fredag 12. februar 2010

Sandsøya og Voksa 06.02.10-12.02.10.

Det har vore ei still veke på fuglefronten. Ja når det blir finever og silda kjem så reiser flesteparten av måsane til havs. Bra for måsane, men ikkje for den som prøver å finne sjeldne måsar. Ingen måsar, ingen sjeldenheiter. Men litt var det no å notere seg.

grønlandsmåse 1 2k (nytt ind) (6.feb)
hønsehauk 1 (hann?) (7.feb)
polarmåse 2 2k og 4k (8.feb)
gråmåse(gulbeint) 1 5k+ (10.feb)
gråstrupedykker 6 (12.feb)
horndykker 5 (12.feb)
islom 6+ (12.feb)



grønlandsmåse 2K (1.vinter)



polarmåse 2K (t.v.) og polarmåse 4K (t.h.)

gulbeint gråmåse 5k+ (4.vinter eller eldre). Dei aller fleste
gråmåsane har kjøttrosa farga bein, men den gulbeinte
sorten finst også!



 



















Var også ein tur til ulsteinvik den 8.2. Så då tok eg meg ein tur ut på Flø for å sjå på måsane som var der.
Fann då ein grønlandsmåse (1. vinter/2k) med karakterar mot underarten/hybriden kumlieni som hekkar i NØ-Kanada. Desse er svært sjelden blir sett i norge. Det er to funn av denne i fylket, og begge er på Sandsøya. Legg merke til tydeleg stjertband, mørkt inntrykk og mørkt i armsvingfjører (dei ytterste fjørene mot vingetuppen). Sjå bilda under.
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar