mandag 30. august 2010

Gluttsnipe og tundrasnipe

Dei siste par dagane har det ikkje vore noko uvanleg å rapportere om. Det har vore eit par dagar med litt færre rastande vadarar,  men det har no ikkje vore heilt fritt! Under kan du sjå nokre bilder dei to siste dagane.

Gluttsnipe på flyndrejakt!


Her er nokre bilder av tundrasnipe frå i dag. I dag var det minst 3 forskjellige ind. som rasta på Sandsøya.






søndag 29. august 2010

Dvergsnipe del 2

Her er nokre bilder til av denne vesle snipa. Dvergsnipa er ikkje meir enn 14-15 cm lang, og samanligna med ei linerle er ho faktisk betydeleg mindre (sjå bilde under). Dette er fuglar som hekkar hos oss berre i finnmark, men dei fleste som vi ser på hausttrekket er fuglar frå sibir. Desse vert i hovudsak sett hos oss på sørtrekket(haust) sidan dei har ei meir austleg trekkrute om våren.

Dvergsnipa har hatt eit bra år i år, for det nesten dvergsniper i kvar ei småflokk med sandlo og myrsnipe!

Her er eit par bilder av dvergsniper får 27. og 28. august!
Med 1K linerle i bakgrunnen!


lørdag 28. august 2010

Dvergsnipe og sandløpar, Sandsøya 27.08.10

I dag gikk eg over Voksa uten og sjå noko som helst. Men heldigvis var det meir aktivitet på vadarfronten på Sandsøya! I dag var mange dvergsniper, også nokre sandløparar og tundrasnipe. Dvergsnipene og sandløparen var svært fotogene. På det nærmaste hadde eg dvergsnipa på 2,5 meters hold, og sandløpar på 5 meters hold! Dei er nokre fantastiske skapningar........

Obsar frå Sandsøya i dag!
gluttsnipe 3+
dvergsnipe 8+ 1K
temmincksnipe 1 (overflygande)
tundrasnipe 1 1K
sandløpar 3 1K
polarsnipe 2 1K
sandlo 50+
myrsnipe 50+

Her er nokre av dei utallige bilda eg tok i dag!
Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K

Dvergsnipe 1K


















Sandløpar 1K

Sandløpar 1K

Sandløpar 1K

Sandløpar 1K

Sandløpar 1K






torsdag 26. august 2010

Sandsøya 26.08.10

I dag satsa eg på å få best mogleg bilder av tundrasnipe. Det gav resultat! Og ikkje berre på tundrasnipe...... Etter 3 timar med fotografering er dette nokre av bilda!

Men litt obsar frå Sandsøya først!
tundrasnipe 3-4 1k
dvergsnipe 2 1k
gluttsnipe 3+
polarsnipe 5 1k
brusfugl 1
lappspove 1 1k
Ellers ca. like mange myrsniper og sandloar som i går

(1k vil seie første kalenderår. Dermed årsungar.)

Her er bilda!
Tundrasnipe 1K

Tundrasnipe 1K

Tundrasnipe 1K

Tundrasnipe 1K med sandlo t.h.

Polarsnipe 1K

Polarsnipe 1K











onsdag 25. august 2010

Tundrasnipe m.m på Sandsøya 25.08.10

I dag vart både årets første tundrasniper og dvergsniper sett på Sandsøya. Og fleire blir det garantert i vekene framover! Men utenom vadarane er det fint lite som skjer, skåda til dømes 1 time utover havet utan og sjå noko som helst. Men, men det er vel like får det smeller med ei "megabombe".......... Det er vel i hvert fall lov å håpe!!!

Obsar frå Sandsøya i dag:
dvergsnipe 2 1k
tundrasnipe 3 1k
polarsnipe 1 1k
steinvendar 1 1k
brusfugl 1
gluttsnipe 2+
sotsnipe 1 (høyrd)
myrsnipe 60+
sandlo 50+

Steinvendar 1K

mandag 23. august 2010

Gluttsnipe

Har satsa litt på foto av vadarar dei siste par vekene. Og i dag fikk eg endeleg ei veldig samarbeidsvillig gluttsnipe. Ho kom faktisk for nær på slutten. På det nærmaste var det vel ca. 5 meter! Dei fleste gluttsnipene er svært sky og vanskeleg å få på fotohold. Men denne var ikkje sky i det heile tatt. Sjå bilda nederst!

Men først nokre andre obsar frå i dag!

Sandsøya:
lappspove 3-5
gluttsnipe 7+
skogsnipe 1-2
sandlo 40+
myrsnipe40+
polarsnipe 1

Her nokre av bilda av gluttsnipa, samt eit bilde av skogsnipe(nederst)!





fredag 20. august 2010

Sandsøya/Voksa 20.08.10

I dag vart det ei runde som vanleg rundt på øyane. Først på dag vart det litt havfuglskåding uten resultat. Så når det blei fjøre sjø måtte eg sjå om det kanskje kunne vere nokre rastande vadarar rundt omkring. Og med litt vind frå ei sørleg retning hjalp den nok på slik at fleire vadarar rasta enn vist det hadde vore opptimale trekkforhold (vindstille eller nordavind).

Her er nokre vadar observasjonar frå i dag!

Sandsøya:
lappspove 1 1k
gluttsnipe 10+
sadlo 25+
mysrnipe 10+
polarsnipe 4 1k

I tillegg til desse såg eg 3 vadarar som eg ikkje greidde og bestemme. Dette var muligens snakk om øyane sine første alskasniper??? Det var litt ergeleg å greie å slette både bilda og lydopptaka eg tok av dei!!!!:( Så dei forblir dermed ubestemt........... desverre!!!!!!

Voksa:
gluttsnipe 1-2
heilo 18+
brusfugl 4-5
myrsnipe 4+
sandlo 1+

Her er eit lite utvalg av dagens bilder! (Ovanfrå: Lappspove, polarsnipe og svartstrupe 1k)



onsdag 18. august 2010

Sandsøya/Voksa 14-18.08.10

Dei siste dagane har det vore lite og sjå. Men heilt fritt er det no ikkje! Det mest uvanlege desse dagane må faktisk vere ein gråflugesnappar som vart sett på Sandsøya. Har faktisk berre sett den en gong før her ute, og det er vel minst fire år sidan. Ellers så er det ikkje heilt fritt for vadefuglar på trekk. Med artar som myrsnipe, sandlo, gluttsnipe, lappspove osv. Uten om vadareane har ein av grashoppesongarane hatt tilhold på Voksa heilt til 17.august. Men i natt satt den ikkje å song, så den har kanskje flytta på seg?! Ein nattsongar som fortsatt held stand er åkerriksa på Sandsøya. Denne har sunge kvar natt sidan 13.juni.


Her er nokre bilder frå dei siste dagane!
Sivspurv

Sivspurv
Denn grashoppesongaren vart ringmerka 10.august. Dette var
då den 11. som fikk ring i år!

Grashoppesongar


 

torsdag 12. august 2010

Svarthalespove og temmincksnipe m.m. 12.08.10

Etter ett par late dagar var det på tide og kome seg ut å sjå om der kanskje kunne vere nokre spennande vadarar på trekk. Det mest spennand på vadarfronten var ei svarthalespove av underarten islandica som rasta på Sandsøya! Det er faktisk ikkje meir enn den 3. svarthalespova eg har sett her på øyane i år. Dette var då om morgonen. I kveld vart ei temmincksnipe sett på Sandsøya. Dette er faktisk berre 2. gong eg har sett arten her ute!(sjå bilde lenger ned i innlegget)  Av andre artar kan eg no nemne at årets 24. grashoppesongar satt og sang sporadisk i dag tidleg. Dette er truleg den same som eg høyrde syngande den 8.august, men no hadde han flytta seg nokre hundre meter. Når eg høyrde den syngande 8. august greidde eg ikkje og få fotodokumentert den, men i dag etter litt venting fikk eg endeleg dokumentert denne også!:)

Her er grashoppesongaren!








Nattsongar obsar:
åkerrikse 1 M sy. (Sandsøya)
grashoppesongar 1 M sy. (Voksa)

Det regna ganske så mykje når eg var ute og lytta, så muligens var det derfor den andre åkerriksa ikkje song!

Andre obsar:

Sandsøya:
gluttsnipe 10+(morgonen) + 10+(ettermiddag/kveld)
sotsnipe 3+
sandlo 10-15(morgon) + ukjetn antall(ettermiddag/kveld)
mysrsnipe 2-3+(morgon) + 1+(ettermiddag/kveld)
svarthalespove 1 ua. islandica (ad.)
lappspove 1 ad.
temmincksnipe 1 1k (min 2. obs. på øyane)

Voksa:
brusfugl 4
gluttsnipe 2
heilo 10-20
sandlo 10-20
sotnsipe 2
vipe 2
myrsnipe 2
polarsnipe 1 ad.


Bilder frå i dag!
Svarthalespove ua. islandica

Svarthalespove ua. islandica

Temmicksnipe 1K

Lappspove

Sandlo 1K