torsdag 19. september 2013

Tartarpiplerke, gulbrynsongar og åkerrikse m.m. på Sandsøya/Voksa 17-19.09.13

Dei siste tre dagane har det blitt satsa ein del i felt, og då først og fremst på Voksa. Det er i hvertfall der "ting" har dukka opp. I føregårs den 17.september vart haustens første tartarpiplerke for M&R observert der. Denne vart sett på eit jorde som eg har døpt om til "tartarpipjorde". For eg trur at så mange som 75% av alle tartarpipane som har blitt observert på øyane har vore innom på dette jordet. Ellers så vart det sett ei svarthalespove, den andre før øyane i haust.
 Her er eit bilde av mi første tartarpiplerke for året.
Tartarpiplerke, Voksa 17.september 2013
Det er slik det er vanligast å sjå den, når den kjem flygande i store bølgedalar.
 
Litt seinare på dagen vart vika på sørsida av øya besøkt. Der vart det sett ein 1K grashoppesongar. Den hadde både metall- og fargering, dermed var det ein av songarane som eg fikk merkt i forrige veke på den samme lokaliteten. Etter at den blei sett gikk eg og "vasa" ei stund til i det lange graset. Då flaug det opp ei åkerrikse. Dette er berre det andre haustfunnet av arten på øyane.
 
Grashoppesongaren som blei sett på Voksa den 17. september var nok høgst truleg denne. Denne songaren blei merkt på den samme staden den 13.september, sist av i alt tre grashoppesongarar som blei merkt der i forrige veke.
Grashoppesongar 1K, Voksa 13.september 2013

Seint svartstrupekull...
For ei og ei halv veke sidan så såg eg ei av dei voksne svartstrupene bærande på mat i Sandsvågen på Sandsøya. Men eg såg berre ein av dei voksne fuglane, og heller ingen ungar. I går (18.september) vart det nok ein tur innom lokaliteten for å sjekke om der kunne vere nokre ungar å sjå. Like etter at eg stoppa bilen og åpna bilvinduet kunne eg høyre tiggande svartstrupeungar. Ja, ungar som nettopp har blitt flygedyktige. Dei hadde nesten ikkje stjertfjør eller vingefjør, og minst ein av dei hadde fortsatt mykje dun igjen i hovudet. Så desse ungane kan ikkje vere meir enn 2-3 veker gamle. Dette er då årets tredje ungekull. Det første kullet blei sjølvstendige i slutten av juni og etter det virkar det som det har gått kast i kast. Men rikeleg med ungar trengst, skal bestanden bygge seg opp igjen til slik den var fram t.o.m. 2009.
 
Her er ein av ungane frå det første kullet i år.
Svartstrupe 1K, Sandsvågen/Sandsøya juni 2013
 

Gulbrynsongar og dobbeltbekkasin...
I dag (19.september) var det tatt nok ein sveip over Voksa. Like etter at eg kom på land på øya fikk eg auge på min første gulbrynsongar for året. Denne sibirske trekkgjesten er det alltid like kjekt å "kome over". Etter dette så blei det ein del "trakking" i eit av dei mange strandrørfelta på Voksa. Der kom eg over øyane sin 2-3. dobbeltbekkasin. Dermed så er det litt av kvart på farta for tida, og forhåpentlegvis så dukkar bomba opp om ikkje så alt for lenge...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar