fredag 7. mai 2010

Sandsøya/Voksa 06.05.10

Litt av en dag!!!! Starta dagen med eit par snadderand (hann og hofugl) og avslutta med PURPURHEGRE! Snadderand har berre vorte sett ein gong tidlegare på øyane (av Ståle Sætre) og purpurhegre har ikkje blitt sett før. Denne er utruleg sjelden i Norge (9.funn t.o.m 2002). Hegren kom flygande over Vågen ca. 22.15. Det var lyden som gjorde meg oppmerksam på den. Den har ein hesare, mørkare og ikkje så utdratt lyd som gråhegren. Fuglen var og ganske mørk under. Fikk desverre ikkje dokumentert den, så det blir å prøve å finne den igjen i morgon!
Ellers så var der ei trane på Voksa. (Muligens samme ind. som 2.mai?) Også lappspurv (hann) og 2 kortnebbgjess.


 Andre obsar:
strandsnipe 3+ (har komt for fullt dei siste par dagane)
skogsipe 1 (sjeldent vårfunn)
svartstrupe 3
vandrefalk 1
taksvale 1
heilo 21+
islom 1 ad.

Her er nokre bilder frå i dag!
skogsnipe

snadderand M F

trane
trane
trane




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar