mandag 27. desember 2010

Sandsøya/Voksa 27.12.10

I dag vart det nok ei runde rundt på dei forfrosne øyane våre for å sjå om det var noko å finne! Og det var faktisk ikkje heilt fritt! Gobiten i dag var Sandsøya si 3. sothøne! Denne hold til i havna på mikkelholmen. Ellers så er totalen på sangsvaner fortsatt akkurat i underkant av 70 ind., noko som faktisk er eit bra antall.

Her er ei oversikt over dagen "fangst".
kongeørn 1 1k+
hønsehauk 2 ad.
sangsvane 68+ 13 1K
bergand 1 1K F?
dvergdykkar 5



Sothøne

Britisk-merka måsar
Ellers så har eg fått svart på eit par av dei fargemerka måsane som eg har sett på Sandshamna i år. Og begge fuglane er merka på same plassen, av dei same folka på ei søppelfylling ved Essex like nord for London i England.


Denne gråmåsen såg eg på Sandshamna 27.januar 2010.
Den vart ringmerka i Essex 21. november 2009, som ein voksen
fugl (4k+). Og dette var første gjennfunne av måsen etter at den
vart merka.
 
Her er fakta om måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GN86771

                                                                                                                                                         


Denne såg eg på Sandshamna 2.oktober 2010. Denne vart også ringmerka
i Essex. Den vart merka som ein voksen fugl (4K+) den 27.desember 2008.
Og som den andre var også dette første gjennfunn sidan den vart merka!

Her er ein link til denne måsen: http://www.ntgg.org.uk/map/GC86667

tirsdag 21. desember 2010

Sandsøya/Voksa 21.12.10

Etter lite skåding i det siste var det ganske deilig å ta seg ein tur ut i dag. Og endelig så fikk eg sett over både dykkarane og lommane i havområdet ved øyane. Det er nemleg nokre veker sidan eg sist gjorde dette....

Her er dagens obsar!
islom 7-9
smålom 2 (1K+ad.)
gråstrupedykkar 6
horndykkar 3
teist 1 ad.
sangsvane 68+ (14 1K/ungfuglar)
bergand 1 (truleg same ind. som vart sett tidleg i desember)
toppand 1 F (Dette er faktisk berre den 2. eg har sett på øyane!)
brunnakke 13+
svartand 14+
hønsehauk 1
raudstilk 1


toppand F

fredag 10. desember 2010

"Desember-nytt"

Det har desverre vore lite oppdateringar på bloggen i det siste! Dette er rett og slett fordi det er lite fugl å sjå for tida. Det "beste" frå desember så langt er ei overvintrande svartstrupe, samt att berganda som først vart oppdaga 2.november fortsatt er på plass. I tillegg til denne vart det sett ei ny bergand for eit par dagar sidan.

Nokre arkivbilder frå sommaren 2010!
Svartstrupe M
Svartstrupe 1K (unge)
Svartstrupe M