torsdag 20. september 2012

Fuglenytt 18-20.09.12

I går og i føregårs var eg ein tur på Ona på Romsdalskysten. Då delvis i jobbsamanheng, men egentleg først og fremst for å finn sjeldne fuglar. Men desverre så var der veldig få sjeldenheiter å finne. Der var faktisk ikkje noko spesielt i det heile tatt! Frå fredag av, og ut neste veke så skal det ein gjeng ut på Ona for å satse i felten. Så det blir nok slik at eg tek meg ein tur dit rett over helga...  

Her er eit bilde av ein lappspurv som vart sett rastande på Ona den 18.sep.

Lappspurv, Ona

Fargemerka gråmåsar...
I går (19.sep.) når eg hadde komt heim igjen på Sandsøya etter turen på Ona vart måsane på Sandshamna sjekka for første gongen på to veker. Det resulterte fortsatt ikkje i sjeldenheiter, men derimot så var ikkje mindre enn 10 av årsungane som eg ring- og fargemerka i sommar på plass på hamna. Då fordelt på 9 gråmåsar og 1 svartbak. Den mest interessane var gråmåsen med fargeringkode J4732. Den vart nemleg merka i Goksøyra på Runde den 16.juli. Dette var ein av dei totalt 18 gråmåseungane som blei merka på Runde i år.

Her er eit bilde av "J4732" som i går var innom på hamna. Avstanden frå der måsen vart merka på Runde og til Sandshamna på Sandsøya er på 18 km.

Gråmåse 1K, Sandshamna/Sandsøya.


Dagens fuglenytt
I dag vart det gått ei skikkeleg runde rundt om på markane på Voksa. Det resulterte i haustens første kvartbekkasin. Ellers så virka det ganske så daudt. Men heilt på tampen av runda kom det flygande ein liten falk. Den var langstjerta og hadde lange og tynne vinger. Dermed er det snakk om ein ubestemt lerke-/aftenfalk. Då ein dvergfalk ville vore meir kompakt, med ikkje like lang sjert og virka meir breivinga. "Sjølvsagt" så lukkast det desverre ikkje å få dokumentert fuglen, men ut i frå proporsjonar og jizz så låg det nok nærmast ein aftenfalk. For form og proporsjonar var så og seie kliss lik aftenfalken som eg hadde på Sandsøya tilbake i mai.

Her er ein link til falken som eg kom over i mai.
http://ingarsfuglebilder.blogspot.no/2012/05/aftenfalk-sandsya-150512.html

2 kommentarer:

  1. Fikk idag en Svartbak nummer JP954 på Hernar i Øygarden. Hørte at dette er en av "dine"

    Ser http://oeygardenbirds.blogspot.no/

    SvarSlett
  2. Supert!;) Takk for at du les av måsane "mine". Det skal bli spennande å sjå om det dukkar opp fleire etter kvart... Du har forresten ein meget spennande blogg!:)

    Mvh Ingar

    SvarSlett