lørdag 31. desember 2011

Godt nyttår!

Då er 2011 så og seie over. Og for eit år det har vore.... Men mange, mange gobitar spreidd utover heile året! Då snakkar vi artar som musvåk, lerkefalk, grønlandsmåse ua. kumlieni, gulbeinmåse, fjellmyrløpar, elvesongar, tartarsongar, mongolpiplerke, markpiplerke, sibirpiplerke, hærfugl osv. Ein kan trygt seie at det vart mange store øyeblikk, som for alltid vil feste seg på minnet! Så må eg sjølvsagt ikkje gløyme alle grashoppesongarane.... For 2011 vil vel for all framtid stå igjen som grashoppesongaren sitt år på Sandsøya og Voksa.

Så då for vi berre håpe at 2012 kan bli minst like bra!! Kanskje til og med toppe 2011.... Ja, for det er jo lov å håpe!:)

Her er nokre bilder frå året som har gått....
Ein av dei totalt 34 forskjellige grashoppesongarhannane på øyane i 2011!
Lunde, avbilda under avlesing av fargemerka lundefuglar på Runde i
midten av april. Måtte det gå mykje, mykje betre med alle sjøfuglane på
Runde i 2012!!!!
Havørn 3K. Avbilda ved Voksevegen i november.
Havørna hadde eit produksjonsår noko under gjennomsnittet i 2011.
Blir 2012 betre...?!

Og heilt til slutt er det vel berre å ønske alle eit riktig godt nyttår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar