I år ser grashoppesongarae til å dukke opp ein etter ein! I natt/tidleg morgon oppdaga eg 3 nye grashoppesongarar. Dermed er totalen i år på ikkje mindre enn 23 ind.(min.). I natt og dag tidleg satt det nemleg ein ny songar og song på Voksa! Denne songaren var litt spesiell (BILDE NR1/2). Nebbfargen er nemleg lik årsungane, men kan det vekeleg vere ein årsunge som har starta å synge allereie? Eg har i hvert fall ikkje sett ein voksen fugl med ein slik nebbfarge nokon gong! Uansett vart dette då grashoppesongar nr.21. Fann nemleg ut etter å ha studert nærmare på bilder av ein av songarane som vart ringmerka på Sandsøya den 11.juli at det som eg trudde berre var snakk om eit gjennfunn faktisk var snakk eit nytt ind. Dermed var totalen 20 og ikkje 19 fuglar som eg skreiv i forrige innlegg. Etter dette sjekka eg plassen der eg fann 2 ungar for ei veke sidan. Der fann eg då 2 nye fuglar (nr.22. og 23) (BILDE NR 3 og 4). Så det er vel på sin plass og seie at grashoppesongaren har hatt eit bra år på øyane.
Her er eit videoklipp av ein syngande grashoppesongar!
Nr. 1
Nr, 2
Nr.3
Nr.4
Her er nokre fleire observasjonar som blei gjort denne dagen.
I natt som var skulle vi merke åkerrikse, og en grashoppesongar som eg viste om (BILDE NR2). Denne fikk ikkje ring når vi merka 11.juli. Men på plassen der denne satt og song kom der plutseleg en grashoppesongar i nettet medan den andre fortsatt satt og song. Dermed nr. 18 i år (BILDE NR1). Men det skulle ikkje stoppe der! Tidleg på morgonen satt det plutseleg en og song på en ny plass. Det var spennande og sjå om dette var en ny, eller om det var en gammal "kjenning" som berre hadde flytta på seg. Og utruleg nok var dette eit nytt ind (BILDE NR3). Dermed stoppa totalen etter nattas runde på 19 grashoppesongarar så langt i år. Fordelt på 12 hannar, 3 hoer og 4 ungar. Talet på hoer er nok betydeleg høgar, då desse er svært vanskeleg å få sett!
Ellers i natt så merka vi ei av åkerriksene. Den andre var ei skikkelg "stabeist". Den ville nemleg ikkje i nettet. Det vart også ringmerka 2 sivsongarar(ad.+1k).
Dei forskjellige grashoppesongarne som vart ringmerka i natt:
ind nr 1
ind nr 2
ind nr 3
Her er eit par bilder av åkerriksa vi fanga, og av en ta dei mange sivsongarungane som vart sett denne natta.
Nok ein dag og nok ein grashoppesongar! Eller rettare sagt 2 nye grashoppesongarar. Denne gongen var det snakk om 2 ungar. Desse to ungane har tilhold på Voksa. På plassen der dei er vart sett, vart det første gongen høyrd ein grashoppesongarhann syngande 7.mai, og den 24.mai vart det første gong sett ei hoe i lag med den. Dette er faktisk ganske så likt med den andre plass på Voksa der det også har vorte sett ungar! (Totalen på øyane i år er no på 17 fuglar. 13 voksne og 4 ungar)