Ketchupeffekt...
I dag blei dagen starta med å sjekke hagane i Våge på Sandsøya. I den første hagen eg sjekka såg eg først ein hagesongar, like etter kom der fram nok ein sylvia-songar. Denne viste seg å vere ein hauksongar. Så var der plutseleg ein songar til... Var der fleire hauksongarar? Joda, det var to som holdt til i lag. Dermed må eg seie at ketchupeffekten virkelig har slått til. For med tre hauksongarar på to dagar kan ein ikkje klage! Etter at Sandsøya var nøye sjekka, vart turen lagt til Voksa. Der fikk eg sett årets andre tartarpiplerke, og årets første tundragås for øyane. Tundragåsa vart sett på langt holde, men den var truleg av den grønlandske underarten flavirostris. Det kan også nemnast at det i Vågen på Sandsøya vart sett 3-4 svartstrupesungar, samt hoa i paret. Ungane blei fortsatt mata av foreldra.
Her er nokre bilder som blei tatt av hauksongarane i Våge i dag.
Hauksongar 1K, Våge/Sandsøya 1.oktober 2013 |
Hauksongar 1K, Våge/Sandsøya 1.oktober 2013 |
Hauksongar 1K, Våge/Sandsøya 1.oktober 2013 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar