mandag 24. oktober 2011

KUHEGRE, Finnøya

I dag vart det ein kort "kryssetur" til Harøya/Finnøya i Sandøy kommune. Det var nemleg sett KUHEGRE på Harøya både i går og i førigårs. I dag hadde den forflytta seg over til Finnøya. Dette er ein kjempestor raritet i Norge. Funnet av denne vart det fjerde totalt for Norge. Og nesten sjølvsagt var dette det første funnet av denne hegrearten i MR. Dei andre funna som er gjort er, to frå Finnmark og ett frå Nord-Trøndelag. Denne vesle hegren held nærmast oss til i Spania, Portugal og Frankrike.

Kuhegren var svært så fotogen, og poserte villig... Under kan du sjå nokre bilder av hegren.

Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya
Kuhegre, Finnøya


Og til slutt eit lite videoklipp...

2 kommentarer:

  1. Flotte bilder av kuhegren! Kjekt å se for oss som må være på jobben. Håper at den blir værende til helga.

    Astrid Kvendbø

    SvarSlett
  2. Ja takk for det...:) Hegren virka stasjonær, så kanskje er det mulig at den finn på å vere der heilt fram til helga!

    Ingar

    SvarSlett