fredag 16. juli 2010

Mink

Ikkje akkurat mykje som skjer på fuglefronten for tida! Men ikkje mange vekene igjen til det brakar laust med trekkande fuglar over alt. Har satsa litt på havfuglskåding i det siste, men etter totalt 4,5 time i går var resultatet nokre storlommar, storjoar og svartender på trekk forbi, altså ikkje mykje å skryte av. I dag gikk eg over voksa utan å sjå noko helst som var verdt og notere seg. Men heilt fritt for bilder vart det no ikkje!

Kom over nokre linerler som mata ungar (øverst i innlegget) og en mink!





Husk å klikk på bilda for større format!

mandag 12. juli 2010

Grashoppesongar hekking m.m. 09-11.07.10

Endeleg gikk det i boks! Møre og Romsdals første dokumenterte hekkefunn av grashoppesongar (SJÅ UNGEN TIL VENSTRE!). Men det kom ikkje som ei bombe for å seie det slik. Der ungen vart fanga vart det sett ei hoe i lag med hannen så tidleg som 27.mai!  Og når hannen starta å synge så smått igjen litt over ei veke sidan vart berre mistanken sterkare. Men denne plassen er langt frå unik her på øyane! Det er nemleg fleire plassar fuglane har starta å synge på nytt. Så truleg er det mange par som hekkar her ute!! 

Denne natta vart det fanga totalt 7 grashoppesongarar, men totalen var så mange som 9 ind.(En hofugl og en hann vart ikkje fanga inn). 3 av desse var nye. Dermed er totalen i år på minimum 14 songarar (truleg mange fleire).

Her er bilder av dei  6 andre songarane som vart merka denne kvelden/natta:






















Andre obsar desse dagane:

havlire 12 pts(9.juli) + 2 pts(10.juli)
lappspove 1 pts(9.juli) + 2 rastande(10.juli)
Åkerrikse 1 M sy forts. (11.juli)

 Sivsongarunge

søndag 4. juli 2010

Grashoppesongar på Voksa 04.07.10

I natt satt årets 11. grashoppesongar og song på Voksa. Totalt i år er dette den 6. på Voksa og 5 på Sandsøya. Fordelt på 8 hannar og 3 hoer. Totalt i MR i år har den blitt observart 16 grashoppesongarar, og 11 av desse er her på øyane! Ellers så set fortsatt åkerriksa og sy. på Sandsøya. Men uten om det er vi inne i ei tam periode sånn fuglemessig. Dette gjeld heile landet!

Her er nokre bilder av den 11. grashoppesongaren!