fredag 26. mars 2021

Førstefunn av gulbeinmåse i Sogn og Fjordane

Den 24. mai i fjor var vi ute på ein båttur for å følgje opp stormåseprosjektet; då først og fremst med tanke på å få avbilda og avlest dei totalt 1553 ungemerkte gråmåsane (1106), sildemåsane (145) og svartbakane (302) som eg har fargeringmerkt her i distriktet sidan 2012. Dette blir hovudsakleg gjort for å sjå på draktutviklinga deira;  frå dei er unge fuglar, til dei blir fullt utfarga i ein alder av 4-7 år gamle. Her har vi fortsatt mykje og lære, og det å kunne følgje fuglar med kjent alder og fødeplass er enormt verdifullt. Og det å følgje opp med avlesingar på desse ungemerkte fuglane gir også eit innsyn i hekkesuksessen og overlevelsen til desse stormåseartane. 

Førstefunn for gamle Sogn og Fjordane
Då vi låg på sjøen eit stykke nord for Leikanger på Stad (sjå kart under), denne dagen, var det ein av måsane som kom inn til båten som ikkje var heilt som dei andre. Med sine knall gule bein, ytre handsvingfjører med mykje svart og lite kvitt, mørkare grå ryggfarge enn gråmåsane, i tillegg til eit "elegant" jizz, stakk den seg godt ut. Eg tenkte med ein gong, her har vi ein gulbeinmåse! Gulbeinmåsen er ein art vi må til Sør- og Mellom-Europa for å finne hekkande (sett vekk frå ei hybridhekking meg gråmåse i Oslofjorden i 2016). Totalt foreligg det ikkje mange titals funn av arten i Norge. I Møre og Romsdal har eg vore så heldig å få sjå ikkje mindre enn 5 individ av denne svært sjeldne arten, sidan eg starta å følgje med måsane her i februar 2007. Men aldri tidligare hadde den blitt sett i gamle Sogn og Fjordane fylke... 


Ein sum av karakterar 
Skal ein artsbestemme ein slik fugl så er det er summen av karakterar som gjeld. Ein karakter åleine held ikkje, då variasjonen til gråmåsane er så stor at dei overlappar med gulbeinmåsane. Ein må då sjå på alt av draktkarakterar, fargar på blautdelar, samt morfologien (jizzet) til det aktuelle individet. Og denne fuglen er i mine auger "spot on" for gulbeinmåse, sett vekk frå eit nebb som proporsjonalt kanskje er hakket lenger enn det ein 100% klassisk fugl har. Det finst gråmåsar som ligg veldig nær denne i utsjånad, men summen av karakterar på denne fuglen tilseier i mine auger gulbeinmåse. Under kan du sjå bilda av fuglen, samt lese beskrivelsane over hvilke karakterar som gjer dette til ein gulbeinmåse, og ikkje "berre" ein av våre lokale gråmåsar. 

Her ligg måsen midt i bildet bak ein vaksen gråmåse. Legg her merke til mantelfargen (gråfargen på ryggen/vinga) som er hakket mørkare enn hos gråmåsen, betydelig mindre kvitt i handsvingfjørtuppane (apikalflekkane), samt eit elegant og slankt jizz i forhold til gråmåsen. Hovudet har også ein meir kantete profil.

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

I flukt, der ein får sett opa vinge, ser ein tydelig at det er mykje svart i dei ytre handsvingfjørene både på over- og undersida. Det er mykje svart på kvar enkelt fjør, og det er mange fjører med svart. Den har blant anna eit breitt svart band på P5, som er den 6. handsvingfjøra utanfrå og inn. Og på venstre vinge er det faktisk antydning til eitt svart band også på P4. Det er også lite kvitt på desse fjørene, både når det er snakk om apikalflekkar på dei seks ytste handsvingfjørene, men også når det gjeld dei kvite teikningne innover på P10 og P9. Ei slik vingeteikning er godt forenelig med vingeteikningar ein finn hos gulbeinmåsane. Ser ein så på handdekkfjørene og lisjevinga så ser ein tydelig pigmentering der. Dette viser at det her er snakk om ein subadult fugl, altså ein fugl som enda ikkje er fullt utfarga. Ein fugl som dette er mest sannsynlig eit individ i sitt 5. kalenderår (5K), altså 4 år gammal.

Denne vingeteikninga, med så mykje svart og så lite kvitt, sjølv om det her dreiar seg om ein ikkje fullt utfarga fugl, finn vi normalt ikkje på våre lokale hekkefuglar. Derimot er det fullt mulig å finne fuglar, då hovudsakleg frå austligare populasjonar, som har slike vingeteikningar. Dermed er ikkje dette ein karakter som er nok i seg sjølv for å kunne seie verken det eine eller det andre når det gjeld artstilhøyrigheit. Ein må då også sjå på fargar på blautdelar, samt jizzet til fuglen.
Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020


Liggande på sjøen ser ein ein elegant og slank fugl med lang bakpart og lang handsvingfjørprojeksjon. Hovudet har ei konveks panne og ein kantete bakkant, og nebbet er kraftig, tross den vesle størrelsen på fuglen. På ein 100% klassisk gulbeinmåse, så vil ein nok ha eit proporsjonalt litt kortare nebb i forhold til hovudet, og med ein hakket meir butt tupp. Men dette er ein liten hofugl som ikkje har det kraftigaste hovudet. Dette gjer sitt til at nebbet proporsjonalt virkar lenger enn det ein klassisk fugl har. Men ingenting på denne fuglen ligg utanfor variasjonen til gulbeinmåse, snarare tvert om. Summen av karakterane som denne fuglen oppviser burde i mine auger vere meir enn tilstrekkelig til å artsbestemme den til gulbeinmåse. Den første for regionen Sogn og Fjordane! 
Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Legg her merke til dei knall gule, ja nesten sjølvlysande beina. Våre gråmåsar har normalt kjøttrosa bein, men også dei kan ha gule bein. Men dei er normalt langt frå så metta gule som det desse er.
Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

På bildet under kan ein også legge merke til den raude augeringen, også kalla orbitalringen. Denne er akkurat slik som den skal vere på ein gulbeinmåse. Våre gråmåsar har som oftast ein blassare oransje-farga orbitalring.
Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020

Gulbeinmåse 5K-type, Vanylvsfjoren 24. mai 2020