fredag 30. september 2011

SIBIRPIPLERKE og gulbrynsongarar, Voksa 30.09.11

I dag var det endelig eit brukbart veir... Og sidan det faktisk ikkje var vind vart det brukt ein del tid til å sjå i skogkanten på sørsida av Voksa etter alt og ingenting. Og gjett om det gav resultat! Sandsøya og Voksa si første SIBIRPIPLERKE vart nemleg funnen der. (Dette vart min art nr.205 på øyane!) Dette er ein svært uvanleg art å sjå i Norge, med ikkje mange funna i året. Den hekkar nærmast oss i Sibir.

Her er nokre "dokubilder" av den nydelige piplerka.
Sibirpiplerke, Voksa
Sibirpiplerke, Voksa


Gulbrynsongar X2..
Utanom sibirpiplerka vart det også funnen nokre andre små raritetar. Det vart nemleg høyrd og sett minst 2 gulbrynsongarar på sørsida av Voksa.

Her er eit par bilder av ein av songarane.
Gulbrynsongar, Voksa

Gulbrynsongar, Voksa

torsdag 29. september 2011

Svar på ringmerka sivsongar

Den 9.mai i år holdt Kjell Mork Soot og eg på å ringmerke grashoppesongarar. Og var der sivsongarar i nærleiken vart dei også fanga inn... Dermed fanga vi ein sivsongar i Våge på Sandsøya med ein Belgisk ring!! For nokre få dagar sidan fikk vi svar på fuglen. Sivsongaren var merka som ein årsunge(1K) i Bambrugge i Belgia den 12.august 2010. Distansen frå der den vart ringmerka i Belgia og til Våge på Sandsøya der den vart funnen igjen den 9.mai 2011 er heile 1264 km!

Her er eit kart som viser avstanden.

Og nokre bilder av songaren...
Det er viktig å få notert ned det korrekte ringnummeret...
Sivsongar 2K, Våge/Sandsøya

Fuglenytt frå i dag!
I dag vart øyne sin 4. gulbrynsongar høyrd og sett kort på sørsida av Voksa. Utanom den var det ikkje særleg å sjå eller høyre...

torsdag 22. september 2011

GULBEINMÅSE fortsatt, Voksa 22.09.11

I kveld vart det ein tur ut for å sjå i gjennom måsane. Og håpet var sjølvsagt å finne igjen gulbeinmåsen frå i går... Men etter å ha sett gjennom alle måsane på Sandshamna hadde eg fortsatt ikkje sett snurten av nokon gulbeinmåse. Dermed tok eg turen på Voksa for å sjå om der var nokre måsar. Og der satt den, GULBEINMÅSEN. Dermed ser det ut til at den held seg i området.... So kanskje er det mulig for fleire å få sett den...

Her er eit par bilder av måsen, samt eit lite videoklipp. 
Gulbeinmåse adult, Voksa (midt i bildet)
Gulbeinmåse adult, Voksa (Stillbilde frå video)