torsdag 2. august 2012

Runde sesongen 2012


Endeleg vart det ein bra hekkesesong for lundane på Runde igjen. I år hadde 
dei rikeleg med mat, då i hovudsak sild.
 I går hadde eg ein av mine siste feltdagar på Runde for denne sesongen. Då gikk eg gjennom dei avmerka lundeholene vore. Vi har i år merka av totalt 48 reirholer for å følge med på ungeproduksjonen til lundane. I dei 48 holene var og er det lundeungar i 25 av dei. Det vil då seie at litt i overkant av 50% av lundane får fram ungar. Eg trur kanskje at antallet er hakket høgre, men då ein stad mellom 50-60% produksjon. I går hadde dei fleste flygd ut, men der var fortsatt igjen nokre få i holene. Den minste var fortsatt ein dununge, noko som vil seie at det er igjen ein god del veker før den flyg ut.

Her er eit lite utvalg av bilder.
Lunde pullus, Runde 1.august.
Lunde pullus, Runde 10.juli.
Lunde adult, Runde 1.august.
Storjo
Dei siste dagane av juli vart det gått over storjoane på Runde. Då for å få ring- og fargemerka ungar, samt å få sjekka ungeproduksjonen og antall par. Det virka svært bra, med mange ungar og også ei auke i antall par.


Her er nokre bilder av storjoane.
Storjo pullus, Runde
Storjo pullus, Runde
Storjo ad. Runde
Storjo ad. Runde

Statusen ellers...
Hos dei andre sjøfuglartane på Runde så er det berre havula som gjer det bra. Dei har som vanleg mykje ungar. Ellers så har nok nokre alker og lomviar fått fram eit fåtall ungar, men det er langt i frå eit godt år. Hos krykkje og toppskarv er det ekstremt dårleg. Det vil seie null og niks av ungar for kyrkkja sin del. Når det er snakk om toppskarven så var der ingne ungar i kolonien på nordvestsida av øya. Det var så dårleg at det rett og slett ikkje var fugl igjen i kolonien. Dette er faktisk den første gongen det har skjedd på Runde. På sørsida av øya virkar det litt betre for skarven. Der har den truleg fått fram litt ungar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar