mandag 6. september 2010

Tornskate m.m. 06.09.10

I dag vart det ei skikkeleg runde rundt på øyane. Og dagens godbit vart Sandsøya si første tornskate. (I 2008 vart det sett ei på Voksa) Ellers så var det ikkje all verden å rope hurra over, men eg får vel snart "skikkeleg" lønn for strevet.......

Her nokre andre obsar frå øyane i dag:

Sandsøya:
svartstrupe 9+ (fleste 1K fuglar)
buskskvett 2 (ad+1K)
tårnfalk 1 (ad. F/1K)
gråflugesnappar 1
sandlo ++
gluttsnipe 1
Voksa:
lappspove 1 1K
storlom 1 (på plass sidan 1.sep)

Bilder frå i dag!
Tornskate F


Storlom
 

 
Lappspove 1K

lørdag 4. september 2010

Sandsøya/Voksa 04.09.10

I dag sjekka eg vadarane på Sandsøya, i tillegg til å sjå nøye etter songarar og rikser på Voksa. På vadarfronten var det ikkje så aller verst. Mange lappspover, nokre få dvergsniper og ikkje minst høstens 2. svarthalespove! På Voksa såg eg minst 2 grashoppesongarar. Ein av desse er ny. Dermed minimum 25 forskjellige ind. på øyane i år! Fikk desverre ikkje fotos av denne........

Dagens obsar:

Sandsøya:
lappspove 10+ 1K (Ei av desse vart tatt av Vandrefalk)
svarthalespove 1 1K
gluttsnipe 1-2
skogsnipe 1
dvergsnipe 2-3
myrsnipe 15-20
sandlo 30+

Voksa:
brusfugl 7
grashoppesongar 2 (begge fuglane truleg 1K)
sivsongar 10+ (fleste 1K-fuglar)

Her er nokre bilder av spovene frå i dag!
Lappspove 1K

Lappsover 1K

Svarthalespove 1K

Svarthalespove 1K


 



 

 


 

onsdag 1. september 2010

Myrrikse og åkerrikse m.m. 01.09.10

Det vart ein bra start på hausten 2010. I dag vart min fugleart nr. 196 på Sandsøya og Voksa sett. Dette var då ei myrrikse på Voksa. Fuglen vart sett kort når den flaug opp. Før denne såg eg også ei åkerrikse. Ellers så er det fortsatt nokre grashoppesongarar på plass. I dag var det 2-3 ind. på Voksa.

Symjande vandrefalk
I dag kom eg over ein ung vandrefalk som "slo" ein fiskemåse. Etter å ha tatt livet av fiskemåsen holdt den på ei stund å prøve og flyge med seg måsen til land. Men etter å ha holdt på i ca. 10 minutt vart konklusjonen at måsen var for tung. Så då var det berre ein ting å gjere! Nemleg å symje måsen i land. Og som sagt, så gjort! Etter å ha svømt dei siste 70-80 metera til land var det berre å nyte eit herleg måltid.

Her er eit bilde(er) av vandrefalken!