torsdag 27. mai 2010

Sandsøya/Voksa 24-27.05.10

Ikkje noko særleg nytt å rapportere om frå desse dagane. Men kan nemne at totalen med grashoppesongarar for øyane i år har komt opp i heile 10 ind. 6 av desse er i par. Det vil igjen seie at sjansen er stor for å greie å dokumentere første hekking av grashoppesongar i MR. Ellers så held ein svartkvit flugesnappar fortsatt stand på Sandsøya. Så kanskje blir det hekking her ute i år.....?
Og i dag vart årets første 4 gulsongarar høyrd syngande på Sandsøya.

Nokre andre obsar frå desse dagane:
gluttsnipe 1 (2. i år)
møller 3
makrellterne 4-6

Her er bilder av grashoppesongar (2 forskjellige ind.), gulsongar og heilo.




mandag 24. mai 2010

Sandsøya/Voksa 23.05.10

I dag vart mi første svarthalespove av underarten limosa (hekkar sørover i europa og sør-norge) sett på øyane. Den eg såg 13.mai var av underarten islandica. Denne hekkar i N-norge og på island. Spova i dag vart føtst oppdaga i storevika. Etter dette flaug den over på Voksa der den vart gjenfunnen og skikkeleg dokumentert. Ellers så var det feil det eg skreiv på bloggen 21.mai. Det var ikkje berre en grashoppesongarar sett på Voksa då, men to! Og då vert totalen på øyane i år på 6 ind. Så var også ein av dei 3 svartkvite flugesnapparane som vart høyrd på Sandsøya 21.mai fortsatt på plass i dag. (sjå bilde av denn under)

Andre obsar:
måltrost 1 M sy.
gjøk 3 (ein av desse på Åram. Høyrd frå Voksa.)
tyvjo 3
møllar 1
taksvale ca. 10
sandsvale 2
sivsongarar 2 MM sy.
heilo + ind.
sandlo 2
småspove 3-5
makrellterne 2

Her er nokre bilder frå i dag! (Ovanfrå: grashoppesongar, svarthalespove ua. limosa, Sandlo og tornirisk)



fredag 21. mai 2010

Sandsøya/Voksa 21.05.10

Etter nokre dagar på Runde var det på tide å sjå skikkeleg over øyane! Eg starta i natt. Då vart 4 nye grashoppesongarar høyrd syngande(sjå bilder av alle ind. under). Desse hadde nok nettopp komt. Og så snart det vart lyst var det å kome seg ut å få fotodokumentert alle individa. Ellers så virka det som det var bra trekk på småfuglane. Det vart høyrd 3 syngade svartkvite flugesnapparar (uvanleg fugl ute på øyane), 4 møllarar, 3+ munkar og ikkje minst 2 gaukar. Ellers så har sivsongaren komt for fullt. Tilsaman i dag vart det høyrd minst 10 syngande ind.

Andre obsar:
svartstrupe 3 (par og M)
tyvjo 3 (mørk fase)
sandlo 2
heilo 31+
småspove 2

Her er bilder av alle dei forskjellige grashoppesongarane, en av gjøkane og en av dei tre svartkvite flugesnapparane.
ind. 1

ind.2

ind.3

ind.4




torsdag 20. mai 2010

Runde 19.05.10

En nydelig dag på Runde. Og årets første blåstrupe vart sett. Denne gongen var det ei hoe, ikkje fullt så fin som hannfuglen men fortsatt en nydelig fugl! Legg også med eit bilde frå sist gong eg var der. Då vart det sett i lappspurv hoe.



Her er nokre bilder av blåstrupa (3 øverste) og lappspurven frå 4.mai (nederst).

torsdag 13. mai 2010

Sandsøya/Voksa 13.05.10

I dag vart øyane sin aller første sivhauk sett på Sandsøya. Sivhauken vart sett kort kl.11.05. Når den "skrudde" seg opp og trakk mot nord. Denne nydelige rovfuglen er ein svært uvanleg fugl i MR. Bilder kan du sjå heilt nederst!

Andre obsar:
buskskvett 2 (årets 2. første)
svartstrupe 2  (hann og hoe, ikkje i par)
møller 2
heilo 17+
grashoppesongar 1 M (forts.)
svarthalespove 1 (årets første)

Her er nokre bilder av sivhauk(hauken t.v. havørn t.h.) og svarthalespove.


Sandsøya/Voksa 12.05.10

Ikkje all verdens nytt å fortelle om i dag. Men årets første rastande kvitkinngås vart sett på Sandsøya, og årets første småspover vart høyrd på Voksa. Ellers så er grashoppesongaren fortsatt på plass på Voksa, og i tillegg til denne vart det muligens høyrd en syngande på Sandsøya. Også årets 3. møllar vart høyrd og sett i dag.

Andre obsar:
heilo 22
svartstrupe 2 (i par)


Bilder av møller og grashoppesongar under!



tirsdag 11. mai 2010

Sandsøya/Voksa 08-10.05.10

Lørdag 8.mai satt Sandsøya sin første raudstjert å song rett utanfor vinduet på soverommet mitt heime. Dette vart då Sandsøya og Voksa sin 197 art (min.). I dag var snadderand paret fortsatt på plass på Sandsøya, og grashoppesongaren var på palss på Voksa.

Andre obsar på øyane i dag:
tyvjo 2
81+ heiloar

Her er nokre bilder av grashoppesongaren !





lørdag 8. mai 2010

Sandsøya/Voksa 07.05.10

En nydelig dag med fantastisk vær! Og årets første grashoppesongar satt å song på Voksa. Ellers så vart årets to første møllarar høyrd syngande. I tillegg til dette så vart ein gulspurv sett på Voksa. Dette er ein art som er svært uvanleg på øyane. Ellers så var fortsatt snadderand paret og trana på plass. Sistnemte flaug over mot kvamsøya og vart ikkje sett etter dette. (Purpurhegren vart desverre ikkje gjennfunnet!)

Andre obsar:
kortnebbgås 6
heilo 30-60
sanglerke 1
islom 2 (ad og 2k)
alke 4
måltrost 1 M sy.

Her er nokre bilder frå i dag!
Grashoppesongar M

Grashoppesongar M


Grashoppesongar M

Heipiplerke

Gulspurv

fredag 7. mai 2010

Sandsøya/Voksa 06.05.10

Litt av en dag!!!! Starta dagen med eit par snadderand (hann og hofugl) og avslutta med PURPURHEGRE! Snadderand har berre vorte sett ein gong tidlegare på øyane (av Ståle Sætre) og purpurhegre har ikkje blitt sett før. Denne er utruleg sjelden i Norge (9.funn t.o.m 2002). Hegren kom flygande over Vågen ca. 22.15. Det var lyden som gjorde meg oppmerksam på den. Den har ein hesare, mørkare og ikkje så utdratt lyd som gråhegren. Fuglen var og ganske mørk under. Fikk desverre ikkje dokumentert den, så det blir å prøve å finne den igjen i morgon!
Ellers så var der ei trane på Voksa. (Muligens samme ind. som 2.mai?) Også lappspurv (hann) og 2 kortnebbgjess.


 Andre obsar:
strandsnipe 3+ (har komt for fullt dei siste par dagane)
skogsipe 1 (sjeldent vårfunn)
svartstrupe 3
vandrefalk 1
taksvale 1
heilo 21+
islom 1 ad.

Her er nokre bilder frå i dag!
skogsnipe

snadderand M F

trane
trane
trane




søndag 2. mai 2010

Sandsøya/Voksa 02.05.10

Endelig så begynder det å ta seg opp! I dag var det både trane og gulerle å sjå på øyane. Trana er muligens den samme som vart sett av Endre Vorren forrige søndag. Gulerla som vart sett i dag er den 2. for øyane. Den første vart sett i 2006. Andre observasjonar kan du sjå under.

sidensvans 1
svartstrupe 1 hann sy.
heilo 55-60
kortnebbgås 5 (6 ind. den 1.mai)
gluttsnipe 1
taksvale 2+

Bilder frå i dag!
trane

trane

gulerle

kortnebbgås

gluttsnipe