden 30. januar 2024

Grønlandsmåse 5K+/adult Syvdsfjorden 30. januar 2024

Florø-tur...
Dette tatt i betraktning tenkte eg at eg måtte prøve noko nytt, eller rettare sagt besøke eit nytt område. Tidlegare har eg kun ved nokre få anledningar teke turen rundt Stad til Måløy i sør. Kanskje skulle eg prøve meg enda lenger? Eg hadde lenge tenkt på ein tur til Florø. Eg har vore der med bil og kika på måsar frå land. Då såg eg ein god del fuglar, blant dei fleire ringmerkte gråmåsar, samt ein ung polarmåse. Dermed følte eg at Florø hadde potensiale. Og det kjekke med å gjere dette no frå båt er at du er fleksibel og finn du måsar kan du kome på fint hold. For å tiltrekke meg måsar matar eg også med brød. Slik kan eg lokke fuglar inn og få dei på kloss hold. Dette måtte prøvast! Etter å ha kika på vêr- og bølgemeldingar fann eg ut at mandag 4. mars måtte bli dagen. Det var meldt flatt hav og vindstillle heile vegen sørover langs kysten. Dermed var det berre å kome seg opp og ut... 

Som sagt så gjort! Forholda var som meldt, og alt låg til rette for ein fin tur. Slike turar er rett og slett som å gå på oppdagelsesferd. Ein veit aldri kva ein vil kome over. Den første ansamlinga av måsar eg såg var på Buholmen vest av Ervika på Stad. Her var det nok ca. 500 individ. På vegen sørover var det lite spennande å sjå her; ingen ringar og ingen raritetar. Det same gjaldt for Kråkenes; her var det godt med måsar, men lite interessant å sjå. Først då eg kom vest av Bremangerlandet fekk eg litt resultat. Her var det fort ein stad mellom 1000 og 2000 måsar som haldt seg rundt fiskebåtane som drog garn der. 

Måsar som følger fikebåt på veg inn frå fiskefeltet vest av Bremangerlandet.

Blant desse fekk eg lest av 3 ringmerkte gråmåsar. To av desse var fuglar som eg sjølv har merkt på Sunnmørskysten, og den siste var ein fugl ringmerkt som ein ikkje-flygedyktig reirunge (pullus) like nord av Bergen.
Gråmåse 5K/4. vinter (J9101) 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus i Hordaland like nord av Bergen sommaren 2020. 
Han vart sist sett i det same området, like nord av Bergen, for kun ei veke sidan, 26. februar. 

Gråmåse 5K/5. vinter (JNJ63) 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus på Sandsøya sommaren 2020. 
Etter merking vart dette kun den 3. observasjonen. 

Gråmåse 10K/9. vinter (J999H) 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus på Runde sommaren 2015. 
Dette vart 13. observasjon etter merking. Han er nok hekkefugl enten på Runde
eller i Gjerdsvika på Gurskøya. Han har nemleg vorte sette begge stadar i hekketida.
 Siste observasjon av denne var gjort no 11. mars nedanfor måsekolonien i Gjerdsvika


Seint utfarga gråmåse i Florø

Etter dette vart eg spent på kva meir eg kunne finne. Dessverre var det lite fuglar å sjå vidare sørover. I Florø var det ca. 150 måsar, langt ferre enn då eg var der med bil. Heldigvis var det ein ringmerkt gråmåse blant desse. Faktisk var dette også ein litt interessant fugl. Dette var nemleg ein fugl eg ringmerkte i Kvalsvika på Nerlandsøya (Herøy kommune) sommaren 2018. Den er no i sitt 7. kalenderår (7K), men har fortsatt restar av immaturteikningar i stjertfjørene. Eg har etter kvart fleire eksempel på slike seint utfarga fuglar, også meir ekstreme enn denne. Det er nemleg på dei midtre stjertfjørene, slik som på denne måsen, ein som oftast ser dei siste restar av immaturteikningar.
Gråmåse 7K/6. vinter (J416V) 4. mars 2024
Denne fuglen vart rigmerkt i Kvalsvika, Nerlandsøya sommaren 2018.
Dette var 7. observasjon etter merking. Sist sett i Nederland september 2023.
Legg merke til imaturteikna stjert sjølv no som 7K. 

Etter å ha fått god oversikt over måsane i Florø var det berre å vende baugen nordover, slik at eg kom meg heim før det blei mørkt. Eg hadde også eit lite håp om at det skulle vere noko meir å sjå blant måsane på heimvegen. Eg skulle jo tross alt gå tilbake same vegen, og det var jo ein del fuglar å sjå på veg sørover. Kanskje var godbiten blant desse?

Hybrid?
På veg nordover møtte eg ein fiskebåt på veg inn Oldersundet, sundet mellom Bremangerlandet og Frøya, like ved Kalvåg. Bak denne hang ein gjeng med måsar. Blandt desse kom eg over ein lys fugl. Ved første augekast tenkte eg at her hadde eg funne meg ein kvitmåse. Det var det derimot ikkje. Fuglen var riktignok lys, men draktteikningar, nebbteikning og jizz samsvarar ikkje med nokon av kvitmåse-artane. Dette er nok heller ein hybrid mellom polarmåse og gråmåse. Alternativet er ein lys gråmåsevariant. Slike fuglar dukkar opp ved kysten her ved jamne mellomrom. 
Polarmåse x gråmåse hybrid (antatt) 2K/ 1.vinter Oldersundet, Bremanger 4. mars 2024

Polarmåse x gråmåse hybrid (antatt) 2K/1. vinter Oldersundet, Bremanger 4. mars 2024

Polarmåse x gråmåse hybrid (antatt) 2K/1. vinter Oldersundet, Bremanger 4. mars 2024


Nok ein seint utfarga gråmåse...

Tilbake ved Kråkenes var det fortsatt ein god del måsar å sjå. På veg sørover såg eg som sagt lite spennande her. No var det derimot eitt par ringmerkte gråmåsar å lese av. Igjen var dette to av "mine" fuglar. Begge av desse var kun tidlegare sett ein gong etter merking. Dei held seg nok på stadar der ingen til vanleg kikar på måsar. 

Mating av måsar ved Kråkens på Vågsøya.

For å vere 4K er «JNY72» (sjå dei to bilda under) seint utfarga. Normalt sett så avslører alderen seg på slike seint utfarga individ blant anna på utfarginga av blautdelar (nebb og auge). Denne har derimot ganske immaturfarga/teikna nebb og auge, noko som gir eit inntrykk av ein eitt år yngre fugl. Det som derimot avslører alderen her, bortsett frå ringane på beina, er dei indre handsvingfjørene. Desse har starta å bli grålige samt få ein kvit avsatt tupp; dette er klassisk for 3. generasjons indre handsvingfjører. Kun ved eitt tilfelle har eg sett ein fugl som har hatt 3. generasjons indre handsvingfjører som avviker frå dette. Den hadde 3. generasjons fjører som var teikna og farga likeeins som det 2. gernerasjons fjørene er. Det skal ikkje vere lett å aldersbestemme denne gjengen!  
Gråmåse 4K/3. vinter (JNY72) Kråkenes, Vågsøya 4. mars 2024
Denne vart ringmerkt på Storholmen, Sande kommune som pullus sommaren 2021.

Gråmåse 4K/3. vinter (JNY72) Kråkenes, Vågsøya 4. mars 2024
Denne vart ringmerkt på Storholmen, Sande kommune som pullus sommaren 2021.

Gråmåse 14K/13. vinter (J4777) Kråkenes, Vågsøya 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som 3K på Sandshamn, Sandsøya januar 2013. 
Dette var kun 2. observasjon etter merking. Truleg er denne hekkefugl på 
Brattholmen på Kråkenes.
 


Førstefunn for Sogn og Fjordane
Så var det kun eitt stopp til på veg heim, Buholmen vest av Stad. Som eg nemnte tidlegare så var det nokre hundre stormåsar der på veg sørover på formiddagen. Var det fortsatt nokon der no, like før sola gikk ned? Då eg kom til Buholmen sat det fortsatt fuglar der. Riktig nok litt ferre enn tidlegare på dagen, men fortsatt eit godt antal. Var det noko spennande å sjå no? Og ja, det var det. Det starta med eitt par ringmerkte gråmåsar. Ein ringmerkt av meg på Sunnmøre og ein ringmerkt i Bergensområdet.
Gråmåse 6K/5. vinter (J655K) Buholmen, Stad 4. mars 2024
Denne fuglen vart ringmerkt som pullus på Simmones, Kvamsøya sommaren 2019. 

Gråmåse 7K/6. vinter (JHE66) Buholmen, Stad 4. mars 2024
Dette var dagens andre Hordaland-fugl. Denne vart ringmerkt som
ein 1K-fugl i Bergen oktober 2018. Etter det har han vorte sett 79 gongar 
i det same området. Sist sett 17. februar.
 

Og med desse i boks hadde eg egentleg tenkt å avslutte dagen. Det var kun nokre få minutt igjen før sola gikk ned, og såpass skya at lyset raskt blei borte. Måsane var derimot såpass svoltne og gira på brød at eg tenkte at dei måtte jo fått eitt brød til før eg drog derifrå. Like etter at eg kasta den første biten av det siste brødet kom det flygande inn ein fugl som raskt fekk mi oppmerksomheit. Ein kontrastrik, smekker og langvinga fugl. Ja, og lyden den gav frå seg var ein umiskjenneleg nasal kaspimåse-lyd. Var det verkeleg ein kaspimåse som akkurat hadde dumpa ned ved båten. Etter å ha fått sett fuglen betre viste det seg at førsteinntrykket stemte. Det var ein stor kaspimåse-hann i tredje drakt (4K/3. vinter). Eg hadde lenge venta på ein kaspimåse igjen. Sist eg såg arten var heilt tilbake i november 2021. Totalt blir dette den 14. kaspimåsen eg har sett her på Nordvestlandet. Men aldri tidligare hadde denne arten vore sett i gamle Sogn og Fjordane fylke. Dette gjorde det sjølvsagt ekstra spesielt, og det satte verkeleg prikken over i'en på ein fantastisk fin tur! 

Legg merke til dei kontrastrike teikningane både i stjert og vinge, dei lange smale vingene, det lange og smale nebbet utan ein markert gonysvinkel, det vesle pæreforma hovudet m.m. Fuglen har svart inn til og med P3 i handa, og den svarte fordelinga på desse 8 ytste handsvingfjørene er heilt klassisk for kaspimåse i denne alderen. Dette er ein fugl som har litt lysare iris. Ein viss andel av kaspimåsar har derimot lys iris, så dette er innanfor variasjonen. Dette var ein stor og kraftig fugl, så at dette måtte vere ein hannfugl er det nok liten tvil om. 
Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024

Kaspimåse 4K/3. vinter Buholmen, Stad 4. mars 2024


Ein laaang tur... 
Totalt vart turen 208 km tur-retur Florø. Her ser du ruta eg tok. Eg haldt meg på vestsida av øyane. Ikkje berre er dette kortaste veg, det er også der det er mest fugl å sjå. Når ein ser på resultatet av turen må eg verkeleg seie at det fristar med ein ny. Kankje blir det ein ny Florø-tur til neste sesong... 

torsdag 20. januar 2022

15 år med grønlandsmåsar

No er det ganske nøyaktig 15 år sidan eg endeleg drista meg ut for å sjå på måsar for første gong. Den 3. februar i 2007 tok eg nemleg endeleg turen ut for å prøve å få sett mine første kvitmåsar, altså dei arktiske artane polarmåse og grønlandsmåse. Dagen i forvegen hadde nemleg min gode kompis Ståle Sætre vore her på Sandsøya og sett både grønlandsmåse og polarmåse. Kunne kanskje eg også få auge på desse? Eg hadde lenge tenkt at eg nok burde kike litt på måsane eg også, men dette med måsar virka fullstendig uoverkomelig. For kor skulle ein starte... Den enorme variasjonen innanfor kvar enkelt av måseartane, og då særleg stormåsane som vi hadde mange av her (gråmåse, svartbak, sildemåse, grønlandsmåse, polarmåse mfl.), kan jo mildt sagt ta pusten frå alle og einkvar. For å gjere ei lang historie kort; eg tok turen ut denne grå februardagen i 2007, og ikkje meir ein 10 minutt etter at eg hadde komt meg nord på Sandshamn, såg eg min første grønlandsmåse. Eg fekk også sett min første polarmåse denne dagen. Gjett om eg blei bitt av måsebasillen! No 15 år og mange tusen timar med måseskoding seinare, så er eg fortsatt like oppslukt av måsar. Det gir meg noko ekstra å kunne sjå og studere desse fuglane. Og stadig dukkar det opp noko nytt! 

Nettopp arten grønlandsmåse ligg mitt hjerte veldig nært. Eg vil nok påstå at hadde det ikkje vore for at eg fekk sett denne "kvite engelen" frå det høge arktis den februardagen tilbake i 2007, så kan det hende at måsar fortsatt hadde vore eit fullstendig ukjent felt for meg. Heldigvis vart det ikkje slik! 

Når vi snakkar om grønlandsmåsar så kjem ein ikkje vekk frå vinteren 2011-2012. Då var det nemlig ein stor invasjon av grønlandsmåsar her langs Norskekysten. For min eigen del så tilbrakte eg så mange timar eg kunne ved fiskemottaket her på Sandsøya, for å få med meg flest mogleg av arten. Den beste dagen hadde eg minimum 19 individ inne på Sandshamn. Andre stadar her langs kysten, vart det sett endå fleire fuglar samtidig. På Moldestad i Selje kommune vart det sett ca. 50 grønlandsmåsar på ein gong; og då fuglane starta å flokke seg tidleg på våren, før dei trekte vestover igjen mot Grønland, vart det sett ca. 100 individ i ei flokk på Giske utanfor Ålesund. Etter dette storåret har det vore litt opp og ned med antall overvintrande grønlandsmåsar her langs kysten...

Eit godt grønlandsmåseår
Fjoråret sesong (f.o.m. sep 2020 t.o.m. april 2021) var i så måte den beste grønlandsmåse-sesongen på fleire år. Totalt såg eg hausten 2020 og vinteren 2020-2021 nok ein stad rundt 40 forskjellige grønlandsmåsar. Noko eg aldri før hadde opplevd var det store antallet årsungar av grønlandsmåse som dukka opp allereie i oktober, november og desember. Før utgongen av desember hadde eg allereie sett 10 grønlandsmåsar; som sagt dei fleste årsungar, men det vart også sett fuglar som både var eitt og to år gamle. 

Grønlandsmåse er ein art som vi nærmast oss finn hekkande på Grønland (ua. glaucoides), samt i nordaust-arktisk Kanada (ua. kumlieni). Denne arten er ein regelmessig vintergjest her langs kysten, i varierande antall. Dei viktigaste faktorane som spelar inn på antall fuglar som dukkar opp her langs kysten er nok ungeproduksjonen til grønlandsmåsane, altså kor mange ungfuglar som er fødde sommaren før, men også kor nærinssituasjonen og ikkje minst vêrsituasjonen er lenger vest i overvintringområdet deira. Klaffar alt, altså med ein god ungeproduksjon og lite mat å finne lenger vest, i kombinasjon med mykje vestlige vindar, så kan ein få ein invasjon lik den vi hadde vinteren 2011-2012. Grønlandsmåsane som dukkar opp her langs kysten er i all hovudsak fuglar av den grønlandske underarten glaucoides; den lyse underarten utan mørke pigment i handsvingfjørene. Stundom kjem det også fuglar med mørke vingeteikningar innom; av underarten kumlieni. Dette er då fuglar som stammar frå den endå meir vestlige populasjonen som hekkar i nordaust-arktisk Kanada. Denne underarten er det ikkje alt for mange titals funn av her til lands. 

Rekordantall ringmerkte grønlandsmåsar
Med dette innsiget av grønlandsmåsar til kysten, gjorde det også mulig å få ringmerkt fleire individ av arten. Totalt fekk eg i løpet av månadane januar og februar 2021 fanga inn og ringmerkt ikkje mindre ein 6 grønlandsmåsar her i nærområdet. Dette var fordelt på 5 2K-fuglar og 1 3K-fugl. I Norge hadde det før 2021 blitt fargeringmerkt totalt 31 grønlandsmåsar. Med mine måsar, samt ein fugl frå Bergen og ein frå Oslofjorden, vart då totalen på fargeringmerkte grønlandsmåsar i Norge etter 2020-2021 vinteren på 39 fuglar. Og aldri før hadde det blitt ringmerkt 6 grønlandmåsar i Norge i eit område slik som eg lukkast med i fjor. Måtte dette fortsette i åra som kjem!

Her er ein liten gjennomgong av nokre av dei 6 grønlandsmåsane som eg lukkast med å få fargeringmerkt vinteren 2020-2021. 

«JNM35»
Den første grønlandsmåsen eg lukkast med å få fargeringmerkt i 2021 var denne 2K-fuglen. Den vart innfanga i Holmefjorden like ved Fosnavåg i Herøy kommune 2. januar. 
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter) (JNM35), Holmefjorden, Herøy kommune 2. januar 2021

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter) (JNM35), Holmefjorden, Herøy kommune 2. januar 2021

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter) (JNM35), Holmefjorden, Herøy kommune 2. januar 2021

19. april vart han så sett igjen på Hareid ca. 21 km unna. Den hadde då fullstendig endra utsjånad. Pga. solbleiking og fysisk slitasje på fjører, myting av fjør og utfarging av nebb, var det ikkje lett å kjenne igjen fuglen eg då ikkje hadde sett på tre og ein halv månad. 
Grønlandsmåse 2K (1. vinter) (JNM35), Hareid 19. april 2021

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) (JNM35), Hareid 19. april 2021

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) (JNM35), Hareid 19. april 2021


«J401C»
Den 14. januar lukkast det å fange inn endå ein fugl i Holmefjorden. Dette var ein 2K-fugl som hadde vore i området sidan 1. desember 2020. Denne dagen kom han endeleg nær nok båten til at han kunne bli innfanga. 
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter) (J401C), Holmefjorden, Herøy kommune 8. januar 2021
Her avbilda 6 dagar før merking.

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter) (J401C), Holmefjorden, Herøy kommune 8. januar 2021
Her avbilda 6 dagar før merking.

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter) (J401C), Holmefjorden, Herøy kommune 14. januar 2021

 Etter merking haldt fuglen seg i ytre Herøy. Den 19. januar såg eg den nemlig igjen, ikkje langt frå der eg merkte han 5 dagar før. 
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter) (J401C), Breidsundet, Herøy kommune 19. januar 2021

Nokre dagar seinare, den 23. januar, vart han så sett på Vigra. Etter det igjen dukka han så opp ved fiskemottaket Fjordlaks i Steinvågsundet i Ålesund. Der vart han sett ved fleire tilfelle i perioda 28. februar t.o.m. 8. mars. 

Så i slutten av mars gjekk eg tilfeldigvis gjennom bilde på rapporteringssystemet artsobservasjonar på internet. Der såg eg med ein gong at grønlandsmåsen som var avbilda i Henningsvær 26. mars virka veldig kjent. Etter å ha studert bildet litt nærmare såg eg ganske raskt at fuglen hadde ein fargering på høgre bein; og ellers draktteikningar og korppsform(jizz) som var identiske med «J401C». Ja, det var altså «J401C» som hadde dratt til Lofoten(!) og var avbilda der.
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1.vinter) (J401C), Henningsvær 26. mars 2021
Foto: John Stenersen.

Avstenden frå merkestad til funnstad er på 758km. 


Men historia til «J401C» enda ikkje der. No, den den 11. januar 2022, var han tilbake ved Fjordlaks i Ålesund. Samanliknar ein fuglen her med bilda eg tok av han forrige vinter, så får ein godt illustrert forskjellen mellom første og andre drakt; både når det gjeld fjørteikningar men også form og kvalitet på fjører. Ein ser også at nebbteikninga/nebbfargen har endra seg, og at irisen har lysna betrakteleg.
Grønlandsmåse 3K (2. vinter) (J401C), Fjordlaks, Ålesund 11. januar 2022

Grønlandsmåse 3K (2. vinter) (J401C), Fjordlaks, Ålesund 11. januar 2022


«J404C»
Grønlandsmåsen «J404C» var den siste grønlandsmåsen det lukkast å fange inn sist vinter; også det i Holmefjorden i Herøy kommune. Denne 2K-fuglen vart innfanga og ringmerkt 16. februar 2021. 
Grønlandsmåse 2K (1. vinter) (J404C), Holmefjorden, Herøy kommune 16. februar 2021

Grønlandsmåse 2K (1. vinter) (J404C), Holmefjorden, Herøy kommune 16. februar 2021

Eitt par månadar etter merking vart han i april 2021 sett ved to anledningar på Hareid. Og no i seinhaustes var han igjen tilbake på Hareid. Der har han no haldt seg litt til og frå, og vart sist sett der for berre fire dagar sidan. Den 8. januar lukkast eg også å finne han frå båt, og dermed få dokumentert han skikkelg. Det er nemleg veldig verdifullt å få dokumentert desse fuglane med kjent alder på ein god måte. Forhåpentlegvis kan desse ringmerkte fuglane dukke opp også i åra som kjem, slik at vi kan få sett korleis og kor raskt dei blir utfarga. 
Grønlandsmåse 3K (2. vinter) (J404C), Hareid 8. januar 2022

Grønlandsmåse 3K (2. vinter) (J404C), Hareid 8. januar 2022

Grønlandsmåse 3K (2. vinter) (J404C), Hareid 8. januar 2022

Grønlandsmåse 3K (2. vinter) (J404C), Hareid 8. januar 2022


«JNM37»
Denne fuglen vart innfanga og ringmerkt vest i Flåværleia sørvest av Skorpa i Herøy kommune 20. januar 2021. Dette var den einaste 3K/2. vinter-fuglen det lukkast å fange inn sist vinter. Dei andre var som sagt 2K-fuglar i sin første vinter. 
Grønlandsmåse 3K (2. vinter), Flåværleia vest, Herøy kommune 20. januar 2021

Grønlandsmåse 3K (2. vinter), Flåværleia vest, Herøy kommune 20. januar 2021

Grønlandsmåse 3K (2. vinter), Flåværleia vest, Herøy kommune 20. januar 2021

Grønlandsmåse 3K (2. vinter), Flåværleia vest, Herøy kommune 20. januar 2021


Fleire tilbakevendande
Totalt har eg sett igjen 3 av dei 6 (50%) grønlandsmåsane som eg merkte sist vinter. Dette er jo ein enorm gjenfunnsprosent i forhold til 1 av 33 (3%) som hadde blitt sett igjen av dei andre som vart merkte i Norge i åra 2004-2021. Når det gjeld fleire av desse fuglane eg merke vinteren 2020-2021, er det jo dokumentert at dei opphaldt seg her langs Sunnmørskysten i fleire månadar sist vinter. Det er nok difor at dei returnerar nettopp hit. Dei hadde nok ei god oppleving sist vinter, der dei fann tilstrekkelig med mat, og difor returnerer dei i år igjen. Dei er jo vanedyr og har dei først funne noko som fungerer, så repeterer dei det. Vi får berre håpe at desse fuglane kan holde seg i live og også kan returnere hit dei komande åra. Eg skulle så veldig gjerne ha sett og fått dokumentert korleis desse fuglane blir utfarga. Viser det seg også at fuglane returnerer i såpass stort omfang som det dei har gjort no, så kan det jo kanskje vere moglegheiter ein gong i framtida å instrumentere dei med ein lysloggar eller kanskje ein satelittsendar. Tenk å få data på korleis måsane vandrar. Både med tanke på å få dokumentert vandringsendringar frå år til år etter kvart som fuglane blir eldre, men også å avsløre viktige havområder for arten med tanke på vidare forvaltning av havområda våre. Det er så alt for mykje vi fortsatt ikkje kjenner til...



Vinteren 2021-2022 så langt...
Så lagt denne vinteren har eg sett minimum 9 grønlandsmåsar. Av desse så har dei fleste vore 2. vinter-fuglar eller eldre. Kun to har vore fjorårsungar (1K-2K). Den eine av desse to fjorårsungane dukka opp i Holmefjorden like ved Fosnavåg den 3. desember. Den 8. desember var han igjen på plass, no inne i Ura i sjølve Fosnavåg. Der lukkast det å få fange han inn. Etter merking har han holdt seg i området, og vart sist sett der 15. janaur. Måtte dette bli ein fugl som også vil returnere i åra som kjem. Og tenk om han kunne bli avlest på Grønland, der denne fuglen nok stammar frå... Det er no lov å håpe! 

Her er nokre bilde av grønlandsmåsen «J447C». Denne fuglen har draktteikningar og fargar som kan minne litt om ein 2. vinter-fugl. På langt hold kan nok ein slik fugl fort aldersbestemmast feil. Legg difor spesielt merke til smale og spisse handsvingfjører, ein skittenrosa nebbasis og heilmørkt auge. Alle desse karakterane vil vise at det dreier seg om nettopp ein juvenil/1. vinter fugl, og ikkje ein 2. vinter fugl. 
Grønlandsmåse 1K (juvenil/1. vinter) (J447C), Ura, Fosnavåg 8. desember 2021


Grønlandsmåse 1K (juvenil/1. vinter) (J447C), Ura, Fosnavåg 8. desember 2021

Grønlandsmåse 1K (juvenil/1. vinter) (J447C), Ura, Fosnavåg 8. desember 2021

Grønlandsmåse 1K (juvenil/1. vinter) (J447C), Ura, Fosnavåg 20. desember 2021

Grønlandsmåse 1K (juvenil/1. vinter) (J447C), Ura, Fosnavåg 20. desember 2021

Med denne ringmerkte fuglen frå Fosnavåg enda då totalen på merkte grønlandsmåsar i 2021 på heile 7(!) individ. Det skal bli enormt spennande å sjå kva data desse fuglane kan gi i åra som kjem. Og ikkje minst om dette berre er eit år utan om det vanlige, eller om eg faktisk kan få til lignande ringmerkingstal også seinare år. 

Så heilt til slutt vil eg kome med eit lita oppfording. Ser du ein grønlandsmåse så kan det gjerne vere eit poeng om mulig å få sett beina på fuglen. For kanskje er det nettopp ein ringmerkt fugl du har fått besøk av...