Når eg var på Ona fikk eg vite at to av "mine" måsar som eg ring- og fargemerka i sommar var sett i Hordaland. Dermed blir det då etter at desse vart funne totalt tre måsar av dei eg har merka i år som har dukka opp utanfor fylkets grenser. Den første var som eg tidligare har nemnt her på bloggen svartbaken "JP952" som vart sett i Hå i Rogaland den 26.august.
Her er litt om dei to nyaste gjenfunna.
J4743
Gråmåse 1K |
Gråmåse 1K |
På dei to bilda over ser du gråmåse "J4743" som eg merka i måsekolonien i Goksøyra på Runde den 16.juli i år. Her er den avbilda i byparken i Bergen den 26.september. Bilda er tatt av Arild Breistøl. Totalt blei det ring- og fargemerka 18 gråmåseungar i denne kolonien. Dette var den andre av dei 18 som er funnen utanfor Runde. Eg hadde nemleg gråmåse "J4732" som eg merka den samme dagen innom på Sandshamna på Sandsøya den 19.september.
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom der måsen vart merka på Runde og byparken i Bergen er på 224km. |
JP954
Svartbak 1K |
Svartbaken "JP954" som eg merka på Marøya den 15.juli i år vart sett på Hernar i Øygarden i Hordaland det også den 26.september. Denne er også avbilda av Arild Breistøl. Dette er den andre svartbaken av dei totalt 30 ind. som fikk påsett metall- og fargering i sommar som er funnen utanfor fylkets grenser.
Her er eit oversiktskart der ringmerkings- og funnstaden er avmerka.
Avstanden mellom Marøya og Hernar i Øygarden er på 176km. |
Ikkje noko spennande å sjå...
I går vart det tatt ei skikkeleg runde rundt på Voksa for å sjå om det var meir fugl å sjå enn før eg reiste på Ona. Men det var det desverre ikkje... Eg kan nesten ikkje huske å ha sett det så daudt som det har vore den siste tida! Men heldigvis så trengst det egentleg berre ein fugl berre den er sjelden nok. Fårhåpentlegvis så snur ting snart.
Her er nokre bilder som eg tok av ein gjeng fuglekongar på Voksa i går.
Fuglekonge, Voksa 29.september |
Fuglekonge, Voksa 29.september |
Fuglekonge, Voksa 29.september |
(For å sjå dei siste innlagte bilda så går du inn på "pages" i toppmenyen og så ned på "recent photos")