søndag 30. september 2012

Måsar på Hordalandstur


Når eg var på Ona fikk eg vite at to av "mine" måsar som eg ring- og fargemerka i sommar var sett i Hordaland. Dermed blir det då etter at desse vart funne totalt tre måsar av dei eg har merka i år som har dukka opp utanfor fylkets grenser. Den første var som eg tidligare har nemnt her på bloggen svartbaken "JP952" som vart sett i Hå i Rogaland den 26.august.

Her er litt om dei to nyaste gjenfunna.

J4743
Gråmåse 1K
Gråmåse 1K
På dei to bilda over ser du gråmåse "J4743" som eg merka i måsekolonien i Goksøyra på Runde den 16.juli i år. Her er den avbilda i byparken i Bergen den 26.september. Bilda er tatt av Arild Breistøl. Totalt blei det ring- og fargemerka 18 gråmåseungar i denne kolonien. Dette var den andre av dei 18 som er funnen utanfor Runde. Eg hadde nemleg gråmåse "J4732" som eg merka den samme dagen innom på Sandshamna på Sandsøya den 19.september.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom der måsen vart merka på Runde og
byparken i Bergen er på 224km.
______________________________________________________________________________________________

JP954
Svartbak 1K
Svartbaken "JP954" som eg merka på Marøya den 15.juli i år vart sett på Hernar i Øygarden i Hordaland det også den 26.september. Denne er også avbilda av Arild Breistøl. Dette er den andre svartbaken av dei totalt 30 ind. som fikk påsett metall- og fargering i sommar som er funnen utanfor fylkets grenser.
 
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Marøya og Hernar i Øygarden er på
176km.

Ikkje noko spennande å sjå...
I går vart det tatt ei skikkeleg runde rundt på Voksa for å sjå om det var meir fugl å sjå enn før eg reiste på Ona. Men det var det desverre ikkje... Eg kan nesten ikkje huske å ha sett det så daudt som det har vore den siste tida! Men heldigvis så trengst det egentleg berre ein fugl berre den er sjelden nok. Fårhåpentlegvis så snur ting snart.

Her er nokre bilder som eg tok av ein gjeng fuglekongar på Voksa i går.
Fuglekonge, Voksa 29.september

Fuglekonge, Voksa 29.september

Fuglekonge, Voksa 29.september
Sjå fleire bilder på: ingarsfuglebilder.net
(For å sjå dei siste innlagte bilda så går du inn på "pages" i toppmenyen og så ned på "recent photos")

fredag 28. september 2012

Ona 24-28.09.12

Forrige søndag kveld reiste eg til Ona på Romsdalskysten med store forhåpningar om å finne sjeldenheiter. I løpet av dei neste fem dagane så blei det desverre ikkje funnet det heilt store. Når sjølv ikkje forskjellige veirforhold utgjorde nokon forskjell på rastande eller trekkande fuglar blir det svært så vanskeleg. Det er litt merkeleg for det er funne gobitar fleire stadar i Norge, då først og fremst lenger nord i landet, men også lenger sør.

Bomba glapp...
I løpet av oppholdet på Ona så vart det sett litt av kvart, men som nemnt over ikkje noko utanom det ordinære... Eller rettare sagt så fikk vi ikkje dokumentert den virkelige bomba. For på tirsdagen den 25.september så vart mest truleg norges første KRATTSPURV sett og høyrt kort på øya. Fuglen blei sett av tre persongar inkl. meg. Eg fikk først og fremst høyrd fuglen godt. Men ein av kompisane mine Jørn R. Gustad fikk sett fuglen, ein liten Emberiza-spurv som villig gav frå seg lyd. Lyden blei høyrd av tre personar (Jørn R. Gustad, Thomas Høyer Hansen, Ingar Støyle Bringsvor) uavhengig av kvarandre, og beskrivelsen av lyden var den samme. Når eg såg fuglen virka det som den trekte av øya. Etter endt feltdag blei lyd studert, og lydopptak av krattspurv stemte 100% med lyden som blei høyrd av "krattspurven" på Ona. Men i og med at fuglen ikkje blei sett skikkeleg, eller dokumentert så går det ikkje ann å claime den, desverre! Krattspurven er som nemnt over aldri påvist i Norge, den er ein austleg art som ein finn i hovudsak i Asia, men der er ein Europeisk hekkebestand vest for Uralfjella. 

Subraritetar 
Ellers så vart det sett nokre subraritetar desse dagane. Eg fikk sett ein gulbrynsongar på mandag den 24.september, vidare så vart ei svarthalespove ua. islandica, samt ei jordugle sett den 25. og 26.september. I dag (28.september) rett før eg reiste heim igjen så kom eg over ei tartarpiplerke som rasta på øya. 

Under kan du sjå nokre bilder som blei tatt denne veka på Ona.
Gulbrynsongar, Ona 24.september

Gulbrynsongar, Ona 24.september

Svarthalespove ua. islandica 1K, Ona 25.septeber

Svarthalespove ua. islandica 1K, Ona 25.septeber

Lappspove 1K, Ona 25.september

Jordugle 1K, Ona 26.september.
Denne kom trekkande rett inn frå havet.

Kvitkinngås, Ona 26.september
Ei av dei mange kvitkinngjessflokkane på trekk forbi Ona. Det vart også
sett ei heilt kvit kvitkinngås i blant alle dei normalt farga individa.

torsdag 20. september 2012

Fuglenytt 18-20.09.12

I går og i føregårs var eg ein tur på Ona på Romsdalskysten. Då delvis i jobbsamanheng, men egentleg først og fremst for å finn sjeldne fuglar. Men desverre så var der veldig få sjeldenheiter å finne. Der var faktisk ikkje noko spesielt i det heile tatt! Frå fredag av, og ut neste veke så skal det ein gjeng ut på Ona for å satse i felten. Så det blir nok slik at eg tek meg ein tur dit rett over helga...  

Her er eit bilde av ein lappspurv som vart sett rastande på Ona den 18.sep.

Lappspurv, Ona

Fargemerka gråmåsar...
I går (19.sep.) når eg hadde komt heim igjen på Sandsøya etter turen på Ona vart måsane på Sandshamna sjekka for første gongen på to veker. Det resulterte fortsatt ikkje i sjeldenheiter, men derimot så var ikkje mindre enn 10 av årsungane som eg ring- og fargemerka i sommar på plass på hamna. Då fordelt på 9 gråmåsar og 1 svartbak. Den mest interessane var gråmåsen med fargeringkode J4732. Den vart nemleg merka i Goksøyra på Runde den 16.juli. Dette var ein av dei totalt 18 gråmåseungane som blei merka på Runde i år.

Her er eit bilde av "J4732" som i går var innom på hamna. Avstanden frå der måsen vart merka på Runde og til Sandshamna på Sandsøya er på 18 km.

Gråmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya.


Dagens fuglenytt
I dag vart det gått ei skikkeleg runde rundt om på markane på Voksa. Det resulterte i haustens første kvartbekkasin. Ellers så virka det ganske så daudt. Men heilt på tampen av runda kom det flygande ein liten falk. Den var langstjerta og hadde lange og tynne vinger. Dermed er det snakk om ein ubestemt lerke-/aftenfalk. Då ein dvergfalk ville vore meir kompakt, med ikkje like lang sjert og virka meir breivinga. "Sjølvsagt" så lukkast det desverre ikkje å få dokumentert fuglen, men ut i frå proporsjonar og jizz så låg det nok nærmast ein aftenfalk. For form og proporsjonar var så og seie kliss lik aftenfalken som eg hadde på Sandsøya tilbake i mai.

Her er ein link til falken som eg kom over i mai.
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2012/05/aftenfalk-sandsya-150512.html

onsdag 12. september 2012

Påkjøyrd havørn og ny nettside

I går var eg ein snartur på Barmen i Selje kommune i Sogn og Fjordane for å hente ein årsunge av havørn som hadde vorte påkjøyrd av ein bil. Det virka som om den hadde blitt truffen midt i brystet. Både vinge, nakke og føtter fungerte slik som dei skulle, så forhåpentlegvis så var den berre kraftig forslått og ikkje noko verre. No er den i gode hender... Den er nemleg i pleie hos Alv Ottar Folkestad. Så får vi berre krysse både fingrar og tær for at den kjem tilbake på vingene.

Her er eit bilde av den majestetiske fuglen.
Havørn 1K
Ny nettside
Ellers så har dei siste dagane blitt brukt til å få ei ny nettside på fote. No er den oppe og går. Etter kvart vil der bli lagt ut enda fleire bilder. Så det er berre å ta seg ein tur innom!

Her er ein link til den splitter nye nettsida: http://ingarsfuglebilder.net/

lørdag 1. september 2012

Fuglenytt frå Sandsøya/Voksa 29-31.08.12

Dei siste dagane så har det blitt satsa ein del på havfuglskoding. Det utan at det har gitt det heilt store resultatet, desverre. Det har for det meste blitt skåda frå Sandsøya, men i går tok eg meg ein snartur til utan for Ervika på Stadlandet i Sogn og Fjordane for å sjå om der var noko som bevega seg på havet... Det var det desverre ikkje. Det beste som har blitt sett desse dagane er 2 havlirer og 1 adult lysfasa polarjo. Alle då trekkande mot sør utanfor Sandsøya. Ellers så har det vore lite fugl å sjå både på landt og på havet.

Grashoppesongar...
Som eg skreiv i det forrige innlegget så er der grashoppesongarar på Voksa. Både ein voksen fugl og ein årsunge vart sett den 27.august. I går, altså den 31.august så tok eg meg ein kjapp tur på staden der songarane har oppholdt seg. Der var fortsatt den unge grashoppesongaren på plass. Eg fikk også erfart at årsungane faktisk kan virke territorielle slik som dei voksne fuglane. Normalt så er dei berre nyskjerrige på lyd, men så seint på sesongen så viser det seg at dei eldste av årets produksjon faktisk "går på lyd", og også prøvar å synge. Ut i frå oppførselen, og at den faktisk prøvde å synge så må ungfuglen vere ein hann.

Her er eit bilde av songaren frå i går.
Grashoppesongar 1K M, Voksa 31.august.


Svenskmerka gråmåse m.m.
For eit par dagar sidan så fikk eg livshistoria til den svenskmerka gråmåsen som eg såg på Sandshamna på Sandsøya den 22.august. Her er eg det eg fikk vite.

Gråmåse 8K, Sandshama/Sandsøya 22.august.
Gråmåsen med metallring nr. 90A69108 vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) den 15.juni i 2005 på Skommarrevet i Gävle i Midt-Sverige. Dermed er måsen no litt over 7 år gammal. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Skommarrevet i Gävle
og Sandshamna er på 647 km. 

På plass igjen...
Eg kan også nemne at i går vart gråmåsen med metallring nr. FA17168 sett på nytt på Sandshamna. Denne årsungen av gråmåse som blei merka ved Grimstadvatnet på Hareid i Møre og Romsdal i juli vart sett første gongen på hamna den 2.august, og i går nesten ein månad etter så var den på plass igjen.