Polarmåse...
Den 15.november vart det sett ein 1K polarmåse på hamna. Dette blei då den andre årsungen av polarmåse som har vore innom på hamna så langt i haust. Denne måsen var truleg ei hoe, då den var relativt liten og samtidig hadde eit meget lite og spinkelt nebb.
Her er eit par bilder av måsen.
Polarmåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 15.oktober 2012 |
Polarmåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 15.oktober 2012 |
Merking av måsar
Eg har også no i haust starta å ring- og fargemerke måsar på Sandshamna. Så langt har eg merka 18 gråmåsar. 16 av desse vart merka den 9.november, medan 1 ind. vart merka henholdsvis den 31.oktober og den 2.november. Etter kvart skal det bli meget spennande å sjå kor desse måsane dukkar opp.
Her er eit bilde av ein av måsane som blei merka den 9.november.
Her er ein link til ein 5.vinter fugl, med enda meir mørkt i nebbet. https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhSC-Ol_Tu924UeoTD2DqHTw8SG21hg2OClh-aq1p8qeK__daRl9BZeGSi7GKefzg37_VRvnYBBPGb_OcQTYrgJYy-xXiaj1c7ei2HTFPjp94Ghku4OvC2DtEaG0z-idMfbLprYhn0qw2w/s1600/gr%25C3%25A5m%25C3%25A5se+J1XP+6K+%25281+of+1%2529.jpg