søndag 21. september 2014

Sandsøya/Voksa 29.08-19.09.14

Den siste tida har det blitt satsa mykje i felten på Sandsøya og Voksa. Der har eg blant anna gått over jorder, samt sett gjennom hagar på leiting etter godbitar. Dette har også gitt eit brukbart resultat. Eg har nemleg komt over fleire artar som eg tidligare aldri hadde sett her på øyane...

Ei vitamininnsprøyting...
Funnet av rosenvarslaren på Voksa den 28.august gav meg ei stor vitamininnsprøyting. Ja, det var akkurat det eg trengte for å få haustsatsing opp å gå. Under kan du lese, samt sjå bilder av det som har vorte sett på øyane f.o.m. den 29.august t.o.m. den 19.september.

Samme fugl, eller nytt ind?
Dagen etter at rosenvarslaren vart sett (29.august) kom eg over ein dobbeltbekkasin på Voksa. Dette vart då høgst truleg fugl nr. to denne seinsommaren/hausten. Etter dette var det litt stille nokre dagar. Men den 5.september viste Voksa igjen litt av potensialet sitt. På sørvestsida av øya vart det sett ein ROSENVARSLAR. Dette var mest truleg den samme fuglen som blei sett 8 dagar i forvegen. Men eg hadde ikkje sett den i mellomtida, og dagen etter var den igjen borte. Dermed kan ein fort leike litt med tanken om at dette var ein fugl nr. to. Men i og med at eg ikkje fikk gode bilder av varslaren frå den 28.august, så kan eg ikkje samanlikne karakterar på dei to fuglane. Og uten bevis for at det var to fuglar, så må ein berre gå ut i frå at det mest sansynelig var den samme varslaren som blei sett både den 28.august og den 5.september.

Då eg gjenfann rosenvarslaren så var det aktivt næringssøkande, og den gav meg ei fin anledning til å få studert den. Riktig nok i gjennom teleskopet på litt hold. Men ein får ta til takke med det ein får...
Rosenvarslar 2K+ M, Voksa 5.september 2014

Rosenvarslar 2K+ M, Voksa 5.september 2014

Etter at varslaren var i boks, så gikk turen vidare lenger nordaust på øya. Der var eg blant anna innom eit fuktig og frodig brakkmarksområde. Dette området er ein viktig hekkelokalitet for blant anna grashoppesongar. Det meste tyder også på at der tidligare har hekka åkerrikse. Lokalieten er også ein viktig område for fuglar på trekk...

Grei uttelling...
I det eg kryssa det nemnte brakkmarksområdet for å kome meg ut til jorda lenger vest på øya skremte eg opp ei åkerrikse som rasta der. Og etter å ha gått og vasa på jorda lenger vest på øya utan å sjå noko spennande i det heile tatt, gikk eg igjen tilbake gjennom det samme området. Denne gongen skremte eg opp ein dobbeltbekkasin. (seinsommarens/hausten 2-3 dobbeltbekkasin) Etter at eg skremte opp bekkasinen vart eg virkelig gira. Og etter å ha trakka i området på kryss og tvers i nye 20 min. hadde eg skremt opp ei vannrikse, og ei åkerrikse. Den siste åkerriksa var muligens den andre for dagen. Sånn sett i ettertid med fleire rikser og nok ein dobbeltbekkasin, så må eg innrømme at eg fikk ei grei uttelling for strevet...

Det kan også nemnast at det vart sett 2-3 1K grashoppesongarar i vika på sørsida av Voksa denne dagen.
Her ser du brakkmarksomådet på Voksa. (nesten midt i bildet)
Voksa, september 2014

Hauksongarar i fleng...
Dagen etter, altså den 6.september vart årets store hauksongardag. I løpet av dagen vart det sett ikkje mindre enn tre hauksongarar. Fordelt på ein i Våge på Sandøya og to på Voksa. Dette vart då funn nr. tre, fire og fem av arten på øyane. Ellers så vart det også sett ein svartkvit flugesnappar på Sandsøya.

Så vart det igjen stille nokre dagar... Ein 1K grashoppesongar den 8.september, samt ein hauksongar den 10. og 12.september, alle på Voksa, var egentleg det som var verdt å nemne. (Hauksongaren som vart sett den 10. og 12.september var muligens den samme som vart sett der første gong den 6.september)

Den neste observasjonen som stakk seg ut var fylkets første gulbrynsongar for sesongen. Den vart sett på Voksa den 15.september. Det var faktisk berre den 6-7 gulbrynsongaren som hadde blitt sett i Norge denne hausten. No er det selvølgelig mange, mange fleire. Etter gulbrynsongaren så var det den 16.september igjen klart for nok ein ny hauksongar på Voksa. Dette vart då minimum det fjerde funnet av arten så langt i haust.

Hauksongar 1K, Voksa 16.september 2014
Hauksongaren er ein årlig trekkgjest. Det er også muligens ein liten
hekkebestand heilt søraust i landet. For å finne arten ellers så må ein
lenger aust i Europa. 

Ny art for øyane...
Etter ein del dagar med hauksongarar så var eg gira på å finne noko anna spennande. Den 18.september starta eg dagen med å ringmerke granmeis ved huset der eg bur på Støyle på Sandsøya. Det er nemleg invasjon av granmeis i år. Ja, det er granmeis over alt.

Granmeis 1K, Støyle, Sandsøya 18.september 2014

I det eg holdt på med granmeisene så kom det flygande over ein langstrakt fugl, med lag stjert. Eg tenkte umiddelbart på ein sylvia-songar, meir spesifikt ein hauksongar. Så eg gikk i retninga dit fuglen flaug, nemleg til naboens hage. Der såg eg ved første augekast berre meiser og ein gransongar. Etter å ha stått der ei stund og sett på det som bevega seg, såg eg plutselig ein liten fugl som for og spratt rundt i ein ripsbærbusk. Det tok ikkje mange tusendelane før eg såg kva slags art det var snakk om. Den vesle fuglen var nemleg øyane sin første dvergspurv! Dvergspurven er her til lands berre påvist hekkande i Aust-Finnmark, men den er årlig ein trekkgjest lenger sør i landet. Den overvintrar i Søraust-Asia.

På kvelden vart øyane si andre vannrikse denne hausten skremt opp på sørsida av Voksa.

Dvergspurv 1K+, Støyle, Sandsøya 18.september 2014


Trekkgjest frå Sibir...
I forgårsgår den 19.september starta dagen med at det blei sett og høyrd 2-3 gulbrynsongarar på Støyle på Sandsøya. Dermed er totalen så langt i haust på 3-4 ind. Gulbrynsongaren er ein sibirsk trekkgjest som opptrer i relativt bra antall langs norskekysten på hausttrekket. Den overvintrar normalt i Søraust-Asia.

Gulbrynsongar 1K+, Støyle, Sandsøya 19.september 2014

Seinare på dagen så blei utallige hagar sjekka både på Sandsøya og Voksa, dessverre utan at det gav noko særlig resultat. Det beste utanom gulbrynsongarane vart faktisk øyane sin første pilfink. Den vart sett overflygane med lyd på Voksa.

Medrekna pilfinken frå i forgårs, så har eg då fått tre nye artar for Sandsøya og Voksa denne seinsommaren/husten. Med Rosenvarslar, dvergspurv og pilfink så har eg no endelig bikka 220 artar observert på øyane. Og fleire skal det bli!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar