lørdag 10. oktober 2020

Ein ny art for fylket!

Dei siste åra har det, i tillegg til sjøfuglovervakinga på Runde, blitt meir og meir jobbing med mine eigne prosjekt-artar, som svartstrupe, grashoppesongar, havsvale og stormåsar (gråmåse, svartbak og sildemåse mfl.). I tillegg så har vi i 2020 starta eitt nytt fargeringmerkingsprosjekt på buskskvett; ein art det ikkje har blitt satsa noko særleg på i Norge tidligare. Det skal bli spennande å sjå kva slags data dette prosjektet kjem til å gi... Eg ser i alle fall fram til også å lære denne arten betre å kjenne. 

Ny art for fylket!
Tross denne prioriteringa av desse prosjekt-artane, så kjem eg no av og til over ein og anna godbit. Slik har det også vore i 2020. For er ein utandørs og brukar sansane sine, så kan ein jo kome over både det eine og andre. Den virkelige godbiten så langt i 2020 skulle kome den 17. august, på ei av mine mange runder rundt på Sandsøya for å sjå etter svartstruper. For i Våge, nord på øya, sat det nemleg plutseleg ein varslar i ein liten rogn tett inntil bilvegen. Då eg fekk satt kikkert på den, såg eg med ein gong at det var snakk om den sørlige arten RAUDHOVUDVARSLAR. Dette var ein fugl som aldri hadde vore sett i Møre og Romsdal tidligare, og som det kun er ca. 30 funn av totalt i Norge. Ein må til Sør-Europa for å finne dei nærmaste hekkeplassane til denne varslar-arten. Denne fuglen, som et insekt, mindre fuglar og amfibier, såg ut til å finne godt med mat i det fine vêret. Området den holdt seg på i Våge har nemleg ein rik vegetasjon med mykje fuktigheit; ei god oppskrift på eit rikt insektsliv. Varslaren vart også sett dagen derpå, ca. 300 meter lenger sør. Dette gjorde sitt til at eitt par kompisar også fikk sett den eksklusive arten her i fylket. Det kan fort bli ei stund til den neste dukkar opp...

Ut i frå dei generelt blasse fargane i fjørdrakta, kombinert med svært slitte og bleikte arm-, sving- og stjertfjører, så må dette dreie seg om ein 2K fugl. Det vil seie ein fugl i sitt 2. kalenderår, og som då blei klekt sommaren 2019. 
Raudhovudvarslar 2K, Våge, Sandsøya 17. august 2020

Raudhovudvarslar 2K, Våge, Sandsøya 17. august 2020

Raudhovudvarslar 2K, Våge, Sandsøya 17. august 2020

Raudhovudvarslar 2K, Våge, Sandsøya 18. august 2020

Raudhovudvarslar 2K, Våge, Sandsøya 18. august 2020

Raudhovudvarslar 2K, Våge, Sandsøya 18. august 2020

Dette området i Våge, der raudhovudvarslaren holdt seg, har eit veldig fint habitat med tanke på varslarar; mange spreidde småbusker, slirekne, skjermplantar og gjerdestolpar som dei kan bruke som utkikspunkt på jakt, og mykje insekt å jakte på. Eg har hatt både varslar, tornskate og rosenvarslar i dette området, så det er nok liten tvil om at dette er eit av, om ikkje det mest innbydande området for desse halvstore spruvefuglartane, her på øyane. 

Det var i dette området i Våge, nord på Sandsøya,
raudhovudvarslaren haldt seg 17. og 18. august. 


Førstefunn for øyane
Ikkje mange dagane etter, den 25. august, var eg ute og skulle sjå over måsane som var ved fiskemottket på Sandshamn. Like etter at eg hadde "rulla ned" vinduet på bilen, høyrde eg ein lokkelyd det var vanskelig å ta feil av. Det måtte jo vere lokkelyden av ei sitronerle! Sitronerla er ein austleg art som eg aldri tidligare hadde sett, verken på Sandsøya og Voksa, eller nokon annan stad. Så det å få sette arten hadde eg venta ei god stund på. Etter å ha fått høyrd lokkelyden eitt par gongar, utan å sjå fuglen, vart det ein smule hektisk aktivitet. For skulle den virkelig glippe no når den nok endelig var her?! Eg måtte nemleg få sett fuglen godt for å kunne utelukke ei austleg gulerle, som også kan ha ein slik lyd, eller kanskje også ein hybrid av eit eller anna slag... Etter å ha leita ei god stund fekk eg sett fuglen i flukt i ganske stor høgde. Den var akkurat for langt unna og vinkelen var akkurat feil til at eg kunne få sett dei mest avgjerande draktkarakterane. Eg hadde nesten gitt opp, då eg etter ca. 5 timar med leiting endelig fekk sett fuglen godt nok til å seie at det faktisk var øyane si første sitronerle det dreia seg om. For med lyst innramma mørke øyredekkarar, markerte breie kvite dobble vingeband, heilmørkt nebb, ei fjørdrakt med grå overside og utan innslag av gult, mangel på mørk brystflekk osv.; var det ingen tvil om at det var ein årsunge (1K) av sitronerle som endelig hadde dukka opp på øyane! Etter 2010 har det medrekna denne erla kun vorte sett 8-9 sitronerler her i fylket, så nokon vanleg arten er den ikkje. Ein må austover til Sibir og Sør-Russland for at det skal bli ein vanleg hekkefugl. Arten virkar riktig nok å vere på vandring nordvestover, og hekkar no regelmessig i Polen, og det er hekkefunn frå både Sverige og Finland. I Norge er det minst eitt par hekkefunn ilag med gulerle. 

Sitronerla vart min 229. fugleart på Sandsøya og Voksa, og den tredje nye arten for øyane i 2020. I tillegg til raudhovudvarslaren og sitronerla vart øyane sine første to snøgjess sett ved Voksa 11. mai. 

Sitronerle 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. august 2020

Sitronerle 1K, Sandshamn, Sandsøya 25. august 2020


Eit skikkeleg målarskrin...
Den 27. august vart det sett to bietarar på Vigra, like ved Ålesund. Dette var også ein art eg aldri tidligare hadde sett... så kanskje skulle eg ta meg ein tur? På morgonen den 28. august, etter å ha vore ut på natta og ringmerkt havsvaler, bestemte eg meg for å ta meg ein tur, då fuglane fortsatt haldt til i det same området som dagen i forvegen. Og gjett om det var verdt turen! For det tok ikkje lenge før eg fann fuglane etter ankomst. Dei haldt seg mykje i ei stor selje som stod åleine inne på ei slåttemark. Den brukte dei som utkikspunkt og opphaldsplass mellom kvar gong dei var ute og flaug, på jakt etter insekt. Ved jamne mellomrom kom dei flygande ut og snappa insekt i lufta ilag med låvesvalene. For nokre elegante flygarar! Min gode venn Alv Ottar Folkestad beskreiv desse fuglane som målarskrin, og gjett om det er ein dekkande beskrivelse. For for nokre fargar. Ein kan vel trygt seie at dei ikkje ser ut som dei fuglane vi normalt finn her hos oss... Bietar er ein sørlig art som vi må til Sør-Europa for å finne hekkande nærmast oss. Riktig nok så kan dei av og til hekke enda lenger nord. Det er nemleg hekkefunn frå både Sverige og Danmark, samt fleire hekkefunn på dei Britiske øyane. Dei overvintrar i tropisk Afrika. 
Bietar 2K+, Blindheim, Vigra 28. august 2020

Bietar 2K+, Blindheim, Vigra 28. august 2020

Bietar 2K+, Blindheim, Vigra 28. august 2020

Bietar 2K+, Blindheim, Vigra 28. august 2020
Her med ein admiral-sommarfugl. 

Bietarar 2K+, Blindheim, Vigra 28. august 2020