torsdag 5. juli 2012

Endelig fullklaff??

I år ser det endeleg ut til å gå veien for lundane på Runde! Det vil seie at dei får fram normalt med ungar. Ein må tilbake til før 2005 for å ha eit heilt normalt produksjonsår for lundane på Runde. Etter dette har det ikkje vore heilt på topp. Verst har det vore dei siste fire føregåande åra. Med tre nullår, med ekstremt liten eller ingen ungeproduksjon, og eit halvgodt år i 2009. Men i år ser det ut slik som det skal i følge dei som har erfaringar frå slik det ein gong var. For dei andre sjøfuglartane på Runde så gjer havsula og storjoen det bra. Medan lomvi og alke truleg får fram eit lite antall med ungar, men her er det ikkje noko antall å snakke om. Krykkjene ser faktisk også ut til å få fram eit lite antall med ungar i år. Dei føregåande åra har det vore null og niks, men i år blir det anslått at 2-4% av fuglane får fram ungar. Men dette er fortsatt svært usikkert. Toppskarven virkar å ha eit bunnår, med ekstremt liten ungeproduksjon, men her har vi ikkje full oversikt enda.

Her er nokre bilder frå i føregårs når eg tilbrakte nokre timar i lundeura for å ta bilder av lunde som kom med mat. Fisken dei bærer er i hovudsak småsild, men dietten inneheld også fleire fiskeartar. Maten finn dei i hovudsak nord for Runde mot Vigra, men i år er det også fiskande lundar inn mellom øyane lenger sør.



2 kommentarer:

  1. En flott utteling du har fått av lundefuglen.
    Alltid moro når det full skår på disse.

    :) duy

    SvarSlett
  2. Ja, det blei brukt nokre timar på å ta bilder for å seie det slik!;) Ein ting er i hvertfall sikkert, det er nokre fantastiske fuglar...

    Mvh Ingar

    SvarSlett