I dag var det eit stort antall med måsar på hamna. Desse vart nøye sjekka frå 11.30-15.30. Men det var ikkje det heilt store. Ingen kvitmåsar (polar-/grønlandsmåse), og eg trudde at det var det. Men ut av det blå så låg den plutselig der, KASPIMÅSEN. Eit nydeleg eksemplar av ein 1.vinter(2k) kaspimåse. Denne fuglen er ein sjeldan art i Norge, med kun ca. 25 funn totalt. Dette er 1.funnet i MR, og soleklart Norges nordlegaste funne av arten. Det nordlegaste før denne var då i Hordaland. Kaspimåsen er ein aust/søraustleg art som hekkar så langt nordvest som til Tyskland. Vidare så overvintrar dei ganske tallrikt opp til Danmark og Sverige. Men som sagt ikkje mange tek turen nord og vest til Norge.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar