Sivsongar 2K+ M, Voksa 9.mai 2014 Denne songaren vart merkt på Voksa i fjor og er dermed på plass på øya for minst den andre sesongen på rad. |
Første ungekullet på vingene...
I tillegg til å følge med på nattsongarar så har eg følgt nøye med på det eine av svartstrupepara på Sandsøya. Dette paret har fått sitt første ungekull på vingene, og desse er no sjølvsteindige. No tyder alt på at svartstrupehoa igjen ligg på egg. Og om litt over ein månads tid så kan endå eit ungekull vere komt på vingene...
Eg har i år så smått starta opp eit nytt fargemerkingsprosjekt på svartstrupe. Alle fire ungane i det første ungekullet har blitt merkte (ein kan så vidt skimte metallringen på venstre tars på bildet under). Dei har i tillegg til metallringen fått påsatt ein fargering. Og nettopp fargeringen kan ein lese av på minst 70-80 meters hold ved hjelp av telesop. Dermed kan ein lett individ-identifisere fuglane utan å måtte fange dei inn for å lese av metallringen. (Meir om årets første kull og prosjektet kjem eg tilbake med seinare)
Svartstrupe 1K/juvenil, Sandsvågen 27.mai 2014 |
Litt småsnacks...
Når det gjeld sjeldenheiter så har det vore heller labert. Men det har no blitt nokre små lokale gobitar.
Ei ringgås ua. hrota hold til på Sandsøya f.o.m. den 14.mai t.o.m. den 23.mai. Vidare så vart det i løpet av fire dagar sett to sivhaukar, den første på Voksa den 22.mai, og den andre vart sett i Sandsvågen naturreservat på Sandsøya den 25. mai. Med desse to fuglane så er då totalen på funn av sivhauk på Sandsøya og Voksa blitt fordobla frå to til fire funn. Ellers så fikk eg også ein ny art på lista over artar som har blitt observert på Sandsøya og Voksa. For morgonen den 27.mai vart nemleg øyane sin første bøksongar høyrd syngande i Våge på Sandsøya. Heilt til slutt så kan det no nemnast at det var høyrd ein syngande vaktel på Støyle på Sandsøya i natt som var, min første for året.
Her er eit par bilder av øyane sin fjerde sivhauk. Den hold til i minst ein time i Sandsvågen på Sandsøya før den tok høgde og trekte vidare mot nordaust.
Sivhauk 2K, Sandsvågen, Sandsøya 25.mai 2014 |
Sivhauk 2K, Sandsvågen, Sandsøya 25.mai 2014 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar