onsdag 22. oktober 2014

Besøk frå høgarktisk Canada...

I løpet av dei siste tre og ei halv vekene så har det som vanlig blitt ein del timar utandørs på leiting etter sjeldne fuglar. Dette har dessverre ikkje resultert i alt for store sjeldenheiter. Dei største raritetane som har blitt observert på Sandsøya og Voksa i denne perioden er artar som ringgås, polarmåsekvartbekkasin, vannrikse og gulbrynsongar.

Som ein del av satsinga i felt så har det blitt brukt ein god del tid på måsar. Det har dessverre heller ikkje resultert i sjeldenheiter. Det einaste som eigentleg er verdt å merke seg, er som eg også har nemnt over, nemleg hausten/vinterens første polarmåse. Den vart observert på hamna for fire dagar sidan, nærmare bestemt den 18.oktober. Fuglen det var snakk om var ein 1K-fugl i full juvenil drakt. Ser ein så på ringmerkte måsar, så har eg hatt nokre spennande avlesingar i løpet av dei siste vekene. Den 3.oktober vart ein voksen fiskemåse med ein nederlandsk fargering observert rastande på Sandshamna. Elles så har det vorte avlesingar på fire engelskmerkte stormåsar. Ein adult svartbak, to subadulte gråmåsar, samt ein adult gråmåse. Alle merkte i søraust-England av North Thames Gull Group.

Men det var ikkje avlesingane på dei fargemerkte måsane som var det mest interessante når det gjaldt avlesingar av merkte fuglar i denne perioden. Det var det nemlig ein art frå ei heilt anna artsgruppe som stod for...

Besøk frå høgarktisk Canada
Den 29.september vart det sett to lysbuka ringgås (Branta bernicla hrota) rastande på Hamnaholmen på sørsida av Sandsøya. Berre det å sjå ringgås rastande er meget uvanlig. Som oftast så ser ein dei berre i det dei trekker forbi på havet på utsida av øyane. Men det mest spesielle var ikkje å sjå ringgås... For i det eg fikk "satt" teleskopet på gjessene så såg eg med ein gong at der måtte vere noko på beina til den eine fuglen. Og joda, der var ein gul fargering på kvart bein. På den eine ringen var der eit tretal, medan det på den andre var ein X. Eg tenkte med meg sjølv at ringgåsa måtte ha blitt merkt på Svalbard, eller i hvertfall høyre til den bestanden. Fuglane som både vår og haust trekker forbi Norskekysten er nemleg ringgås som hekkar på Svalbard og Franz Josefs land. I tillegg til desse så trekker så vidt eg forstår også ein del av bestanden på nordaust-Grønland via Svalbard, og følger dermed også Norskekysten på veg til dei same overvintringsområda. Desse overvintringsområda ligg nærmare bestemt på dei Britiske øyane (Northumberland i England) og i Danmark. Desse fuglane høyrer til den lysbuka underarten hrota. Denne underarten finn vi også på vestsida av Grønland og i nordaust-Canada, men i motsetning til Svalbardbestanden som eg har nemnt over at overvintrar i England og Danmark, så overvintrar desse hovudsaklig i Irland. I tillegg til desse lysbuka fuglane så har vi også ein underart til som vi kan forvente å sjå i Norge. Då snakkar vi om den austlige mørkbuka underaten bernicla. Desse fuglane hekkar i vest-Sibir og har ei austligare trekkrute. Dei trekker frå hekkeplassane og "ned" til kystane langs Nordsjøen, altså Danmark, til den sørlige delen av England og vest-Frankrike.

Ei av totalt ca. 4500 merkte ringgås...
Etter litt søking rundt omkring på nettet utan eigentlig å finne ut så alt for mykje, så gikk eg inn på ei nettside der det er bilder av fargemerkte fuglar. Etter litt om og men så kom eg inn på bilda av fargemerkte ringgås. Og trur du ikkje at ei av dei to gjessene som var avbilda på det nest øverste bildet var den same gåsa som eg hadde sett! Gåsa viste seg å høyre til eit Irsk prosjekt. Dermed sendte eg over ein mail til ein av dei som leiar prosjektet. Kvelden etter fikk eg svar, eit svar som eg vart ein smule overraska over... Gåsa viste seg nemleg å høyre til den aust-Canadiske høgarktiske bestanden. Bestanden skal vere på ca. 40 000 fugl. Desse overvintrar hovudsaklig i Irland, i vest-England, på Kanaløyane i den engelske kanalen og i Normandy i Frankrike. Prosjektet vart starta opp i 2001, og dei har i løpet av desse åra merkt ca. 4500 ringgås. Dette gir ca. 10 000 avlesingar på overvintrande fuglar årlig. I tillegg til desse avlesingane så har dei også ca. 5000 avlesingar årlig på fuglar som rastar under vår- og hausttrekket på Island.

Ringgås (X3, gul-gul) adult, Hamnaholmen, Sandsøya 29.september 2014

Overvintrar årlig i den engelske kanal...
Gåsa "mi" hadde ei mildt sagt fyldig gjenfunnshistorie. Denne hoa blei merkt som ein adult fugl på sørvest-Island i 2006, og den har kvart år sidan blitt observert overvintrande på Jersey, altså kanaløya i den engelske kanalen som ligg nærmast Frankrike. Den blir også observert kvar vår når den rastar på trekket på Island på veg til hekkplassen i nordaust-Canada. Der feitar dei seg opp for å kome seg i kondisjon til å gjere unna den siste delen av trekket mot hekkeplassen, og for å vere i tilstrekkelig kondisjon til å kunne starte hekking ganske umiddelbart etter ankomst. Og når vi først snakkar om hekking, så hekkar ringgåsa "X3" på Cornwallis Island, høgt oppe i den nordustlige delen av arktisk Canada. Fuglen blei faktisk sett for første gong på hekkeplass under ein ekspidisjon som prosjektet hadde i sommar som var. (2014)

Her er eit kart som viser trekkruta om våren. Då med ei periode der dei rastar på Island, før dei tek fatt på den siste reisa mot Cornwallis Island i høgarktisk Canada. Totalt så er denne reisa rekna i luftlinje ca. 4900km.

Her er trekkruta "X3" brukar på nordtrekket på våren.

Kraftige lavtrykk...
Grunnen til at gåsa dukka opp på Norskekysten i år kan nok ganske enkelt forklarast med dei kraftig vestlige lavtrykka med storm og kraftig nedbør vi hadde i tida før den blei oppdaga. Desse har ført gåsa ein god del kilometer for lagt mot aust, og altså då inn til kysten på nordvestlandet. "X3" og den ringlause kompanjongen var fortsatt på plass dagen etter, altså den 30.september. Den ringlause fuglen var muligens maken til "X3", den virka i hvertfall å vere ein hannfugl, i og med at den var ein god del større og kraftigare enn "X3". I ettertid har det holdt til ei umerkt ringgås i det same området. Om dette er den ringlause gåsa frå den 29. og 30. september, er umulig å vite, men eg trur nok at dei to fuglane som sagt holdt til i lag, og dermed også trekte vidare saman. Noko som burde tilseie at ringgåsa som holdt til her i starten på oktober var ein ny fugl.

Her er eit kart der funnstanden, altså Sandsøya, og hekkeplassen, Cornwallis Island er plotta på kartet. I luftline så er avstanden her på i underkant av 3800km.

Her ser du kor "X3" enda opp etter å ha komt ein del på avveie under haust-
trekket 2014.

Det skal bli spennande å sjå om "X3" dukkar opp, og igjen overvintrar på Jersey. Og om den til våren nok ein gong trekker si vanlige rute mot hekkeplassen i den høgarktiske delen av Canada. Berre tida vil vise...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar