Juni blei prega av feltarbeid på Runde. I tillegg til det så greidde eg også å få følgt opp mine eigne prosjekt på grashoppesongar og svartstrupe. Etter at alt dette var unnagjort var det heller lite tid til overs. Med lite tid til anna enn å følge opp dei forskjellige prosjekta, så blei det ikkje noko særlig satsing på sjeldenheiter i juni. Men er ein utandørs og samtidig har med seg både auger og øyrer, kan ein kome over litt av kvart. Den 5. juni hadde eg vore på mi faste runde for å følge med på svartstrupene på Sandsøya. Då eg kom heim igjen (Støyle, Sandsøya) og parkerte bilen, vart eg etter ei lita stund obs på ein fugl som for og spratt rundt på gårdsvegen på tunet heime. Etter å ha fått satt kikkeren på den såg eg med ein gong at det var snakk om øyane si første DVERGLERKE! For å få sett denne arten må ein normalt til Sør-Europa, der den hekkar, men særlig vår og haust så kan det dukke opp dverglerker også i Norge. Dverglerka er tilpassa ei tørt og karrig landskap, enten i kulturlandskapet, eller på naturlige tørre sletter. Når dei dukkar opp i Norge så finn ein dei ofte i kultrulandskapet, då gjerne på svartjorder, samt på og ved grusvegar. Dei foretrekker også strender og strandenger. (Den vart faktisk påvist hekkande så langt nord som i Danmark i fjor) Dagen etter eg såg dverglerka på Støyle på Sandsøya såg eg på nytt ei dverglerke, denne gongen på Voksa. Høgst sannsynlig så var det snakk om den same fuglen som eg såg dagen i forvegen.
Dverglerke 2K+, Støyle, Sandsøya 5. juni 2015 |
Eit par dagar etter at dverglerka var i boks vart det sett ei ringgås på Sandsøya. Ringgåsa var den samme som blei observert på den samme staden den 27. april. Fuglen høyrer til den austlige underarten bernicla som hekkar på tundraen i Russland.
Ringgås ua. bernicla 2K+, Bringsvor, Sandsøya 7. juni 2015 |
Går vi så vidare nokre dagar fram i tid, nærmare bestemt til den 12. juni, så fikk eg endelig enda ein etterlengta art på artslista til Sandsøya og Voksa. Denne gongen var det snakk om ein liten rovfugl, nærmare bestemt ein lerkefalk. Denne vart oppdaga då eg skulle gå til ein stad eg kunne få innsyn til eit av svartstrupereira i Sandsvågen. På vegen dit kom lerkefalken flygande rett over hovudet mitt på ca. 15 meters hold. Det vil seie at draktkarakterar som raudlige "bukser"og undergump, samt kraftig streka bryst og kroppssider, lett var synlig. Lerkefalken er ein sjelden gjest i M&R. I Norge hekkar den på søraustlandet. Per 2008 var det estimert ein stad mellom 150-250 par innan for landets grenser.
Endelig!!
Men den virkelige godbiten i juni kom først den påfølgande natta. For natt til den 13. juni, på mi nattlige lytterunde, kom eg over M&R sin fjerde SUMPSONGAR!! Songaren satt då og song sporadisk på austsida av Voksa. Med eit forferdelig ver med temperaturar ned i 5-6 grader celsius og konstante regnbyger frå nordvest, var det ikkje rart at den ikkje satt og song for full hals. Som nemnt over så har sumpsongar berre vore påvist tre gongar tidligare her i fylket. To gongar på Smøla, dette henholdsvis i 1995 og 2014, samt ein gong på Male i Fræna kommune, dette i 2013.
Sumpsongaren høyrer til locustella-slekta. Det er denne slekta grashoppesongaren også høyrer til. I tillegg til grashoppesongarane så høyrer også elvesongaren til dennne slekta med songarar. Dermed blei dette den tredje locustella-arten som har blitt observert på Sandsøya og Voksa.
Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015 |
Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015 |
Her er eit lydopptak som blei tatt av songaren den 20. juni, ei veke etter at den først vart høyrd på Voksa.
Den 20. juni lukkast det også å få den ringmerkt. Fuglen hadde meget slitte sving- og stjertfjører, noko som tyder på at det er snakk om ein 2K-fugl, altså ein fugl som blei klekt i 2014.
Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015 |
Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015 |
Sumpsongar 2K+ M, Voksa 20. juni 2015 Fine og gyllne undre stjertdekkfjører utan klare lyse bremmar. Klassisk sumpsongar! |
Det er ikkje årlig det blir observert sumpsongarar her til lands. Fuglen på Voksa blei faktisk den første i Norge i 2015. I Danmark og Sør-Sverige er sumpsongaren ein svært sjelden hekkefugl. I Norge derimot, har den har aldri blitt påvist hekkande. Sumpsongaren er knytta til åpent vatn med takrørskogar. Den kan også hekke i anna type vegetasjon, men takrør er den mest foretrukne. Songaren på Voksa satt ikkje akkurat på ein lokalitet med klassisk habitat. Den satt nemlig i eit området utan åpent vatn, og med for det meste strandrør, hundekjeks og høymoler. Dette er ein heller klassisk lokalitet for grashoppesongarar. Faktisk så ringmerkte eg ein grashoppesongar i det same området i midten av mai, men denne flytta seg vidare på øya etter merking, og var ikkje der då sumpsongaren dukka opp.
Her er eit bilde som viser området der sumsongaren held til.
Ny grashoppesongar
Når eg først er inne på grashoppesongarar, så kan eg no nemne at songaren som eg merke på den samme lokaliteten som der sumpsongaren slo seg ned, flytta seg 200-300 meter mot vest. Der satt den og song til den 18. juni. Frå bilvegen kunne eg då høyre både grashoppesongaren og sumpsongaren synge samtidig, noko som gav eit veldig godt grunnlag for samanlikning av songen til dei to locustella-artane.
Ellers så fikk eg lytta etter nattsongarar på Remøya natt til den 22. juni. Det resulterte i årets 13. grashoppesongar på Søre-Sunnmøre. Under kan du sjå eit bilde av fuglen frå då den blei ringmerkt.
Grashoppesongar 2K+ M, Remøy, Remøya 22. juni 2015
|
Feilsyngande åkerrikse
Når vi først er inne på nattsongarar, så må eg no også ta med åkerriksa som vart oppdaga på Voksa den 29. juni. Denne åkerriksa var ein smule feilsynande, og eg må innrømme at då eg høyrde den på langt hold, med ein gong ikkje heilt skjønte kva det var. Men etter nokre sekund gikk det opp eit lys, det måtte sjølvsagt vere ei åkerrikse... Dette vart då den tredje åkerriksa som blei observert her i fylket i 2015. Tidligare så vart der høyrd ei på Ona på Romsdalskysten, samt ei ved Myklebustvatnet i Herøy.
Her er eit opptak av songen til riksa frå Voksa.
Svartstruper
I år har eg to og eit halvt svartstrupepar på Sandsøya. Det vil seie at eg har eit par med ein hann og ein hofugl, samt eit par med ein hann og to hoer. Desse hadde før juni var over fått 11 ungar på vingene seg i mellom. Dette talet kunne vore betydelig høgre. To av reira blei dessverre predatert før ungane hadde blitt flygedyktige. I det eine av dei to kulla var det fem ungar. Kva som var i det andre veit eg ikkje. Det kullet blei nemlig tatt då ungane var berre eit par dagar gamle, altså før eg hadde sjekka reiret og ringmerkt dei. Dette er dessverre ein heilt normal del av naturen, sølv om det sjølvsagt aldri er kjekt at reira til fuglane du følger svært tett blir plyndra. (Eit fyldig samandrag av svartstrupesesongen 2015 vil eg kome tilbake med på slutten av året)
Her er nokre bilder av svartstrupene i juni.
Svartstrupe 3K+ M, Sandsvågen, Sandsøya 15. juni 2015 Det er denne hannen som i år har to hoer i Sandsvågen. |
Svartstruper, Sandsvågen, Sandsøya 15. juni 2015 Her matar hannen på ein av ungane som kjem frå kull nr. to som han hadde i lag med den o |
Eit bra år for lundane...
2015 ser ut til å bli eit bra år for lundane på Runde. Dei ber rikelig med mat, og veks som berre det! I juni var det for eksempel ein unge som bort i mot tredobla(!) vekta si i løpet av 10 dagar. Ein slik vekst viser at vekstvilkåra har vore perfekte. Lundefuglane har i år bert for det meste fisk frå torskefisk-familien. Altså fiskeyngel av hyse, torsk, sei, hvitting og den gjengen. Dei har også blitt sett berande sild/sil, men det har vore svært, svært få å sjå av den sorten.
Her er tre bilder frå siste halvdel av juni av lundar som ber fisk. Som dykk kan sjå så er det ingenting i vegen med størrelsen på fiskane dei kjem inn med.
Lunde ad., Runde 21. juni 2015 |
Lunde ad., Runde 21. juni 2015 |
Lunde ad., Runde 21. juni 2015 |
Ei fyldig oppsummering av 2015-sesongen på Runde vil eg kom tilbake med etter kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar