torsdag 13. januar 2011

Polarmåse del2

Vart setande å sjå over polarmåse-bilda frå i går, og må nesten berre legge ut nokre fleire bilder!

Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna
Polarmåse 2K (1.vinter), Sandshamna

onsdag 12. januar 2011

Stillits og polarmåse, Sandshamna 12.01.11

I dag var målet å få sett nøye over måsane på hamna. Men det er aldri sikkert att det er store antall med måsar. I dag var det heldigvis ein del. Og etter eit par timar med full konsentrasjon på måsar var resultatet slik som det har vore den siste veka. Nemleg ein polarmåse. I går var der riktig nok 2 ind., men i dag var det berre den eine som fortsatt var på plass!


Stillits

Men det vart ikkje berre måsar på "menyen" i dag. Eg satt nemleg å såg på måsar når årets første stillits kom flygande og landa like ved bilen. Dette var berre det 2. funnet på Sandsøya. Riktig nok så er det ein del funn på Marøya og Voksa, og totalen på øyane er minumum 5 funn.

Her er nokre bilder av polarmåsen frå i dag!
Polarmåse 2K
Polarmåse 2K
Polarmåse 2K
Polarmåse 2K

tirsdag 11. januar 2011

Sandsøya/Voksa 11.01.11

I dag vart det årets første tur for å telle totalen på lommane og dykkarane, samt sangsvanene, Det vart også tid til å sjå over måsane på Sandshamna.

Dagens obsar:
grågås 4
sangsvaner 59 (11 2K)
sjøorre 3
svartand 12
bergand 1
toppand 1
islom 7
gråstrupedykkar 7-8
horndykkar 1
polarmåse 2 2K
teist 2

I dag var det 2 polarmåsar på hamna. Her er eit bilde
av ein polarmåse frå den 7.januar.