lørdag 5. mars 2011

Grønlandsmåsar, Sandshamna 05.03.2011

I dag fikk eg endeleg ein grønlandsmåse på fotohold. Det har nemleg vore få av sorten denne vinteren. Faktisk berre to har vore innom på hamna. Den 2k fuglen eg fikk bilder av i dag er med 99% sannsynlegheit den same som vart sett på hamna 26.februar. I tillegg til den var den adulte (5k+) fuglen som vart sett for to dagar sidan fortsatt på plass.

Men det var ikkje berre grønlandsmåsar som vart sett i dag. Her er dei andre observasjonane.
tjeld 2 (Voksevegen)
snøspurv 1 (Voksevegen)
grågås 13 (Voksa)
vipe 11 (Voksa)
gravand 6 (Storeviksanden, Sandsøya)

Her er nokre bilder av måsen.
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (1.vinter)

torsdag 3. mars 2011

Grønlandsmåse, Sandshamna 03.03.11

I dag vart det berre ein kort tur ut. Det resulterte i årets 2. grønlandsmåse. Denne gongen var det snakk om ein voksen fugl (5K+). Denne vart sett rastande på Sandashamna i lag med andre stormåsar! Utanom grønlandsmåsen vart det sett ein Norskmerka gråmåse ved Voksevegen, men eg greidde ikkje å lese kva som stod på ringen! Desverre.......

Under kan du sjå eit bilde og eit videoklipp av grønlandsmåsen!

Grønlandsmåse 5K+ (4.+ vinter)

tirsdag 1. mars 2011

Russiskmerka gråmåse

I dag fikk eg svar på den fargemerka gråmåsen eg såg på Sandshamna for tre dagar sidan som eg trudde var merka i Russland. Og eg hadde rett...
Gråmåse 3K (2.vinter) merka med KH67.
Måsen over vart merka i Russland, nærmare bestemt i Kandalakshskiy naturreservat ved Kvitsjøen. (Sjå kart under) Den vart merka som ein ikkje flygedyktig unge (pullus) 15.juli 2009 og dette var det første gjennfunnet etter at den vart merka.

Her er eit kart over kor den blei merka.


Dagens obsar.
Ellers så vart det tid til ein kort tur ut i dag. Eg fikk blant anna sett over måsane. Det resulterte i ein polarmåse i 1. eller 2. vinterdrakt (2-3K). Eg såg den på langt hold og greidde ikkje heilt å bestemme med for alder. Men heller mest mot 2K (1.vinter). Ellers så vart det sett 10 sanglerker, 5+ viper og 11 grågjess på Voksa.