onsdag 30. juli 2014

Juni og juli 2014

I løpet av juni og juli har det blitt brukt svært mykje tid i felt. Der har det blitt jobba med mine eigne prosjekt på grashoppesongar og svartstrupe. Det har også blitt brukt mykje tid på merking av måseungar. I år har eg satsa spesielt på å merke ungar av svartbak, då desse har hatt eit meget bra år med tanke på ungeproduksjon. Ellers så har eg no i år for den sjette sesongen på rad jobba på SEAPOP-prosjektet på Runde, der vi overvåkar sjøfuglane på fugleøya. Legg ein så alle desse prosjekta i hop så blir det ikkje mykje tid til overs, det kan eg love deg!

Myrsongarar og polarmåse...
Når det gjeld raritetar i denne perioda så har det vore heller lite å finne. Det mest spesielle er nok to myrsongarar som holdt til på Voksa i første halvdel av juni, samt ein 2K polarmåse som blei sett på Sandshamna den 30.juni. Utanom desse så har det vore fint lite å snakke om.

Begge myrsongarane vart observert i passande hekkebiotopar, men den eine virka som om den forflytta seg vidare etter ikkje mange dagane. Den andre derimot, den holdt seg der ei god stund lenger. Eg skulle kanskje ha sjekka opp lokaliteten litt betre med tanke på å sjå om den muligens kan ha gått til hekking, men så er det det med tida igjen då...

Den songaren som vart høyrd syngande lengst vart fanga inn og ringmerkt den første morgonen etter ankomst. Her er tre bilder av fuglen, samt eit lydopptak av songar nr. to.
Myrsongar 2K+ M, Voksa 7.juni 2014

Myrsongar 2K+ M, Voksa 7.juni 2014


Myrsongar 2K+ M, Voksa 7.juni 2014


 Myrsongar, Voksa 8.juni 2014



Som eg nemnte over så vart det sett ein 2K polarmåse på Sandshamna på Sandsøya i slutten av juni. Dette er vel berre mitt tredje sommarfunn av arten, så den er ikkje akkurat vanlig å sjå på denne tida av året. 
Polarmåse 2K, Sandshamna/Sandsøya 30.juni 2014


SEAPOP - Runde 2014
No på tampen av hekkesesongen for dei fleste sjøfuglartane på Runde kan ein starte å sjå på kva sluttresultatet blir. For lundane så endar det på ein stad i overkant av 40% når det gjeld ungeproduksjonen. Ser vi på alke og lomvi så har dei openbart fått fram eit fåtall ungar. Men måten fuglane hekkar på, altså spredt og utilgjengelig i fjellet, gjer det slik at det er umulig å få nokre eksakte tal på ungeproduksjonen der. Går vi så vidare på krykkjene, så vart det den 27.juli taldt berre ca. 80 voksne fuglar igjen i heile fuglefjellet. Noko som vil seie at krykkjene nesten er vekke frå fjellet på Runde. Blant desse 80 var det nokre få som hadde bygd reir, og av desse igjen var det fire som hadde ungar. Totalt vart det sett seks store ungar, fordelt på to toarkull og to einarkull. Riktig nok så var det ein god del fleire krykkjer å sjå tidligare på sesongen, men desse kom aldri i hekkemodus, og ingen eller svært få av desse bygde reir i det heilte tatt. Ser ein vidare på toppskarven som tidligare hekka i store antall i Skarveura på NV-sida av øya, så har dei no for det tredje året på rad berre forlatt heile ura, og det har ikkje komt fram ein einaste unge der sidan 2011. Etter at skarveura har blitt forlatt så aukar antallet med skarv på sørsida av øya år for år. Så det virkar rett og slett som om skarvane er i ferd med å flytte kolonien rundt på andre sida av fjellet. Men på sørsida hekkar dei veldig spredt. Dette gjer det då slik at det også her blir umulig å få nokre eksakte tal på ungeproduksjonen. Det einaste ein kan seie med sikkerheit der er at det var ein del ungar å sjå. Når det gjeld storjoen og havsula så har vi ikkje fått nokre handfaste tal der enda, men desse vil kome etter kvart.

Her er eit bilde som blei tatt under ringmerking av voksne lundar for eit par dagar sidan. Lunden er her for anledninga inne i ei avkutta plastflaske. Dette blir gjort for at det skal bli enklare å jobbe med fuglen. Som igjen vil seie at fuglen er roligare og stressnivået blir lavare.
Lunde 4K+ (adult), Runde 28.juli 2014