tirsdag 31. januar 2012

Dvergmåse, Sandshamna 31.01.12

I dag gav endeleg måseskodinga resultat også i form av noko anna enn grønlandsmåsar... For på Sandshamna vart nemleg øyane sin første dvergmåse sett! Dermed var min 211. art for Sandsøya og Voksa i boks. Dette var faktisk også første gongen eg fikk gjere meg bekjent med denne arten. Denne arten er ein sjelden fugl i MR, med berre nokre få funn kvart år. Den hekkar nokre få spredte plassar i Norge, og flesteparten av dvergmåsane trekk til overvintringskvartera i V-Europa og ved middelhavet. Men nokre veldig, veldig få overvintrar.

Her er nokre bilder av dagens minstemann.
Dvergmåse 2K (1.vinter) t.v. med krykkje 2K t.h., Sandshamna
Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Dvergmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

 Engelskmerka gråmåse
I går vart ein engelskmerka gråmåse sett på Sandshamna. Denne fuglen stamma frå måseprosjektet til FERA (UK Food and Environment Research Agency). Dette er då den andre måsen eg har hatt frå dette prosjektet. Eg hadde nemleg ein fargemerka gråmåse frå dette prosjektet den 5.desember i 2011, også den måsen vart sett på Sandshamna. Eg har sendt mail til dei som ledar prosjektet og får forhåpentlegvis snart heile livshistoria til måsen!

Her er ein link til den forrige måsen eg hadde frå dette prosjektet: http://ingarsfuglebilder.blogspot.com/2011/12/engelskmerka-gramase.html

Og ikkje minst eit bilde av gårsdagens fugl.
Gråmåse 5K+ (adult), Sandshamna
Merka med fargering 1660.


Nordlys...

No er det på tide å legge inn nokre bilder som ikkje er av måsar. Då passar det fint å legge inn bilda som eg tok av nordlyset i natt!

Under kan du sjå nokre av bilda som blei tatt...



fredag 27. januar 2012

Sandshamna 25-27.01.12

Dei siste dagane har det sjølvsagt blitt satsa ein del på måseskoding på Sandshamna. Det har resultert i fleire nye grønlandsmåsar, men utenom grønlandsåsar har det ikkje vore så mykje å sjå... Totalt desse 3 dagane har det vel vore mellom 15-20 "grønlands" innom på hamna. Den 25.januar var der minimum 13 ind. innom på hamna. I går var der nokre ferre, medan det i dag på nytt hadde tatt seg opp... Det vil seie at i dag vart det sett minimum 12 ind. Etter at måsane på hamna var nøye sjekka så sjekka eg også om der var måsar ved oppdrettsanlegget i Voren. Det resulterte i 3 nye ind. Dermed vart totalen på Sandsøya i dag minimum 15 fuglar!

Her er nokre bilder av måsane frå dei siste par dagane.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Ind. 1

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Ind. 2

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna
Nytt ind. først sett på hamna i dag

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna
Nytt ind. først sett på hamna i føregårs. (25.januar)

Grønlandmsåse 5K+ (adult) med gråmåsar t.v., Sandshamna


Så nokre portrett og litt action!
Grønlandmsåse 2K (1.vinter)

Grønlandsmåse 3K (2.vinter)

Grønlandsmåse 4K (3.vinter)
Denne har karakterar mot typen kumlieni. Den har vore stasjonær
på Sandsham sidan den 14.januar.
 


Grønlandmåsane er nokre hissige skapningar, og det er ikkje akkurat sjelden det oppstår "knuffing".
Grønlandsmåsar 3K (2.vinter)

Grønlandsmåsar 3K (2.vinter)

tirsdag 24. januar 2012

Nok ein kumlieni.... Sandshamna 24.01.12

I dag vart det nok ein gong satsa hardt på måseskoding. Og endeleg lukkast det... Ein relativt markert grønlandsmåse ua. kumlieni rasta nemleg i dag på Sandshamna. Dermed auka totalen på antalet kumlieniar så langt i år til minimum 6 forskjellige ind.!

Her er nokre bilder av den nydelige fuglen...
Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna
 
Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni 5K+ (adult), Sandshamna


Andre måsar...
Det vart i tillegg til måsen over sett 2 mulige kumlieniar til på hamna i dag, men dette er fuglar som er stasjonære. Når ein ser vekk i frå kumlieniane så var der minst 6 grønlandsmåsar ua. glaucoides å sjå i dag. Dermed vart totalen på "grønlands" i dag på 9+ ind. berre på Sandshamna.

2K-fugl
Og "endeleg" så var det ein 2K (1.vinter) grønlandsmåse å sjå. Den andre for året 2012 og den 3 for vinteren 2011/2012. Så ein kan trygt fastslå at grønlandsmåsane ikkje hadde eit bra produksjonsår i 2011. Det er nemleg svært få av den yngste sorten av grønlands å sjå langst heile kysten, samanlikna med antallet på eldre fuglar.

Her er eit par bilder av fuglen.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
 

søndag 22. januar 2012

"Kumlieni" X2, Sandsøya 22.01.12

Det har blitt litt mykje måsestoff på bloggen i det siste. Men når det ikkje er så mykje andre fuglar "å ta" av er det veldig greit å ha måsar å studere. For min eigen del synst eg at måsar er noko av det mest interessante innanfor fugleverda.... Så når ein i tillegg har ein slik "invasjon" av grønlandsmåsar så må ein berre nytte moglegheita å få sett flest mogleg av arten. For det er ingen betre måtar å lære ein art å kjenne enn å oppleve den "live" i naturen. Så dermed blir det litt måsestoff i dag også.

I dag
I dag vart dei få måsane som var på Sandshamna og i Voren på Sandsøya sett i gjennom. Det resulterte i
2 nye ind. av den kanadiske grønlandsmåse-underarten kumlieni! Men desverre så er måsane fortsatt i den lyse og lite markerte enden av skalaen når det er snakk om vingeteikningar. Av andre kvitmåsar vart det sett
4 grønlandsmåsar av den grønlandske underarten glaucoides, samt at den mulige kumlienien (5K) som har vore stasjonær på Sandshamna fortsatt var på plass.

Her er nokre dokumentasajonsbilder av dagens mest eksklusive kvitmåsar.

Ind. 1
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(+) (3.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(+) (3.vinter), Sandshamna


Ind. 2
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Voren/Voksevegen
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter), Voren/Voksevegen
Denne måsen er veldig lik kumlienien som eg såg på
Sandshamna den 11.januar.


Tidlegare "kumlieniar"....
Her er bilder av dei andre grønlandsmåsane ua. kumlieni som har blitt sett på Sandsøya så langt i år! Alle desse er av dei mindre markert teikna fuglane.
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K (3.vinter) Sandshamna 11.januar
Grønlandsmåse ua. kumlieni(?) 5K (4.vinter) Sandshamna 14-22.januar
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(+) (3.vinter) Sandshamna 21.januar

Så det eg ønskar meg no er ein kumlieni av den mørkare og meir markerte vingeteikna sorten.
Her er ein link til nettopp eit slikt ind.: http://cyberbirding.uib.no/gull/icg/ad_05.php

lørdag 21. januar 2012

"Kumlieni", Sandshamna 21.01.12

Dei siste 5 dagane så har det blitt satsa så og seie berre på måsar. Det har vore fleire grønlandsmåsar på plass på Sandsøya (Sandshamna/Voren) men det har vore mykje dei same fuglane som er på plass. Den mulige kumlienien (4K) som vart oppdaga den 14.januar er fortsatt på plass. Det samme er den mulige kumlienien (5K) som også vart oppdaga den 14.

I dag var det nok ein ny grønlandsmåse ua. kumlieni på plass. Dermed er dette den 3-5 kumlienien så langt dette året!! Utanom kumlienien vart det sett minst 6 andre "grønlands" på Sandshamna og 2 ind. ved oppdrettsanlegget i Voren.

Her er eit par bilder av dagens gobit..
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K-5K (3-4..vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K-5K (3-4..vinter), Sandshamna
 
Måsen er aldersbestemt til ein 4K pga. antydning til stjertband, mørkt smuss i særleg små og mellomste armdekkarar, samt brunleg smuss i dei indre armsvingfjørene på høgre vinge. (Mange av desse detaljane kjem desverre ikkje fram på dei to bilda over) Men ein seint utvikla 5K-fugl kan sjølvsagt ikkje utelukkast...


Kumlien`s gull frå Romsdal..
I dag var ein av kompisane mine Jørn R. Gustad i Harøysund i Fræna kummune i Romsdal. Der såg han ein lekker 3K kumlieni av den meir markerte typa. Han var så snild å gi meg lov til å legge ut eit par bilder av måsen.

Grønlandsmåse ua. kumlieni 3K (2.vinter), Harøysund i Fræna kommune
Grønlandsmåse ua. kumlieni 3K (2.vinter), Harøysund i Fræna kommune
Legg merke til dei 4 ytterste mørke handsvingfjørene står i kontrast mot
resten av vinga. Vidare så ser ein også tydelige vindu på den ytterste hsf.
på begge vingene (P10)

mandag 16. januar 2012

Sandshamna 16.01.12

Dagen i dag vart brukt på å sjå gjennom måsane på Sandshamna, og ved fiskeanlegget i Voren. På Sandshamna vart det sett minst 9 forskjellige grønlandsmåsar. Medan i Voren vart det sett 2 grønlands. Dermed stoppa totalen på minimum 11 fuglar i dag!

Måsane i Voren vart aldersbestemt til 1 4K+ og 1 5K+. Når det er snakk om alderen på måsane på Sandshamna så var der: 5 3K(2.vinter), 3 4K(3.vinter) og til slutt 1 5K(4.vinter). Av desse måsane var det fleire som eg har sett før.... Det vil seie at 5 av fuglane som var på plass i dag har blitt sett tidlegare.

Her er er bilder av måsane som vart sett på Sandshamna i dag.

3K/2.vinter fuglar  (5 ind.)

Denne har vore på plass på haman sidan den 9.januar.
 
Denne vart  først sett den 4.januar, og i dag var den på plass igjen
 
Denne vart først oppdaga den 14.januar.
 
Nytt ind.

Nytt ind.


                                                                                                                                                                     


4K/3.vinter fuglar (3 ind.)
Ua. kumliei (?)
Denne vart oppdaga den 14.januar, og i dag var den på plass igjen.

Nytt ind.
 
Nytt ind.


                                                                                                                                                                      


5K/4.vinter (1 ind.)
Ua.kumlieni(?)
Samme ind. som vart sett på hamna den 14.januar. Det var denne som
hadde mørkt i dei 3.ytterste handsvingfjørene (P8).

Ua. kumlieni (?)
Samme fugl som på bildet over.
 

lørdag 14. januar 2012

Grønlandsmåsar++, Sandsøya 14.01.12

I dag vart også dagen nytta til å sjå gjennom alle måsane på Sandsøya. For ein må no få med seg flest mogleg av dei nydelige kvitmåsane når det er ein slik storinvasjon... I dag vart det sett 10-12 grønlandsmåsar tilsaman på Sandshamna og ved oppdrettsanlegget i Voren. Av alle desse var det eit par som skilte seg litt ut. Begge med antydningar til mørke pigment i dei ytterste handsvingfjørene...
Her er nokre bilder av begge måsane.

Individ nr.1 
Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(?) (3.vinter), Sandshamna 

Grønlandsmåse ua. kumlieni 4K(?) (3.vinter), Sandshamna
Denne måsen er aldersbestemt til ein 4K pga. javn brun `smussing"
gjennom mange av dekkarane på vinga, anntyfninf til stjertband, samt
svart i nebbet
 
Måsen som er avbilda over har antydningar til mørke teinkningar i dei ytterste handsvingfjørene på begge vingene.  Det er ingen symetri i teikningane, og teikningane på den venstre vinga er ikkje så markerte og utbreidde som på den høgre vinga. Ein karakter ein kan sjå i denne aldersklassa er at det heng igjen litt brun "smussing" i dei ytterste hsf. Men det er neppe forklaringa på tekningane i svingfjørene på denne fuglen(?). Teinkningane er nemeleg mørkare enn noko andre teikningar i vinga på måsen. Dermed er også dette muligens ein kumlieni? Fleire av kumlieniane som er sett på Færøyane har nemleg asymetriske vingeteikningar..... Men her er det ikkje lett og bli klok på kva som er faktiske teikningar, og på kva som er "smuss"!


Individ nr.2
Grønlandsmåse ua. kumlieni(?) 5K (4.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse ua. kumlieni(?) 5K (4.vinter), Sandshamna
Denne måsen har blitt aldersbestemt til ein 5K pga. det brune "smusset"
på både dei små og mellomste armdekkarane ut mot armknoken, samt
på dei store handdekkarane! I tillegg til det så er der litt "smussing"
på den 3. ytterste armsvingfjøra på den høgre vinga. Ellers så er både
nebbet og resten av måsen fullt utfarga.

 
På måsen over ser ein tydelig mørkt på utfan på den 3.ytterste handsvingfjøra. Og på denne måse var det i motsetning til 4K`en over symetri i teikningane. Men då igjen så skal ein kumlieni ikke ha umarkerte ytterste hsf, for så og ha mørkt urtfan på den 3.ytterste. Så kanskje er det snakk om ein kumlieni som har kryssa seg tilbake mot den grønlandske glaucoidesen??


Her er eit bilde av begge måsane side ved side, samt nokre bilder av dei øvrige "grønlandsane" som blei sett i dag.
4K`en t.v. og 5K`en t.h.

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna
(Truleg samme fuglen som på bildet over)

Grønlandsmåse 3K (2.vinter), Sandshamna
(Denne har vore stasjonær sidan den 9.januar)

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamna