mandag 23. juli 2012

Fargemerkingsprosjektet for storspove

I fjor, altså i 2011 vart det starta opp eit nytt fargemerkingsprosjekt av Sunnmøre ringmerkingsgruppe på ein art det har blitt satsa lite på frå før av, nemleg storspove. Ein veit så langt veldig lite om kvar "våre" spover tilbringer tida utanom hekkesesongen. Då hjelper fuglar med fargering ekstremt mykje for å seie det mildt. For med berre metallring så er det nesten umogleg å få lest av fuglane, men har du derimot ein påsett fargering så gjer det oppgåva mykje lettare. Ja, det aukar faktisk sjangsen for gjenfunn med fleire titals prosent! Og dess lettare det er å lese av ringane på fuglane dess fleire gjenfunn får ein og dermed meir informasjon om arten. Noko som igjen vil gjere det slik at ein kan starte og gjere seg opp eit meir korrekt bilde på for eksempel overvintreingskvartera til fuglane.

Her er litt om dei to første sesongane for storspoveprosjektet:

2011
I 2011 vart det fargemerka 21 storspover på søre Sunnmøre. Dei var fordelt i desse kommunene. Giske (4),
Hareid (9), Ulstein (2), Ørsta (6). I tillegg til alle desse som vart fargemerka så blei det merka ei spove med berre metallring i Giske kommune. Det vart også fargemerka tilsaman 6 ind. i Rogaland med dei samme ringane som dei som blir brukt her.

Når det gjeld gjenfunn av dei merka fuglane så vart det sett ei storspove med fargering i Skottland. Denne lukkast det ikkje å få lest av då observatøren blei forstyrra i det han var i ferd med å lese av ringen. I og med at den ikkje blei lest av så veit vi ikkje om fuglen stamma frå Sunnmøre eller om det var ein fugl frå Rogaland.

Her er eit bilde av ei av spovene som blei ring- og fargemerka i fjor.
Storspoveunge (pullus) med fargeringkode "AKL". Foto: Stian Moldskred.
Legg merke til at fargeringen er plassert på høgre tibia, altså over kneleddet.
På venstre tibia er det ein smal fargering utan kode. Den har også sjølvsagt
ein metallring. På dette bildet er den ikkje synleg men den er plassert på
den venstre tarsen.

2012
I år har det så langt blitt fargemerka 28 forskjellige spover. Desse er fordelt på fleire kommuner på søre Sunnmøre. Giske (9), Hareid (13), Ulstein (3), Sande (1). Det har også blitt fargemerka 2 ind. i Hornindalen i Nordfjord. I tillegg til alle dei som har fått påsett fargering så har det blitt merka 1 ind. med berre metallring i Sykkylven.

Her er nokre bilder av dei fargemerka spoveungane i 2012.


Her er ein liten krabat som eg kom over på
Sandsøya den 1.juli. Den fikk påsett farge-
ringar og metallring.
Her ser du tydeleg den smale oransje fargeringen som er plassert på
venstre tibia. Foto: Stian Moldskred.

Her ser du fargeringen med koda på som er plassert
på høgre tibia. Denne bør vere relativt lett å få auge
på, og heller ikkje så vanskeleg å få lest av.
Foto: Stian Moldskred.

Dermed har alle ein god grunn til å sjå nøye på storspovene rundt omkring. Skulle du sjå, og dermed få lest av ei storspove med fargering så er det berre å ta kontakt med Kjell Mork Soot så vil du få svar med informasjon om fuglen snarast. Han kan nåast på denne mail-adressa: kjellmorksoot@fugler.com

torsdag 19. juli 2012

Avleste fargemerka- og fargemerking av måsar...

Den siste tida har det blitt lite "jakting" på sjeldenheiter... Det mest uvanlege eg har komt over heime på øyne er ei kvitkinngås som har slått seg i lag med nokre grågjess på Voksa. Ellers så har fokuset vore på måsar. Då både med tanke på å finne gobitar, men også å finne og samt få lest av fargemerka ind. Det har resultert i to norskmerka gråmåsar og ein engelskmerka svartbak. Utanom dei måsane som eg har avlest har eg frå slutten av juni fått ring- og fargemerka totalt 42 gråmåseungar (pullus) på Sandsøya, samt i Goksøyra på Runde. Og sist men ikkje minst 17 svartbakungar (pullus). I tillegg til desse så har eg sett på berre metallring på 1 sildemåseunge og 2 svartbakungar, då desse var for små til å få påsett fargeringar...

Her er litt om dei fargemerka måsane som har vorte avleste på Sandshamna på Sandsøya dei siste tre vekene.

J3585
Gråmåse 2K med fargeringkode J3585 vart sett rastande på Sandshamna
den 29.juni.
Gråmåsen med fargeringkode J3585 vart merka som ein 1K-fugl den 12.desember i 2011 i Mandal, Vest-Agder. Der holdt den seg i området fram til slutten av april. Etter dette vart den i siste halvdel av juni sett i Bergen, før den 9 dagar seinare den 29.juli då vart sett på Sandshamna. Under kan du lese den fulle historia til måsen!

Dato       Stad                                                       Koordinatar Observatørar Dagar/km/°

12.12 2011 Oksevollen 19, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'45"N 007°27'13"E Jørgensen, Finn -
14.12 2011 Gismerøya, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°00'52"N 007°28'37"E Jørgensen, Finn 2/2/139
21.12 2011 Mandalselva Edgar`s, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'38"N 007°27'22"E Helberg, Morten
Maløya Torland, Klaus 9/0/145
29.12 2011 Mandalselva Skinsnes, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'39"N 007°28'02"E Jørgensen, Finn
Wiblemo-Jørgensen, Gordon 17/1/103
12.01 2012 Mandalselva Malmø, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'30"N 007°27'18"E Johansen, Rolf 31/0/169
02.02 2012 Mandalselva Fiskelaget, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'30"N 007°27'06"E Jørgensen, Finn 52/0/193
13.03 2012 Mandalselva Sentrum, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'33"N 007°27'09"E Johansen, Rolf 92/0/190
06.04 2012 Mandalselva Sentrum, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'33"N 007°27'09"E Helberg, Morten
Nilsson, Anna 116/0/190
07.04 2012 Mandalselva Edgar`s, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'38"N 007°27'22"E Jørgensen, Finn
Wiblemo-Jørgensen, Gordon 117/0/145
24.04 2012 Sjøsanden ved Piren, Mandal, Vest-Agder, Norway 58°01'39"N 007°28'02"E Jørgensen, Finn 134/1/103
19.06 2012 Rådalen, Bergen, Hordaland, Norway 60°16'57"N 005°19'14"E Breistøl, Arild 190/279/335
20.06 2012 Rådalen, Bergen, Hordaland, Norway 60°16'57"N 005°19'14"E Breistøl, Arild 191/279/335
29.06 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 200/482/347

 
Her er eit oversiktskart med forflytningane til "J3585".
Avstanden frå der måsen vart merka i Mandal og til
Sandshamna er på 482 km.
                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                 
  J3113
Denne 2K gråmåsen med fargeringkode J3113 vart sett på Sandshamna
den 4.juli.
Gråmåsehannen med fargeringkode J3113 vart merka som ein 2K-fugl den 5.april i Breiavatnet i Stavanger. Der oppholdt den seg til den siste halvdelen av april. Så vart den som nemnt sett på Sandshamna den 4.juli. Under er den fyldige funnhistoria til fuglen!
 
Dato        Stad                                                   Koordinatar Observatørar  Dagar/km/°

05.04 2012 Breiavatnet, Stavanger, Rogaland, Norway 58°58'07"N 005°44'02"E Mjøs, Alf Tore -
05.04 2012 Breiavatnet, Stavanger, Rogaland, Norway 58°58'07"N 005°44'02"E Breistøl, Arild 0/0/0
12.04 2012 Breiavatnet, Stavanger, Rogaland, Norway 58°58'07"N 005°44'02"E Mjøs, Alf Tore 7/0/0
22.04 2012 Breiavatnet, Stavanger, Rogaland, Norway 58°58'04"N 005°43'57"E Molværsmyr, Sindre 17/0/220
04.07 2012 Sandshamn, Sande, Møre og Romsdal, Norway 62°15'08"N 005°28'58"E Støyle Bringsvor, Ingar 90/365/357

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå der den vart merka i Stavanger og til
Sandshamna er på 365km.

Engelskmerka svartbak
Den samme dagen som "J3113" vart sett på Sandshamna vart det sett ein 5K+(adult) svartbak med det som viste seg å vere ein engelsk fargering. Men eg har fortsatt ikkje fått livshistoria til måsen... Under kan du sjå eit bilde fuglen. Denne stammar frå eit prosjekt som eg ikkje har hatt gjenfunna av frå før.
Svartbak 5K+,  (fargeringkode 3C1B), Sandshamna den 4.juli.
Her er det eg fikk vite om måsen...

Svartbaken vart merka som ein 4K+ fugl den 19.mars i 2011 på ei søppelfylling ved King`s Lynn i Norfolk i England. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom King`s Lynn i Norfolk og Sandshamna
er på ca. 1100 km. 

Ring- og fargemerking av måsar...
I år fikk eg "endeleg" ringmerkingslisens slik at eg kunne ring- og fargemerke måsar. Fokuset så langt har vore på å få merka så mange årsungar av måsar som mulig! Det har som nemnt over blitt totalt ring og fargemerka 62 måseungar. Fordelt på 17 i Goksøyra på Runde, og 45 på og rundt øyne heime. Når det gjeld artar så er det snakk om gråmåse(42 ind.), svartbak(19 ind.) og sildemåse(1 ind.).

Gråmåse pullus, Sandsøya 29.juni 2012
1 av dei totalt 42 gråmåseungane som har blitt ring- og fargemerka.

Svartbak pullus, Marøya 15.juli 2012
1 av dei 17 fargemerka svartbakungane på Sandsøya og Voksa, samt
områda rundt. I tillegg er det også to som har blitt påsett berre metallring.

To eksemplariske svartbakungar etter merking...

onsdag 11. juli 2012

Ringmerka tjeldar frå Storbritannia

Den 31.mars i år lykkast eg med å få avlest to ringmerka tjeldar med metallring frå Storbritannia på øyane heime. Den eine vart lest av på sørsida av Sandsøya, medan den andre vart lest av på Voksevegen rett nord for Voksa. For ei lita stund sidan fikk eg svar på begge fuglane. Her er det eg fikk vite om dei to...

Tjeld, Voksa/Voksevegen:
Denne minst 20 år gamle tjelden med metallring nr. FA65235 har tilhold
ved Voksevegen nordaust på Voksa.
Tjelden som vart avlest på Voksevegen viste seg å vere ein eldre fugl. Den vart nemleg ringmerka som ein adult fugl (3K+) den 2.november i 1994 på lokaliteten Friskney New Marsh i Linkolnshire på austkysten av England. Dermed er tjelden no minst 20 år gammal. Men sidan den vart merka som ein fullt voksen fugl så kan den i teorien vere veldig gammal! Aldersrekorden for denne arten er på 43 år og 4 månadar. Dette var det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden frå der "FA65235" vart ringmerka i England og til
Voksevegen er på ca. 1063km.
                                                                                                                                                                   


Tjeld, Sandsøya:
Denne tjelden med metallring nr. FP82910 har hatt tilhold på den samme
staden på sørsida av Sandsøya for minst det andre året på rad.
På Sørsida av Sandsøya vart det avlest ein ringmerka tjeldhann. Denne viste seg å vere merka på sørvest-kysten av Skottland den 5.september i 2009. Lokalieten er nærmare bestemt Waterfoot, Annan. Denne vart også merka som ein fullt voksen fugl (3K+). Noko som vil seie at den i dag er minst 5 år gammal. Dette er minst det andre året den er på plass på sørsida av Sandsøya, men i fjor blei den aldri avlest... Som hos fuglen frå Voksevegen var også dette det første gjenfunnet etter at den blei merka.

Her er eit oversiktskart.
Avstanden mellom der "FP82910" vart merka i
Skottland og Sandsøya er på ca. 947 km.

I år har paret med den ringmerka hannen ("FP82910") 3 ungar. Eg har så langt ringmerka 2 av dei. Her er eit bilde av ein av ungane.
Tjeld pullus, Sandsøya 9.juli 2012

torsdag 5. juli 2012

Endelig fullklaff??

I år ser det endeleg ut til å gå veien for lundane på Runde! Det vil seie at dei får fram normalt med ungar. Ein må tilbake til før 2005 for å ha eit heilt normalt produksjonsår for lundane på Runde. Etter dette har det ikkje vore heilt på topp. Verst har det vore dei siste fire føregåande åra. Med tre nullår, med ekstremt liten eller ingen ungeproduksjon, og eit halvgodt år i 2009. Men i år ser det ut slik som det skal i følge dei som har erfaringar frå slik det ein gong var. For dei andre sjøfuglartane på Runde så gjer havsula og storjoen det bra. Medan lomvi og alke truleg får fram eit lite antall med ungar, men her er det ikkje noko antall å snakke om. Krykkjene ser faktisk også ut til å få fram eit lite antall med ungar i år. Dei føregåande åra har det vore null og niks, men i år blir det anslått at 2-4% av fuglane får fram ungar. Men dette er fortsatt svært usikkert. Toppskarven virkar å ha eit bunnår, med ekstremt liten ungeproduksjon, men her har vi ikkje full oversikt enda.

Her er nokre bilder frå i føregårs når eg tilbrakte nokre timar i lundeura for å ta bilder av lunde som kom med mat. Fisken dei bærer er i hovudsak småsild, men dietten inneheld også fleire fiskeartar. Maten finn dei i hovudsak nord for Runde mot Vigra, men i år er det også fiskande lundar inn mellom øyane lenger sør.