onsdag 27. november 2013

Kor mange er der?

Før årets sesong som blei min første der eg hadde muligheit til å ringmerke småfugl sjølv ved hjelp av mistnett, var det to artar som det spesielt skulle satsast på. Det var då grashoppesongarar og sivsongarar. Tidligare så har eg gått gjennom årets sesong når det gjeld grashoppesongarane, så no er det på tide å ta ein lita oppsummering av årets sivsongarsesong også.

Korrekt estimat?
Tidligare år så har eg estimert at det er ein stand på rundt pluss, minus 60 territorielle sivsongarhannar på Sandsøya og Voksa årleg. I år var hovudmålet å få eit noko lunde korrekt antall, og å sjå om eg hadde vore heilt på jordet med estimatet mitt, eller om det faktisk var så mange som eg tidligare hadde antatt.

Her er mistnettet montert opp, og alt er klart til å fange inn ein sivsongar.

I år var den første sivsongarhannen på plass på hekkeplassen den 9.mai. Der vart den umiddelbart innfanga og ringmerkt. Men dette var berre starten, for mange fleire merkte songarar skulle det bli! Totalt så fikk eg ringmerkt 44 sivsongarhannar i territoria sine rundt omkring på øyane. I tillegg til desse så var der i underkant av 15 hannar som eg aldri fikk fanga inn. Dette viste berre at mitt tidligare estimat på antall hannar ikkje var heilt spinnvilt likevel. I år vart då totalen på ein stad mellom 55 og 60 territorielle sivsongarhannar. Og 2013 var ikkje eit maksår heller. Det var nemleg fleire territorium som der tidligare har vore sivsongarar i, som sto tomme i år. Det vil altså seie at det i virkelig gode år er ein stad mellom 60 og 70(!) territorielle hannar på Sandsøya og Voksa. Noko som er eit meget respektabelt antall.

Her er to bilder som er tatt under ringmerking av eit par sivsongarhannar.
Sivsongar 2K+ M, Voksa 17.mai 2013

Sivsongar 2K+ M, Voksa 17.mai 2013
 
Under kan du sjå to oversiktskart som viser korleis dei 44 merkte sivsongarhannane er fordelt på øyane.
                                                                                                                                                                            
Sandsøya
 
Voksa
 
 
Fargering til neste år...
I år har sivsongarane berre fått påsett aluminiumsring. Desse er svært vanskelige å lese av i felt. Og skal ein lese dei av i felt blir det fort for mykje forstyrrelse for fuglane. Eit anna alternativ er sjølvsagt å "plukke inn" fuglane ved hjelp av mistnett. Men ein kan ikkje fange dei inn for kvar gong ein lurer på hvilken fuglen som set der med metallring. Dermed vil det til neste år også bli påsett fargeringar. Det vil då vere liknande fargeringar som dei som blei brukt på grashoppesongarane i år. Dette vil gjere det mulig å kartlegge forflytningar songarane gjer lokalt, då utan å utsette fuglane for alt for store forstyrrelsar.
 
Her er eit bilde av den einaste sivsongaren med metallring som har blitt avlest ved hjelp av "fotos" i felt. Denne fuglen er merkt i Portugal, og i 2011 var den hekkefugl i Våge på Sandsøya.
Sivsongar 2K+ M, Våge, Sandsøya mai 2011
 
Ringmerking av årsungar og hofuglar
I tillegg til å merke hannfuglane i territoria sine, så blei det i slutten av juli og i august/september satsa ein god del på å få merkt årsungar. Eg laga meg nemleg til eit oppsett med nett i eit området der det var minst fire par med sivsongarar som hekka. Dette gav eit relativt bra resultat. Totalt fikk eg merkt 18 årsungar og 2 hofuglar på desse øktene. Tek ein i tillegg med dei 2 fuglane som eg merkte tidligare på sesongen, og som ikkje blei kjønnsbestemt, så enda totalen på ringmerkte sivsongarar i 2013 på 66 ind.! Eit resultat som var langt over forventning.

Her er eit bilde av ein av ungane som sivsongarane fikk fram i ungekull nr. 2. Denne var så og seie akkurat flygedyktig når eg fikk den i eit av netta på Voksa den 30.august.
Sivsongar 1K, Voksa 30.august 2013


Kjem dei tilbake?
I og med at dette er første gongen det har blitt ringmerkt ein så stor andel av hekkebestanden her på øyane, samt ungar på hekkeplass, skal det bli spennande å få eit tal på kor mange som kjem tilbake for å hekke. Og om ganske nøyaktig eit halvt år så får vi svaret på akkurat det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar