tirsdag 1. desember 2015

ROSENVARSLAR og polarsvømmesnipe m.m. på Sandsøya/Voksa, 24.09.-18.11.15

Denne hausten blei det aldri den harde trakkinga i felt som det har vore tidligare år. Eg har prioritert måsar, samt å følge opp svartstrupeprosjektet mitt. Eg har rett og slett mangla motivasjonen til å gå kilometer på kilometer på leiting etter sjeldenheiter. For tida så er svartstrupene det eg fin mest interessant på fuglefronten. Og skal ein ha eit prosjekt på ein art så må det jo gjennomførast 110%. Ellers så kan ein jo like god la det være... Men det å ha eit prosjekt og å satse på ein art, vil ikkje seie at ein ikkje kjem over sjeldne fuglar. Den sjeldnaste fuglen i denne perioden kom eg faktisk over på ei av mine mange runder rundt på øyane for å følge med på, ja nettopp, svartstrupene.

Første novemberfunn...
Den sjeldnaste fuglen i september (siste halvdel), oktober og november på Sandsøya og Voksa, var øyane sin andre ROSENVARSLAR. Den vart oppdaga i Våge på Sandsøya den 4. november, og holdt seg på staden t.o.m. den 6. november. Denne rosenvarslaren utgjorde det femte funnet av arten i M&R. I fjor hadde eg den fjerde for fylket. Det vart nemlig sett ein voksen rosenvarslarhann på Voksa i månadsskiftet august-september. Årets varslar var også ein voksen fugl, men denne gongen var det snakk om ei hoe. Rosenvarslaren finn vi nærmast oss i sør og søraust-Europa i land som Frankrike (sør), Sveits, Austerrike, Tsjekkia, Italia osv. Der hekkar dei i ope terreng av varierte typer, med innslag av trær og busker. Dei overvintrar heilt sør i tropisk Afrika.

I haust blei det rapportert heile seks rosenvarslarar her til lands. I tillegg til min så vart det sett ein i Nordland (1K), ein i Nord-Trøndelag (1K) og tre i Sør-Trøndelag (2 1K og 2K+).

Tidligare så var det verken november eller desemberfunn av rosenvarslar i Norge. Men i og med at fuglen i Våge vart sett frå den 4. t.o.m. den 6. november, så vart då dette det første novemberfunnet, og også det seinaste haustfunnet av arten i Norge nokon gong.

Det som skiller rosenvarslaren frå vår varslar, som hekkar i Norge, er ein proporsjonalt kortare stjert, lenger håndsvingfjørprojeksjon, meir kvitt på stjertsider, større kvit håndbasisflekk, innslag av rosa på bryst, kroppsider og buk, (dette gjeld vokse fuglar), den svarte ansiktsmaska går langt opp i panna (dette gjeld vokse fuglar), og den har eit kraftigare hovud og nebb. Størrelsesmessig så er rosenvarslaren i gjennomsnitt ein god del mindre enn ein varslar, men ei lita varslarhoe og ein stor rosenvarslarhann vil nok kunne overlappe i størrelse.

Når det gjeld rosenvarslaren i Våge, så var det etter alle solemerker ein hofugl. Veldig mykje grått innslag i panna, og også den vesle størrelsen, peikar eintydig i den retning.

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 4. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015

Rosenvarslar 2K+ F, Våge, Sandsøya 5. november 2015


Rosenvarslaren i Våge vart oppdaga sittande i ein rogn ved eit beite der det inntil eit par dagar før hadde gått kyr. Der var det rikelig med kuskit og dermed rikelig med insekt. Dei to siste dagane den holdt seg i Våge flytta den seg nokre timeter mot vest, over på eit beite der deg gikk sau. Der også var det rikelig med oppgjødsling, og dermed også tilsvarande mykje insekt. Begge plassane var perfekte for ein insektspesialist. Under ser du området der den holdt til frå lufta.

Våge på Sandsøya med Sandsvågen heilt til høgre i bildet.
Det var her ca. midt i bildet rosenvarslaren hold seg dei tre dagane han
vart sett.


Andre observasjonar...
Men det var ikkje berre rosenvarslaren som blei sett i perioda frå den 24. september, då eg kom igjen frå Ona, og fram til og med den 18. november. I løpet av desse nesten to månadane så blei det observert artar som vannrikse, polarmåse (2), tartarpiplerke (2), gulbrynsongar (4) og stillits (ca. 5). I midten av oktober vart det også sett ein varslar i Sandsvågen på Sandsøya. 

Varslar 2K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 16. oktober 2015

Varslar 2K+ F, Sandsvågen, Sandsøya 16. oktober 2015


Går vi så vidare, så vart det i starten på november sett 2-3 myrhaukar på Sandsøya, alle 1K fuglar. Den siste dagen rosenvarslaren blei sett, altså den 6. november, så vart det sett to myrhaukar i Våge som jakta i lag ei lita stund.
Myrhauk 1K, Våge, Sandsøya 6. november 2015


Den 13. november fikk eg så ein ny art for øyane. Denne gongen var det snakk den høgarktiske vadefuglen polarsvømmesnipe. Den låg mellom alle måsane på Sandshamn på Sandsøya då eg skulle sjå gjennom dei. Hos oss hekkar den på Bjørnøya og på Svalbard, men særlig på hausttrekket så blir enkelte fuglar sett langs kysten, ofte i kombinasjon med kraftig pålandsvind. Denne pelagiske arten som held til på havet utanom hekkesesongen, overvintarar i den topiske delen av Atlanterhavet utanfor vest-kysten på Afrika.

Polarsvømmesnipe 1K, Sandshamn, Sandsøya 13. november 2015


Nokre dagar seinare, nærmare bestemt den 18. november, gikk eg store delar av fjøresona rundt Sandsøya på leiting etter overvintrande svartstruper. Eg har konstatert at det er minst fire forskjellige svartstrupepar som overvintrar på øya, muligens fem. Denne dagen kom eg derimot ikkje over ei einaste svartstrupe. I staden for svartstruper så kom eg over ei heilt kaldt farga 1K gulerle med sitronerlelik lyd, i ein tarevoll heilt nordvest på øya. Kombinasjonen med heilt kald farga fjørdrakt, utan uprega gult innslag, og også ein sitronerlelik lyd, tyder på at fuglen har eit austlig opphav. Fuglar av austlige og sør-/søraustlige underartar har ofte ei kaldare fjørdrakt i sin første vinter enn det våre vestlige underartar har. Det i kombinasjon med den sitronerlelike lokkelyden gjer at det mest sannsynlig ikkje er snakk om ein av våre vestlige typer (flava, flavissima, thunbergi), men heller ein av underartane som har eit utbredelsesområde som ligg sør og/eller aust for desse.

Antatt austlig gulerle 1K, Hellandsvågane, Sandsøya 18. november 2015


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar