lørdag 11. mai 2013

Grashoppesongar, jordugle og trepiplerke m.m. Sandsøya og Voksa 08-10.05.13

Dei siste dagane har eg knapt vore innomhus. Dagane har blitt tilbrakt i felt, enten på Sandsøya og Voksa, eller på Runde. Feltsatsinga på øyane heime har i hovudsak gått til å prøve å leite opp årets første grashoppesongar. Men sjølvsagt, går ein rundt og "vasar" så kjem ein over litt av kvart. I går hadde eg blant anna øyane si første trepiplerke. Dette er ein vanleg art, men utruleg nok så har den ikkje "dumpa innom" på øyane før no. Ellers så har eg ringmerka min første møllar, samt eit par sivsongarar.

Her er nokre observasjonar frå Sandsøya og Voksa dei siste dagane:

8.mai:
kortnebbgås 3 (Våge, Sandsøya)
fjellvåk 2 ptsv (Voksa)
tårnfalk 3K+ M (Voksa)
møllar 1 2K M (Marøya)

9.mai:
islom 1 3K+ (Ved Voksa)
kortnebbgås 3 (Våge, Sandsøya)
fjellvåk 3 ptnø (Voksevegen/Voksa)
jordugle 1 (Våge, Sandsøya)
trepiplerke 1 M sy./sett (Våge, Sandsøya)
buskskvett 2 MM sy. (årets 2 første) (Sandsøya)
svartstrupe 1 F (Sandsvågen, Sandsøya)
sivsongar 2 MM (årets 2 første) (Voksa/Sandsøya)

10.mai:
kortnebbgås 3 (Våge, Sandsøya)
fjellvåk 1 ptnø (Voksa)
gjøk 1 M sy. (årets første) (Våge, Sandsøya)
tornsongar 1 M sy./sett (årets første) Våge, Sandsøya)
buskskvett  4 MM sy. (Sandsøya)
grashoppesongar 1 M (Voksa)

Her er eit dokumentasjonsbilde av øyane si første trepiplerke,
under der igjen eit bilde av fylkets første møllar for året.
Trepiplerke M, Våge/Sandsøya 10.mai 2013
Denne vart sett rastande i lag med heipiplerker. Den vart også høyrd syngande.
 
Møllar 2K M, Marøya 8.mai 2013


Endelig!
Tilbake til grashoppesongarleitinga mi. Dei siste dagane har eg som sagt brukt mykje tid, og tilbakelagt mange kilometer på leiting etter denne nattsongaren. I går (10.mai) hadde eg vore ute heile ettermiddagen, og på den siste lokaliteten som eg skulle sjekke før eg tok kvelden fikk eg endeleg svar på lydavspelinga mi. Dermed var årets første grashoppesongar på plass! Og måtte det bli mange, mange fleire. Etter å ha lokalisert fuglen blei den innfanga for ringmerking. Dermed skal det vere mulig å følge denne fuglen utover våren og sommaren visst den bestemmer seg for å bli verande.

 
Her er eit par bilder av grashoppesongaren.
Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 10.mai 2013
Den har blitt utstyert med metallring på venstre tars
og gul fargering med talet 1 på høgre tars.

Grashoppesongar 2K+ M, Voksa 10.mai 2013
 


Eg vil også denne våren og sommaren satse på å få ringmerka flest mogleg sivsongarar på øyane. Målet i år er å få eit mest mulig korrekt antall på kor mange par med sivsongarar som hekkar her. Vidare så blir det spannande å sjå om mange av desse songarane vender tilbake seinare, og om det blir gjenfunn av dei ringmerka fuglane utanfor landets grenser.

Her er årets to første ringmerka.
Sivsongar 2K+ M, Voksa 9.mai 2013.

Sivsongar 2K+ M, Våge/Sandsøya 10.mai 2013
 
Jordugle
I Våge på Sandsøya har det dei siste par dagane blitt sett ei jordugle. I går vart den skremt opp frå ein av markane, heldigvis så flaug den ikkje langt. Den flaug nemleg og satte seg i ein bjørkeskog like ved. Der vart den utrulig nok sittande til eg fikk kome meg i bilen, og rigga meg fint på plass på bilvegen ca. 10 meter i frå ugla. Dermed vart draumen om endeleg å få gode bilder av jordugle på brikka oppfylt!

Her er eit lite utvalg av bilder.
Jordugle, Våge/Sandsøya 10.mai 2013

Jordugle, Våge/Sandsøya 10.mai 2013

Jordugle, Våge/Sandsøya 10.mai 2013


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar