tirsdag 20. november 2012

Polarmåse...

Dei siste par vekene har bydd på ganske lite på fuglefronten. Dei få turane eg har vore ute har det vorte satsa på å finne eit eller anna blandt måsane på Sandshamna på Sandsøya. Men no i det siste har mykje vind og dermed mykje sjø på havet gjort sitt til at aktiviteten på fiskemottaket på Sandshamna har vore heller laber. Og ingen aktivitet vil igjen seie ingen eller svært få måsar inne på hamna. Eg har også starta å fange måsar for ring- og fargemerking. Noko som skal bli svært så interessant etter kvart som eg får merka ein del måsar.

Polarmåse...
Den 15.november vart det sett ein 1K polarmåse på hamna. Dette blei då den andre årsungen av polarmåse som har vore innom på hamna så langt i haust. Denne måsen var truleg ei hoe, då den var relativt liten og samtidig hadde eit meget lite og spinkelt nebb.

Her er eit par bilder av måsen.
Polarmåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 15.oktober 2012

Polarmåse 1K (juvenil), Sandshamna/Sandsøya 15.oktober 2012

Merking av måsar
Eg har også no i haust starta å ring- og fargemerke måsar på Sandshamna. Så langt har eg merka 18 gråmåsar. 16 av desse vart merka den 9.november, medan 1 ind. vart merka henholdsvis den 31.oktober og den 2.november. Etter kvart skal det bli meget spennande å sjå kor desse måsane dukkar opp.

Her er eit bilde av ein av måsane som blei merka den 9.november.
Gråmåse 4K+ (4.vinter eller eldre), Sandshamna/Sandsøya 9.november 2012
Denne måsen blei aldersbestemt til ein 4K+. Fjørdrakta er komplett og med
ingen immature fjør. Nebbteikinga kan peike mot at dette er ein 4.vinter -fugl,
altså ein 4K. Men ei slik nebbteikning kan også eldre fuglar vise.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar