mandag 29. februar 2016

Grashoppesongarar 2015

Etter å ha starta opp grashoppesongarprosjektet mitt i 2010, så har eg kvar vår og sommar etter det brukt mykje tid på å kartlegge, samt å overvåke arten. Denne kartlegginga og overvåkinga av grashoppesongarar har først og fremst foregått på Sandsøya og Voksa, men sidan 2013 har eg utvida området mitt slik at eg har fått sjekka heile Sande kommune, ytre delar av Herøy kommune, samt delar av Ørsta kommune. Slik vart det også sesongen 2015...

Normal ankomsttid... 
I 2015 starta eg å gå rundt å sjekke grashoppesongarlokalitetar med lyd på Sandsøya og Voksa dei siste dagane av april. Det er i denne perioden dei første grashoppesongarane ankjem landet etter å ha tilbrakt vinteren i tropisk Afrika. Ankomsten for dei første grashoppesongarane her på Sunnmøre kan variere frå så tidlig som den 19. april, i gunstige år, til rundt den 10. mai i år med nordlige vindar og ei kjølig vertype.

I fjor lukkast eg med å lokalisere årets første grashoppesongar den 4. mai. Då kom eg nemlig over ein grashoppesongarhann på Evja på Sandshamn på Sandsøya. Dette var ein av to grahoppesongarar som vart observerte denne dagen. Ein på Sandshamn og ein i Våge, begge lokalisert ved hjelp av lyd. Eg kan nøyaktig seie når desse songarane ankom fordi eg hadde sjekka begge lokalitetane dagen i forvegen, og då var der ingen songarar og verken sjå eller høyre.

Frå Hareid til Sandsøya 
Men tilbake til grashoppesongaren på Evja på Sandshamn. Ikkje nok med at det var årets første, den hadde også ein metallring på venstre bein! Etter å ha fått fanga den inn og lest av ringen, viste det seg at akkurat denne songaren blei ringmerkt på Hovden på Hareid den 1. juli i 2014. I 2015 hadde den altså dumpa ned 27,5 km lenger vest. I 2014 vart det ringmerkt 17 grashoppesongarar i Møre og Romsdal. Av desse ringmerke eg 16, og dette var altså den 17. At den også skulle dukke opp her på øyane er egentleg ganske utrulig! (Eit bilde av den aktuelle songaren finn du under)

Grashoppesongar 3K+ M, Evja, Sandsøya 4. mai 2015
Denne fuglen blei ringmerkt på Hovden, Hareid 1. juli 2014.

Her er eit kart som viser kor songaren blei ringmerkt i 2014, og kor den slo seg ned i 2015.


Fram til og med den 21. mai fikk eg lokalisert totalt 7 grashoppesongararhannar på Sandsøya og Voksa. Alle desse blei innfanga og ringmerkte. På bildet under ser du delar av ein av lokalitetane der ein av grashoppesongarane holdt til, i Våge på Sandsøya. Dette bildet blei tatt rett etter at fuglen som var der hadde blitt ringmerkt, den 4. mai, som årets andre.


Første tilbake med fargering
Etter å ha fått kontroll på songarane på Sandsøya og Voksa, så tok eg meg natt til den 26. mai ei lytterunde i indre Sande kommune og ytre Herøy kommune. På denne runda kom eg over totalt 5 grashoppesongarhannar. Desse songarane vart lokaliserte på følgande plassar: Haugsbygda (1), Kopparstad på Nerlandsøya (2), Remøya (1) og Bø på Leinøya (1).

Grashoppesongar 2K+ M, Kopparstad, Nerlandsøya 26. mai 2015

Grashoppesongar 2K+ M, Kopparstad, Nerlandsøya 26. mai 2015

Den første grashoppesongaren eg kom over denne natta, den i Haugsbygda, hadde metallring frå før. Etter å ha fanga den inn og lest av ringen, viste det seg at det var den same songaren som eg ringmerkte på den same plassen i slutten av mai 2014. Den fikk då også påsatt ein fargering i tillegg til metallringen, men den hadde den mista i løpet av året som hadde gått.

Nattas mest interessante fugl kom eg derimot over på Remøy på Remøya. Der satt det nemlig og song ein grashoppesongarhann like ved bilvegen. Eg stoppa bilen og tok med meg hovudlykt, kikkert og mobil. Då hadde eg alt eg trengte for å kunne få fram fuglen, samt å få sett om den hadde ringar på beina. Etter å ha spelt av lyd med mobilen i nokre få sekund kom den mot meg, og joda, eg hadde flaks, fuglen hadde ringar på beina, både ein metall og ein fargering. Då var det store spørsmålet, hvilken fugl var det snakk om? Eg hadde nemlig i løpet av sesongane 2013 og 2014 ringmerkt fleire songarar i området der denne satt og song, så var det ein av dei? Etter å ha brukt litt meir tid, så fikk eg endelig lest av fargeringen den hadde på høgre tars. Dette ved hjelp av hovudlykta og kikkerten. På fargeringen stod det klart og tydig 17. Etter å ha fått summa meg og sjekka opp grashoppesongar "17", så viste det seg at dette var songaren eg følgte tettast i 2014. I 2014-sesongen hekka den nemlig på sørsida av Voksa, og fikk fram eit, muligens to ungekull der. Akkurat denne songaren ankom også Sandsøya og Voksa først i 2014. Eg fanga inn og ringmerkte den på Voksa den 2. mai, midt mellom sluddbygene. Der holdt den seg også fram til eg sist såg den 13. august. I 2015 hadde den altså slått seg ned ca. 19 km lenger mot N/NØ.

Denne fuglen fikk æra av å vere den første grashoppesongaren i Norge som har komt igjen frå eit år til eit anna med ein fargering på beina. Måtte det bli mange, mange fleire!

Blogginnlegget eg publiserte i juni i fjor frå denne natta, er det mulig å lese her: 
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2015/06/fra-voksa-til-remya.html 

Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Rermøya 26. mai 2015

Grashoppesongar 3K+ M, Remøy, Rermøya 26. mai 2015

Dette kartet viser kor grashoppesongar "17" holdt til i 2014, og kor den slo seg ned i fjor



Sein observasjon...
Totalen på grashoppesongarhannar på Sandsøya og Voksa enda i 2015 på sju. Desse songarane dukka opp i tidsrommet f.o.m. den 4. mai til den 21. mai.

Den siste sikre observasjonen av ein av desse songarane vart gjort av songar "29" på sørsida av Voksa så seint som den 2. september. Dette er den seinaste observasjonen eg så langt har hatt av ein voksen fugl som har vore i eit område over tid. Grashoppesongarhann "29" hadde då vore på lokaliteten på Voksa sidan den 14. mai. Under finn du eit bilde av fuglen frå då den blei ringmerkt, rett etter ankomst.

Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 14. mai 2015


Dårlig hekkeresultat?
Når det gjaldt dei fuglane eg hadde muligheit til å følge relativt tett på Sandsøya og Voksa, så virka det som om dei fikk fram dårlig med ungar. Dette skuldast nok mykje det kjølige veret vi hadde store delar av våren og sommaren. Mykje nedbør og vind, kombinert med lave temperaturar, er ikkje akkurat ei suksessoppskrift.


Oversikter over Sandsøya og Voksa
Her er oversikter over grashoppesongarane som vart registrerte på Sandsøya og Voksa, og forflytningane dei gjorde.

2015-sesongen vart langt i frå eit toppår, men verforholda tatt i betraktning, med kjølig og kaldt ver i den beste trekkperioden for arten, så var ikkje antallet grashoppesongarar så alt for gale likevel.

Sandsøya

Voksa



Grashoppesongarar utanfor Sandsøya og Voksa
I tillegg til dei 7 grashoppesongarhannane som eg kom over på Sandsøya og Voksa, så fikk eg også lokalisert 8 songarar utanfor øyane. Desse songarane vart alle observerte på ytre søre-Sunnmøre. Alle bortsett frå ein hadde eg kontroll på. Songaren som eg kom over på sørtuppen av Kvamsøya fikk eg aldri sett, eller fang inn og ringmerkt. Dei andre derimot, hadde enten ringar frå før, eller dei blei innfanga og fikk påsatt ringar. 

Her er eit oversiktskart der alle grashoppesongrane utanfor Sandsøya og Voksa er plotta på



Utvide horisonten...
Målet for denne sesongen, altså våren og sommaren 2016, er og igjen følge grashoppesongarane på søre-Sunnmøre tett. Eg har også store planar om å utvide horisonten litt. Det vil seie å utvide området der eg kartlegger arten. Det mest aktuelle området å sjekke ut, er Stadlandet og Vågsøya heilt nord i Sogn og Fjordane. Der er det rikelig med gunstige lokalitetar, og at der er ein del grashoppesongarar er det stor sjans for. Ser ein på kor songarane dukkar opp frå eit år til eit anna, så ser ein tydelig at sjølv om dei kjem tilbake til distriktet, så er det ikkje nødvendigvis på samme lokalitet som året før. Det viser jo 2015-resultata meget god. Dermed er det ikkje heilt utelukka, at ein, eller fleire av songarane "mine", slår seg ned før dei endar opp på Sunnmøre. Og då er Vågsøya og Stadlandet absolutt områder ein bør sjekke ut. Det er jo tross alt ikkje store avstandane der er snakk om...

Måtte det bli varme sørlige vindar frå midten av april og utover, slik at vi får inn mange grashoppesongarar.

torsdag 14. januar 2016

Ringmerking av grønlandsmåse...

I løpet av dei siste tre vekene så har det starta å dukke opp ein del grønlandsmåsar her i distriktet. Totalt har eg hatt minimum seks forskjellige grønlandsmåsar innom på Sandshamn på Sandsøya i løpet av denne perioden. Dette på tross av at det generelt har vore lite måsar å sjå.

Første fargemerkte grønlandsmåse i Møre og Romdsdal
Det er ikkje berre på Sandsøya denne vestlige kvitmåsen har dukka opp. Den 5. januar skulle eg eit ærend i Volda. Eg visste at det hadde blitt sett to grønlandsmåsar der ikkje mange dagane i forvegen, så eg tenkte at eg måtte sjå ekstra nøye etter om dei fortsatt var i området. Og joda, der var ein. Det låg nemlig ein 2K fugl i lag med gråmåsar like ved ferjekaia. Eg hadde med meg litt brød i bilen. Dette tok eg og kasta ut, og måsane var mildt sagt svoltne. Brødet tok fort slutt, så eg måtte innom ein butikk for å handle litt meir. Målet var å få fanga inn grønlandsmåsen og ringmerkt den. Etter å ha brukt litt tid, og prøvd ut forskjellige strategiar, greidde eg til slutt å få lurt den i ei av dei to snarene eg brukte. Dermed fikk eg endelig ringmerkt ein grønlandsmåse. Ein nydelig 2K fugl! Dette blei den fjerde ringmerkte grønlandsmåsen i M&R noko gong. Dei tidligare måsane blei merkte berre med ein metallring. Denne fuglen derimot, fikk i tillegg påsatt ein fargering. Dette aukar sjansen for gjenfunn mange, mange gongar. Ein slik fargering er det mulig å lese av på fleire hundre meters hold ved hjelp av teleskop. Ein metallring derimot, må ein ha på kloss hold og frå mange vinklar, for å få lest av heile ringnummeret. Dette er det som oftast ikkje mulig å få til, då dei sjelden er så alt for samarbeidsvillige.

Totalt med denne har det blitt fargemerkt 24 grønlandsmåsar i Norge. 6 av desse merkingane er gjort denne vinteren. Og dette er som eg var inne på over, den første fargemerkte fuglen i Møre og Romsdal.

Dette var ein relativt liten fugl, så trulig er det snakk om ei hoe. Måsen fikk påsatt ein svart fargering med kvit skrift. Koda som står på ringen er J923N. Under finn du bilder av måsen både før og under merking. 
Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016

Grønlandsmåse 2K, Vikeneskaia, Volda 5. januar 2016
Eg trudde lenge at dette var den samme fuglen som blei sett på samme plass den 31. desember og 1. januar. Dette viste seg å vere feil. Etter å ha studert bilda av måsen, frå nyttårsafta og 1. nyttårsdag, som låg ute på nettsida www.artsobservasjoner.no, viste det seg at dette var ein ny fugl. Dermed har det blitt sett ikkje mindre enn tre grønlandsmåsar i Volda i løpet av dei siste tre vekene. Dette fordelt på to 2K-fuglar og ein adult fugl.


Ny Volda-tur...
To dagar etter at eg merke grønlandsmåsen vart turen på nytt lagt til Volda. Der var den ringmerkte grønlandsmåsen fortsatt på plass, og plutselig var fuglen som hadde blitt sett der den 31. desember og 1. januar også å sjå. Denne grønlandsmåsen, som også var ein 2K-fugl, var dessverre ikkje gira på brød, og dermed så var det berre å gløyme tanken om å ringmerke den.

Under finn du eit par bilder av den ringmerkte grønlandsmåsen frå den 7. januar, to dagar etter merking. Den var i fin form, og åt av brødet eg kasta ut.

Grønlandsmåse 2K (J923N), Hallkjellsvika, Volda 7. januar 2016

Grønlandsmåse 2K (J923N), Hallkjellsvika, Volda 7. januar 2016


Russiskmerkt gråmåse
Men det var ikkje berre grønlandsmåsane som fanga mi interesse i Volda denne dagen. På Vikeneskaia, like ved der ferja legg til, var det plutselig ein 2K gråmåse med russisk metallring som åt brød. Etter å ha fått avbilda ringen slik at eg kunne lese kva som stod på den, bestemte eg meg for å prøve å fange inn fuglen. For kunne eg få satt på ein fargering i tillegg til metallringen, så ville det auke sjansen for gjenfunn på fuglen i framtida betraktelig. Etter ei lita stund med prøving og feiling, var eg så heldig at måsen gikk i ei av snarene. Dermed så vil fuglen no kunne identifiserast, i tillegg til metallringen, på ein svart fargering med kvit skrift med koda JCN92.
 
Gråmåse 2K (metllring nr. DS14425), Vikeneskaia, Volda 7. januar 2016


Sandshamn...
Som eg nemnte heilt i starten på dette innlegget, så har eg sidan den 19. desember og t.o.m. i går den 13. januar, hatt seks forskjellige grønlandsmåsar innom på hamna på Sandshamn. Dette er fordelt på følgande aldrar: 2 juvenil/1.vinter, 1 2. vinter, 1 3. vinter og 2 adulte. Under finn du bilder av tre av fuglane.

2K (juvenil/1.vinter)
Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. januar 2016

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. januar 2016

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. januar 2016

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. januar 2016

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. januar 2016

Grønlandsmåse 2K (juvenil/1. vinter), Sandshamn, Sandsøya 9. januar 2016


3K (2.vinter)
Grønlandsmåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 8. januar 2016

Grønlandsmåse 3K (2. vinter), Sandshamn, Sandsøya 8. januar 2016


5K+ (4 vinter eller eldre)
Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 6. januar 2016

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 6. januar 2016

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 11. januar 2016

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 11. januar 2016

Grønlandsmåse 5K+ (adult), Sandshamn, Sandsøya 11. januar 2016

onsdag 16. desember 2015

FRANKLINMÅSE, Ervika, Stad 16.12.15

Så slo Ervika og Ståle Sætre til på nytt! Litt over to månadar etter at brunvarslaren vart oppdaga, vart det funne nok ein godbit i denne vika vest på Stad, heilt nord i Sogn og Fjordane. I går, den 15. desember, vart det nemlig observert ein amerikansk måseart, nærmare bestemt ein FRANKLINMÅSE! Måsen det var snakk om var ein 1K fugl, altså ein fugl klekt i 2015. Så vidt eg har funne ut så er dette det 11. eller 12. funnet av denne arten i Norge. Dette er også det første funnet av arten i Sogn og Fjordane.

Franklinmåsen er ein innlandsart som hekkar på myrer som er tilknytta ferskvann på prærien i sentral-Canada og tilgrensande statar nord i USA. Dei overvintrar hovudsaklig langs stillehavskysten i Peru og Chile. Men dei overvintar også i mindre antall nord til Guatemala og den Meksikanske Gulfen, og også vest til Galapagosøyane. Ja, ein kan altså trygt seie at denne fuglen har bomma totalt med navigeringa. Enten så har den komt ute for eit uver og blitt "dratt ut" av posisjon, eller så har den berre feilnavigert fullstendig.

Fullklaff!
I går, ei lita stund etter at måsen hadde blitt oppdaga, slo Ståle på tråden for å dele det gode budskap. Eg vurderte då å ta neste ferge for å prøve å få sett måsen. Men Ståle kunne meddele at måsane, inkl. franklinmåsen, plutselig tok til vingene pga. av ein rovfugl, og fordufta fullstendig. Han leita iherdig fram til ferga mi skulle gå kl. 13.00, utan å nesten sjå ein einaste måse. Så etter å ha tenkt meg litt om, så fann eg ut at det ville vere liten vits i å reise ut i Ervika for å kome der rett før det blei mørkt, for så å måtte leite etter ein fugl som strengt tatt kunne vere kor som helst. Sjansen ville vere minst like stor visst eg venta til neste morgon. Fuglane har jo ei døgnrytme, og også visse plassar dei foretrekker å vere til visse tider på døgnet. Eg håpte berre at Ervika var ein av desse plassane...

Måsen vart ikkje gjenfunnen etter at eg bestemte meg for ikkje å reise. Det var difor med ikkje alt for store forhåpningar eg reiste til Ervika i dag. Men utrulig nok så blei det fullklaff! I det eg kom ned til bebyggelsen i Ervika så såg eg nesten umiddelbart ein liten måse som eg var 99,9% sikker på var franklinmåsen. Eg køyrde så dit den landa, og jada, det var franklinmåsen. Den gikk då og åt makk og andre småkryp på markane like ved vegen der eg kom køyrande. På det nærmaste så hadde eg den nok på ca. 25 meters hold. Stort betre blir det ikkje! Det einaste eg hadde noko å utsette på, var det ekstremt dårlige lyset. Det var nemlig overskya og heller ugunstige fotoforhold. Likevel så fikk eg jo nokre greie bilder av måsen, men dessverre ingen brukandes fluktbilder...
Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015

Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015

Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015

Franklinmåse 1K (1.vinter), Ervika, Stad 16. desember 2015


Svartstruper
Men det var ikkje berre franklinmåsen som vart sett i Ervika i dag. Eg fikk også sett fire svartstruper. Desse var fordelt på eit par, samt ein enslig hann og ei enslig hoe.

Så sant det er svartstruper på Stadlandet, så er det også overvintrande svartstruper i Ervika. Her har svartstrupene tilgong på tarevollar i fjøra, og også oppgjødsla beitemark med beitande dyr. Slike områder har eit meget rikt insektsliv, og det er akkurat slike området svartstrupene søker mot.

Her er nokre bilder av ein av fuglane, ein 1K hann. Den karakteren som kjem best fram på desse bilda som gjer at den kan bestemmast til 1K, i staden for 2K+/adult, er dei slitte juvenile svingfjørene med både slitte tuppar, men også særlig slitte og bleikte bremmar. Ser ein på desse bremmane, så ser ein tydelig kontrasten mellom bremmane på dei juvenile armsvingfjørene og dei nymytte 2. generasjons tertiærane som har blitt mytt i den postjuvenile mytinga. Både kvaliteten og fargetonane på desse er påfallande forskjellige. Ein 2K+/adult fugl myter både tertiærar og svingfjører kontinuerlig, og vil dermed ikkje ha noko form for mytegrense her.

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015

Svartstrupe 1K M, Ervika, Stad 16. desember 2015