lørdag 28. mai 2011

Gulerle m.m. på Sandsøya/Voksa 28.05.11

I dag vart det gjort ei skikkelig runde rundt på øyane. Det var nemleg på tide etter eit par dager der eg har vore opptatt med feltarbeid.

Dagens gobit var først og fremst ei gulerle ua. flava  på Voksa. Dagens nydelige gulerlehann vart det 3.funnet av gulerle på øyane. Ellers so satt det ein vaktel og song på Voksa.

 Her er nokre bilder av erla.
Gulerle ua. flava M, Voksa
Gulerle ua. flava M, Voksa
Gulerle ua. flava M, Voksa
Gulerle ua.flava M, Voksa


Grashoppesongarar
I dag sjekka eg opp nokre grashoppesongarar som eg ikkje hadde sett eller høyrd på eit par veker. Og både XAE og XAA var fortsatt på akkurat same plass på Voksa. Medan XAC på sørsida av Voksa hadde flytta seg heilt inn igjen i vika. På Sandsøya sjekka eg opp XAP som ikkje hadde gitt lyd frå seg sidan vi merka den  9.mai. No skal dei få fred framover for no har dei nok å gjere. (Hekking)

Sjå karta under!













Andre observasjonar
Her er noko av det andre som vart observert i dag:
islom 1 2K (N-sida av Voksa)
sandlo 7+ (Voksa)
myrsnipe 1+ (Voksa)
tyvjo 1+ (Vågen/Sandsøya)
gjøk 2 MM sy. (Åram og Våge/Sandsøya)
hagesongar 1 M sy. (Voksa)
møllar 1 M sy. (Støylemyrane/Sandsøya)
gulsongar 1 M sy. (Støyle/Sandsøya)

fredag 27. mai 2011

Oversikt over grashoppesongarar etter 26.05.11

For eit par dagar sidan fikk vi fonga (Kjell Mork Soot og eg) og ringmerka/fargemerka to av dei tre nye grashoppesongararne eg oppdaga syngande 23.mai. Det vil då seie at 16 av dei 22 hannfuglane som er og har våre på øyane har fått på seg fargeringar. Sjå bilder av songarane under. 

Grashoppesongar på Leina på Sandsøya
Grashoppesongar M som vart oppdaga på Leina på Sandsøya 23.mai.
Her har same fuglen som over fått mertall- og fargering.
Den fikk fargering XCA.

Grashoppesongar på Voksa.
Grashoppesongar M vart oppdaga på ein ny plass på Voksa 23.mai.
Denne ligg heilt i ytterkant på skalaen for kor kraftig teikna/streka ein
grashoppesongar kan bli.
Dette er same songaren som på bildet over. Her med metall- og fargering.
Denne fikk fargering XCC.


Oversiktskart
Her er nokre oppdaterte kart som viser kor grashoppesongarane er fordelt på Sandsøya og Voksa.
Husk å klikk på karta for større format!

 


mandag 23. mai 2011

Nye grashoppesongarar x3, samt sivsongar merka i Portugal, Sandsøya/Voksa 23.05.11

Den siste veka har det vore eit forferdeleg dritveir. Og ikkje nok med det so har eg vore opptatt med feltarbeid på Runde og havørnprosjektet! Dermed har det vore lite tid til å farte Sandsøya og Voksa rundt på leiting etter grashoppesongarar og anna snacks....

Men i natt som var var det endeleg eit brukbart lytteveir. Og lytterunda resulterete i 3 nye grashoppesongarhannar. 1 på Voksa og 2 på Sandsøya. Utan om dei 3 nye satt 3 av dei stasjonære songarane i Våge på Sandsøya og song. Dermed song ikkje mindre enn 6 grashoppesongarar...

Nye grashoppesongarar
Etter å ha høyrd 3 grashoppesongarar syngande på nye plassar i natt vart det ein tur ut for å få fotodokumentert dei i dag. Og som eg trudde so var alle nye fuglar. Dermed er totalen no oppe i 22 hannar og 5 hoer, noko som vil seie ikkje mindre enn 27 ind. totalt.

Her er nokre bilder av dei 2 songarane eg fikk dokumentert. Den tredje fikk eg desverre ikkje bilder av, då den var svært lite samarbeidsvillig. Men eg fikk sett den gjennom kikkerten og den hadde verken metallring eller fargering. Dermed ein ny fugl!

Her er eit par bilder av den nye hannen på Voksa.
Grashoppesongar M, Voksa
Grashoppesongar M, Voksa

Og ikkje minst eit par bilder av ein av dei nye songarane på Sandsøya.
Grashoppesongar M , Leina/Sandsøya
Grashoppesongar M, Leina/Sandsøya

Portugisikmerka sivsongar...
I dag når eg sjekka ut den nye grashoppesongaren i Våge på Sandsøya såg eg ein sivsongar med metallring. So dermed måtte eg forsøke å få lest den av. Og som sagt så gjort! Etter ei stund hadde eg nok bilder til å lese det som stod på ringen. På ringen stod det CEMPA SEA, LISBOA, A276536. Dette var då ein portugisisk ring. Og etter å ha snakka med Kjell Mork Soot viste det seg at det før 2004 ikkje hadde vore eit einaste gjenfunn av portugisiskmerka sivsongarar i Norge. Mulignes har det vore gjenfunn etter dette....

Ringen som satt på songaren.
Her er den portugisiskmerka sivsongaren. Denne satt ikkje lenger enn ca.
100 meter i frå der vi fanga den Belgiskmerka sivsongaren.

søndag 15. mai 2011

Aftenfalk og åkerrikse

I dag vart turen lagt til Runde der det dei siste dagande har holdt til ein 2K aftenfalk hann.
Denne nydelige fuglen viste ikkje anntydningar til å vere redd for folk. Det nærmaste eg var falken var 2,5 meter i frå. Denne falken lever i hovudsak av insekt. Falken er utbredt i aust og søraust-Europa og vidare nordaustover inn i Asia. Dermed kan ein trygt seie at den er ein meget stor raritet i Norge.

Under kan du sjå nokre av dei utallige bilda som blei tatt!
Aftenfalk 2K M, Runde
Aftenfalk 2K M, Runde
Aftenfalk 2K M, Runde
Aftenfalk 2K M, Runde
Aftenfalk 2K M, Runde
Aftenfalk 2K M, Runde

Her er eit lite videoklipp av aftenfalken.



Åkerrikse
I går (13.mai) blei det tatt bilder av ei mulig ny åkerrikse i Våge på Sandsøya. Det kan sjølvsagt berre vere den som er stasjonær der som akkurat då flytta litt på seg, men kven veit....??

Åkerrikse M, Våge/Sandsøya
Åkerrikse M, Våge/Sandsøya

Åkerrikse M, Våge/Sandsøya
Åkerrikse M, Våge/Sandsøya
Åkerrikse M, Våge/Sandsøya
  

Dagens observasjonar (14.mai)
Før eg for på Runde for å sjå aftenfalken vart det nokre timar med skåding på Sandsøya og Voksa. Det resultrete i min første syngande svartkvite flugesnappar hann for året på Voksa. Og min første vaktel på nesten 2 år her ute på øyane. For i fjor vart det vel berre høyrd 2-3 vaktelar i MR, og ingen av desse var på Sandsøya og Voksa.

tirsdag 10. mai 2011

11 nye grashoppesongarar på Sandsøya/Voksa 5-10.mai

Grashoppesongar M, Våge 10.mai
Den siste veka har det gått so og seie i ett med å følge med på fuglelivet på øyane. Då særleg grashoppesongarane! Det har vore so intensivt at eg desverre ikkje har fått tid til å oppdatere bloggen.











Sidan forrige innlegg den 4.mai har det komt ein del fleire grashoppesongarar. Det vil seie 9 nye hannar og 2 nye hoer. Noko som gjer at totalen då er på 19 forskjellige hannar og 4 hoer på øyane i år. (23 TOTALT!!) Under ser du ei full oversikt over songarane (klikk på karta for stort format)

 Oversikt over Våge/Sandsøya                                                                  Oversikt over Støyle/Sandsøya








                                                
 Oversikt over Voksa
        



Nye kontrollar...
Tre av hannane som har komt den siste veka er fuglar som vart merka i fjor. Dermed har 4 av dei 11 som vart ringmerka i fjor komt tilbake. 3 av desse er på eksakt same plassen som i fjor, medan en av dei har bytta øy. (frå Voksa til Sandsøya)

9E40520: Dette var den første songaren som vart merka i 2010. Den vart
merka 10.juli på Voksa. Og dette var faren til den første dokumentrete
ungen i MR.. I år er den ikkje på Voksa, men på Sandsøya. Denne har fått
påsatt fargering med bokstavane XAP. I år vart den oppdaga 8.mai.
9E40522: Dette var den første songaren som kom i 2010 (7.mai). Den vart
merka på eksakt same plassen som den er på i år. Det skjedde 10.juli i 2010.
Denne hannen fikk også fram ungar i fjor. I år har den fått påsat fargering
på den står det XAM. I år vart den oppdaga 8.mai.
9E40523: Denne hannen vart merka 10.juli i 2010 på eksakt same plassen
som den er på plass på igjen i år. Det er då i Våge på Sandsøya.
Den vart oppdaga i dag tidleg. (10.mai)


Fargemerking
Etter at vi har ringmerka og fargemerka to gongar i år so har vi fargemerka 13 grashoppesongarar (hannfuglar).

Her er eit bilde av ein av songarane vi merka 4.mai!
Grashoppesongar M, Voksa 10.mai


Her er bilda av alle grashoppesongarane som fikk fargering 9.mai!
XAM: Denne vart merka med metallring i fjor. På same plass i år. Det vil seie
på Voksa. Den vart oppdaga 8.mai.
XAV: Denne songaren har vore på plass i Våge på Sandsøya sidan 27.april.
XAM: Denne har vore på Voksa sidan 27.april. Den vart sett i lag med eit
hoe 8.mai.
XAP: Denne vart oppdaga på Sandsøya 8.mai. Den vart merka på Voksa
i 2010. Der den fikk den også fram fleire ungar.
XAT: Denne vart oppdaga i Våge på Sandsøya 9.mai.
XAU: Denne vart oppdaga i Våge på Sandsøya 8.mai.
XAX: Denne vart oppdaga 9.mai i Våge på Sandsøya.

Gjenfunn av ringmerka sivsongarar frå Norge og Belgia!
Dei siste dagane har sivsongaren komt for fullt. So dermed fanga vi inn dei som var i nærleiken av der grashoppesongarane holdt til. Det resulterte i ein Norskmerka og ein Belgiskmerka sivsongar. Den med Norsk ring vart fonga på Voksa, og den med Belgisk ring vart fonga i Våge på Sandsøya.

Denne sivsongarhannen på Voksa hadde Norsk ring.
På ringen sto det 4H44691. Denne vart ringmerka på
Vassmyra i Mandal, Vest-Agder 11.aug. 2009.
Denne sivsongarhannen i Våge på Sandsøya hadde ein Belgisk ring.
På den sto det 11840516.


Fuglelydar
Her er lydopptak av åkerriksa og ein av grashoppesongarane.

Åkerrikse


Grashoppesongar

torsdag 5. mai 2011

Fargemerking av grashoppesongarar, 04.05.11

I går gikk eg og Kjell Mork Soot systematisk over grashoppesongarane og ringmerka og fargemerka dei. Av dei 9 songarane som var på plass fikk 7 metall- og fargering. Ein av hannane (Nr.3) på Voksa og ei hoe (Nr.10) også på Voksa var ikkje so samarbeidsvillige. Det vil seie at vi ikkje fikk fanga dei.

Vi fargemerkar grashoppesongarane for at det skal verte lettare å følge med på korleis fuglane flyttar på seg. Samt å få eit korrekt antall individ. Det er nemelg lettare å skille songarane frå kvarandre når det er ulike fargeringar på kvar enkelt fugl. Ellers so er det også lettare å lese av ein fargering enn ein metallring. Det gjer slik at når ein kontrollerar songarane går det kjappare å lese av ringen og forstyrrelsane blir mindre! Og sist men ikkje minst å få gjenfunn av songarane vist dei kjem attende frå syden (Tropisk Afrika).

Her er oversiktskart over songarane. Eg har nummerert songarane på karta ut i frå rekkefølga dei vart funnen i. (Songar nr.2 var berre kort innom. Det vil seie at den blei høyrd sy. ein morgon, for so å trekke vidare.)

Sandsøya                                                                                                    Voksa















Under er det bilder av songarane. (Alle desse songarane er hannfuglar)
Nr.1: Denne songaren er med 99% sannsynligheit den same som var på
Støyle (23-29.april), og som no har forflytta seg til Våge. (sjå kart)
Denne fikk metallringnr. EC76130 og fargeringnr. XAK.
Nr.5: Denne songaren har vore på plass i Våge på Sandsøya sidan 2.mai.
Den fikk metallringnr. EC76131 og fargeringnr. XAL
Nr.6: Denne songaren har vore på plass på Voksa sidan 3.mai.
Den fikk metallringnr. EC76126 og fargeringnr.XAA.
Nr.7: Denne fuglen var den som vart merka 10.aug i 2010 og vart
gjenfunnen på Voksa 3.mai 2011. Den har metallringnr. 9E40660,
og den fikk fargeringnr. XAC.
Nr.8: Denne songaren vart funnen syngande natt til 4.mai i Våge på
Sandsøya. Denne fikk metallringnr. EC76128 og fargeringnr. XAH.
Nr.9: Denne songaren vart oppdaga på Voksa 4.mai. Den har og ei hoe i lag
med seg! Denne fikk metallringnr. EC76127 og fargeringnr. XAE.
Nr.11: Denne songaren var ikkje sett før den hang i nettet i dag (4.mai).
 Den har fått metallringnr. EC76129 og fargeringnr. XAJ.

Andre observasjonar...
Eg tek også med nokre andre observasjonar frå øyane i går!
islom 1 2K (S-sida av Sandsøya)
heilo ca.30 (Voksa)
vipe 1 høyrd (Voksa)
skogsnipe 1 (uvanleg om våren) (Sandsøya)
småspove 1 (Voksa)
åkerrikse 1 M sy. (fortsatt på plass i Våge/Sandsøya)
alke 13+ (S-sida av Sandsøya)
sandsvale 1 (Voksevegen)
sanglerke 1 M sy. (Voksa)